Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.
Vietnamkrigen er ei nemning påkrigshandlingar iVietnam frå1956 eller 1959;[5][6] Nokre av handlingane i den krigen, skjedde i Laos og Kambodsja. Sør-Vietnam vart erobra av Nord-Vietnam i 1975, og krigen vart slutt.
Nasjonar som tok soldater til Vietnam for å støtta Sør-Vietnam, varSambandsstatane (USA), Sør-Korea,Thailand,Filippinane,New Zealand,Australia,Taiwan og Noreg (som uoffisielt bidrog med tenestemenn fra sine væpna styrkar[1][2][7].
Kina, Sovjetunionen og Nord-Korea gav militær støtte til Nord-Vietnam.
Talet på drepne i Vietnamkrigen er omstridd. Dei sivile tapa er ofte anslått for å vere mellom 1 og 2 millionar iVietnam og mellom 320 000 og 950 000 iKambodsja ogLaos.Borgarkrigen i Laos var i gang før Vietnamkrigen; under delar av borgarkrigstida der - fans òg einstedfortreder-krig i Laos (blant anna mellom Vietnam og USA), som er rekna som ein del av Vietnamkrigen. Nokre kjelder skriv at Vietnamkrigen spreidde seg til Kambodsja.
Dokker av Charles de Gaulle og Ho Chi Minh blir hengde iSaigon i juli 1954
I Vietnam er krigen kjend somden amerikanske krigen,motstandskrigen mot amerikanarane (vietnamesisk: Kháng chiến chống Mỹ),den amerikanske krigen, eller Vietnam-krigen (Chiến tranh Việt Nam), ellerChiến Tranh Chống Mỹ Cứu Nước.
Vietnamkrigen hadde bakgrunn i den såkallaIndokinakrigen frå1946 til1954.Ho Chi Minh erklærte landet sjølvstendig fråFrankrike den2. september1945, men frigjeringskampane pågjekk fram til 1954. Vietnam fekk sjølvstende, men vart delt langs den 17. breiddegraden.
Fredsforhandlingane gjekk føre seg iGeneve. I fylgje Geneve-avtala skulle det haldast fritt val innan to år. I samband med valet var det tenkt at landet skulle sameinast. Det vart rekna med atHo Chi Minh og rørslaViet Minh ville vinna eit slikt val. USA støtta opprusting av ein sør-vietnamesisk hær som skulle kunna ta herredømet i landet med makt. I1959 oppretta den sør-vietnamesiske presidentenNgo Dinh Diem ein komité som etter deira syn skulle syrgja for å frigjera Nord-Vietnam. For USA var det viktig underden kalde krigen å hindra at eit strategisk land iAsia vart kommunistisk og allierte seg medSovjetunionen.
Nord-Vietnam vart kommunistisk styrt under leiing av Ho Chi Minh. Sør-Vietnam orienterte seg mot USA.Ngo Dinh Diem vart i sør president forRepublikken Vietnam i oktober1955. Regimet i sør var ført upopulært på grunn av mellom annakorrupsjon. Diem svara på protestane medterror. Tusental menneske vart drepne eller fengsla. Som ein reaksjon på utviklinga i sør vart privat eigedom konfiskert i nord. Ein byråkratisk styrt kommandoøkonomi vart oppretta. Nord-Vietnam stødde etter kvart opp om å oppretta ein nasjonal frigjeringsfront i sør. Frigjeringsfronten vart kalla FNL etter forkortinga av namnet påfransk språk(Front National de Liberation).
USA sende militære rådgjevarar som skulle hjelpa Sør-Vietnam. Rådgjevarane vart etter kvart mange, og dei vart med i kampar mot geriljastyrkar. Mot slutten av1961 fanst det 1 500 amerikanske soldatar i Vietnam, eitt år seinare nær 10000. I 1963 vart Diem avsett, men regimet i sør vart stendig svakare.
Borgarkrig i Laos (frå 1953)
Borgarkrigen i Laos starta den 9. november 1953 (og nokre reknar dette som starten på denandre indokinesiske krig). Borgarkrigan vart (etterkvart) ein del av Vietnamkrigen; væpna styrker frå utlandet kjempa i Laos, til dels i einstedfortrederkrig.
Kva tid krigen starta, er omstridd. Hendingar nemnde som starten, er
desember 1956, då tyresmaktene i Nord-Vietnam autoriserte at Viet Cong-styrkar i Sør-Vietnam kunne gjere opprør mot styresmaktene i sør.[5]
26. september 1959, då det fyrste slaget mellom Viet Cong og hæren til Sør-Vietnam fann stad.[6]
I1964 vart krigshandlingane trappa kraftig opp. Den4. august1964 skal nokre torpedobåtar frå Nord-Vietnam ha gått til åtak på amerikanske krigsfartøy i internasjonalt farvatn. I fylgje USA fann åtaket stad iTonkinbukta.Den amerikanske kongressen godkjende7. august den såkalla Tonkinresolusjonen. Som følgje av vedtaket, fekk presidenten fullmakt til å gjera dei tiltaka han fann naudsynte. PresidentJohnson lét Nord-Vietnam verta bomba, og andre krigshandlingar vart trappa opp.
Amerikanske styrkar i 1966.Helikopter vart mykje nytta til transport
USA vart etter kvart med i ein utmattings- oggeriljakrig mot den nord-vietnamesiske hæren. I tillegg kom den sør-vietnamesiske geriljarørsla til FNL, av motstandarane kallaViet Cong (Viet Nam Cong San, «vietnamesiske kommunistar»).
I byrjinga av 1968 var det nær ein halv million amerikanske soldatar i Vietnam. I tillegg kom meir enn 600 000 mann i hæren til Sør-Vietnam og fleire tusen soldatar fråSør-Korea,Thailand,Australia ogFilippinane. Massive bombetokt vart nytta for å utsletta fienden. I tillegg nytta ein stoff somnapalm[8] og andrekjemiske stoff, somAgent Orange, for å fjerna lauv i skogsområde.[9]
Skogane og landsbygda var område som for ein stor del var kontrollert av geriljaen. Trass i stortteknologisk overtak klarte ikkje USA å setja geriljaen ut av spel. Nord-Vietnam og geriljaen klarte ved fleire høve å slå attende og organiserte mot-offensivar. Det synte seg at styresmaktene i sør i røynda hadde liten stønad i folket.
Etter som dei amerikanske tapa voks, vart antikrigsrørsla i USA sterkare. Dei amerikanske presidentane fekk eit stendig sterkare press mot seg med krav om å få ein slutt på krigen.
I byrjinga av1973, etter fleire år med forhandling, gjekk USA til slutt med på ei avtale omvåpenkvile. Nokre månader etterpå reiste dei fleste amerikanske soldatane. Våpenkvila braut snart saman og krigen i Sør-Vietnam tok til att. Kampmoralen til Sør-Vietnam sine styrkar og styresmakter synte seg å vera låg.
12Origins of the Insurgency in South Vietnam, 1954–1960, The Pentagon Papers (Gravel Edition), Volume 1, Chapter 5, (Boston: Beacon Press, 1971), Section 3, pp. 314–46; International Relations Department, Mount Holyoke College.
Olson, James S.; Roberts, Randy (2008). Where the Domino Fell: America and Vietnam, Where the Domino Fell: America and Vietnam 1945–1995 (5th ed.). Malden, Massachusetts: Blackwell Publishing.ISBN 978-1405182225.