Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Vichy-regimet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkelen er ein del av serien
Fransk historie

Vichy-regimet varstyresmakta som styrte delar avFrankrike underandre verdskrigen. Regjeringa under leiing av marskalkPhilippe Pétain kontrollerte dei sørlege delane av Frankrike og deifranske koloniane i tida frå10. juli1940 tilaugust1944.

Den22. juni1940 signerte Frankrike eivåpenkvileavtale med tyskarane, og områda som ikkje var okkupert avNazi-Tyskland fekk tilnamnet Vichy-Frankrike (formelt kalla dei seg "État Français" i motsetnad til det tradisjonelle namnet "République Française").Vichy idepartementetPuy-de-Dôme vart vald til hovudstad sidan han låg relativt nærParis (4,5 time medtog) og hadde den største hotellkapasiteten i landet på den tida. I tillegg hadde byen eit svært modernetelefonsamband, som gjorde det mogeleg å nå heile verda.

Bakgrunn

[endre |endre wikiteksten]

Etter at Frankrike saman medStorbritannia erklærte krig motTyskland og deretter leid store nederlag, var landet i ein vanskelegpolitisk ogmilitært situasjon.I hovudsak fanst to politiske standpunkt – dei som ynsktevåpenkvile og dei som ynskte å halda fram kampen, mellom anna ved å henta ressursar fråAlgerie og dei andrekoloniane.

Forkjemparane for våpenkvile, mellom anna generalMaxime Weygand, marskalkHenri Philippe Pétain i tillegg til politikaranePierre Laval ogFrançois Darlan, hadde størst oppslutnad.

RegeringssjefenPaul Reynaud valde å gå av den16. juni1940, og Frankrike sin presidentAlbert Lebrun utpeika Philippe Pétain som etterfølgaren hans. Pétain var ein av Frankrike sine mest feira krigsheltar fråførste verdskrigen. Dagen etter erklærte Pétain at Frankrike skulle innstilla krigshandlingane. Nasjonalforsamlinga flytta fråParis til Vichy, som låg i den ikkje-okkuperte sona, og som kunne innlosjera eit stort tal personar.

GeneralCharles de Gaulle flykta tilLondon, der han vart sentral i motstandskampen. Allereie den18. juni1940 tala de Gaulle iBBC sine franskspråklege sendingar, og stilte seg i spissen for det han kalla eit fritt Frankrike (France Libre). Han oppmoda landsmennene sine til å halda fram med kampen:«Uansett kva som skjer, må ikkje elden til den franske motstandskampen sløkkja».

Våpenkvile

[endre |endre wikiteksten]
Det raude området vart okkupert av Tyskland, det grøne vart styrt av Vichy-regimet
I operaen i Vichy gjorde parlamentet iden tredje franske republikken vedtak om å overføra makta til marskalk Pétain den 10. juli 1940

Den22. juni1940 skreiv den franske delegasjonen under på avtala om våpenkvile, men dei måtte gå med på harde vilkår. Avtalen innebar at kring 3/5 av Frankrike skulle vera under tysk militær okkupasjon så lenge den pågåande krigen varte.

Spire
Dennehistorieartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Vichy-regimet&oldid=3184496»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp