Vestkystrap | |||
![]() | |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Seint 1970-tal iLos Angeles iCalifornia i USA | ||
Blandingssjangrar | |||
Andre emne | |||
Vestkystrap er ei form forhiphopmusikk frå vestkysten avUSA, og då hovudsaklegCalifornia. Stilistisk delar han seg i to hovudbolkar,gangsta-rap (medg-funk oghyphy som viktige subsjangrar) ogundergrunnsrap. Gangsta-rappen her skil seg fråaustkyst-gangsta-rappen med at det ofte er mindre kompleksrapping, tungtfunk-inspirert og oftesynthbasert produksjon og jamt over meir avslappa stemning. Undergrunnsscena her ligg nærare austkysten med mykje såkalla kreativsampling og meir kompleks rapping.
I dei seinare åra har rolla vestkysten tradisjonelt har hatt i hiphop vorte overteken avSørstatane.
Too $hort var den første store vestkystrapparen. Han tok til å rappa i 1981, og gav ut tre album på uavhengige plateselskap før han gjekk platina (1 million selde plater) medBorn to mack i 1988. Stilen hans vert kjenneteikna av seksuelt eksplisitte tekstar som særs mange meiner er kvinneundertrykkjande.
Midtvegs på 80-talet tok vestkystrappen to hovudretningar,electro-hop oggangsta-rap. Electro-hoppen var lettbeint dansemusikk i grenselandet mellom hiphop og tekno, medan gangsta-rappen var røyndomsskildringar frå gatemiljøa, som særleg iLos Angeles var prega av konflikten mellom dei to gjenganeBloods ogCrips. Ein sentral figur i begge retningane var produsenten og rapparenDr. Dre, som var med i dei leiande gruppeneWorld Class Wreckin' Cru (electro-hop) ogN.W.A (Niggaz With Attitude, gangsta-rap). Electro-hoppen døydde likevel fort ut.
N.W.A var, saman med m.a.Ice-T,Above the Law ogCompton's most wanted pionerar innanfor gangsta-rappen. Dei fem medlemmane kalla segEazy E,Ice Cube,Dr. Dre,MC Ren ogDJ Yella, og var saman kanskje den mest innflytnadsrike gruppa innanfor hiphoppen. På grunn av dårlege kontraktar gjekk bandet i oppløysing etter få år, men fleire av medlemmane fekk suksessfulle solokarrierar.
Ice Cube forlet gruppa først, i 1990, og starta ein vestkystversjon av denpolitiske rappenPublic Enemy ogKRS one dreiv med på austkysten, i tett samarbeid med førstnemnde. Seinare vart rolla som vestkystens viktigaste politiske rappar teke over avParis.
Dr. Dre forlet gruppa året etter, og starta oppDeath Row Records saman med livvakta siSuge Knight. Her skapte han med albumet «The Chronic» ein ny sound, den såkalla gangster-funken ellerg-funken. I tillegg til Dre sjølv var artistar somSnoop Doggy Dogg (seinare berreSnoop Dogg),Tha Dogg Pound,Warren G ogNate Dogg sentrale i denne rørsla.
Eit mellomledd mellom desse to retningane varDigital Underground-medlemen2Pac, som på same måte som Ice Cube kombinerte gangster-mentalitet med politisk medvit. Han enda opp påDeath Row Records i 1995, og døydde året etter då han vart skoten iLas Vegas. Det er omtrent på denne tida vestkystrappen si stordomstid er over, då Death Row Records heldt på å gå i oppløysing.
Det er òg no skiljet mellom gangsta-rappen og undergrunnsrappen tek form. Ei bølgje av uavhengigeLos Angeles-plateselskap gjev ut musikk med artistar somBlackalicious,Jurassic 5,The Coup,Zion I ogDilated Peoples. Likevel heldt gangsta-rappen seg som den dominerande subsjangeren.
No om dagen opplever vestkystrappen ein renessanse, salstalsmessig medCompton-rapparenThe Game (som vert produsert avDr. Dre),E-40,Ice Cube ogTha Dogg Pound og musikalsk medHyphy-bølgja til m.a.Keak da Sneak,Rick Rock &The Federation ogE-40. Dette kjem sannsynlegvis av ei rekke personar (ikkje minstSnoop Dogg) sin innsats og arbeid for å samla kysten og skapa einskap.