Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Vestbreidda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestbreidda
region
Land Israel, Palestina
Del avPalestina, Dei palestinske territoria, Israels okkuperte områder, Midtausten, Vest-Asia
Areal5 860 km²
Folketal 2 881 687(2017)
Kart
Vestbreidda
32°00′N35°21′E / 32°N 35.35°E /32; 35.35
Wikimedia Commons: West Bank
Kart over Vestbreidda (lyst område)

Vestbreidda (arabisk الضفة الغربيةaḍ-Ḍaffah l-Ġarbiyyah,hebraisk הגדה המערבית,HaGadah HaMa'aravit, òghebraisk יהודה ושומרוןYehuda ve-Shomron (Judea og Samaria)[1][2]) ellerCisjordan er eit landområde nærmiddelhavskysten iVest-Asia som utgjer størstedelen avDei palestinske territoria. Vestbreidda deler grense (fastsett ivåpenkvileavtalen i 1949 mellomJordan ogIsrael) i vest, nord og sør med statenIsrael, og i aust, på andre sida avJordanelva, medJordan. Vestbreidda har òg ei lengre kystlinje langs vestsida avDaudehavet.[3] I følgjeDen internasjonale straffedomstolen endrar ingen avtalar mellom Israel og dei palestinsk styresmaktene sidan 1993 på at desse territoria, inkludert Aust-Jerusalem, framleis er «okkupert territorium» med Israel som «den okkuperande makta».[4]

Vestbreidda medAust-Jerusalem dekkjer eit landområde på 5 640 km² og 220 km² vatn, den nordvestlege delen av Daudehavet.[3] Det er estimert at folketalet er 2 676 740 (juli 2013).[3] Meir enn 80 %, kring 2 100 000,[3] erpalestinske arabarar, og kring 500 000 erjødiske israelarar som bur på Vestbreidda,[3] av desse kring 192 000 i Aust-Jerusalem,[5] iisraelske busetjingar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som ulovlege etterfolkeretten, medan Israel hevdar å ha retten på si side.[6][7][8][9]

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Vestbreidda

[endre |endre wikiteksten]

Namnet «Vestbreidda» er ei omsetjing av det arabiske uttrykketad-Daffa al-gharbiya,[10] om området vest forJordanelva som i 1948 vart okkupert og administrert avJordan. Jordan hevda dei hadde annektert området i 1950.[11] Namnet vart vald for å skilje vestbreidda av Jordanelva frå «Austbreidda» av elva.

Cisjordan

[endre |endre wikiteksten]

Det nylatinske namnetCisjordan ellerCis-Jordan (tyder «på denne sida av Jordanelva») er det vanlege namnet på området påromanske språk. NamnetVestbreidda og omsetjingar av dette er det vanlege namnet på dette geopolitiske området på somme andre germanske språk, som til dømes engelsk.

Stundom vert «Cisjordan» nytta om heile området mellomJordanelva og Middelhavet, særleg i historisk samanheng i Det britiskePalestinamandatet og tidlegare tider. Det analogeTransjordan (som tyder «på den andre sida av Jordanelva») har historisk vorte nytta om området som i dag omtrent utgjer staten Jordan, aust for Jordanelva.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Frå 1517 til 1917 var området som no er Vestbreidda ein del avDet osmanske riket og provinsenSyria.

1900-talet

[endre |endre wikiteksten]

UnderSan Remo-konferansen i 1920 tildeltedei allierte stormaktene (Frankrike, Storbritannia, USA, etc.) området tilPalestinamandatet (1920–47).Dei sameinte nasjonane (SN) laga eindelingsplan for Palestina i 1947. Planen tilrådde å dele Det britiske mandatet i ein jødisk stat, ein arabisk stat og eininternasjonalt styrt enklave i Jerusalem,[12] og ein større region enn dagens Vestbreidda vart utpeikt til ein arabisk stat.

Etterden andre verdskrigen vedtokDei sameinte nasjonane ein resolusjon (181) om det framtidige styret til Palestina, med mål om å oprette to statar innafor Palestinamandatet. Resolusjonen utpeikte området kalla «åslandet Samaria og Judea» (inkludert det som no er «Vestbreidda») som ein del av ein føreslått arabisk stat, men etterden arabisk-israelske krigen i 1948 vart dette området erobra av Transjordan (seinare kallaJordan to år etter sjølvstende i 1946). «Vestbreidda» eller «Cisjordan» vart namnet på området vest for Jordanelva, medan «Austbreidda» eller «Transjordan» vart nytta om området aust for elva.

Ivåpenkvileavtalen i 1949 vart Vestbreidda erklært ein del avjordansk territorium og det vart teikna eimellombels grense mellom Israel og Jordan.Jordan styrte over Vestbreidda frå 1948 til 1967, og annekterte området i 1950. Kravet til Jordan over området vart aldri formelt anerkjent av det internasjonale samfunnet, utanom avStorbritannia.[13][14]

Ideen om ein sjølvstendig palestinsk stat vart ikkje teke opp av arabarane som budde der på den tida.Kong Abdullah av Jordan vart krona til konge av Jerusalem og gav dei palestinske arabarane på Vestbreidda og Aust-Jerusalem jordansk borgarskarp.[15]

I 1950-åra var det ein storstraum av palestinske flyktningar og vald i tillegg tilisraelske hemnåtak over «den grøne linja».[treng kjelde]

Israelsk okkupasjon

[endre |endre wikiteksten]

I juni 1967 vart Vestbreidda ogAust-Jerusalem erobra av Israel underseksdagarskrigen. Med unntak av Aust-Jerusalem og det tidlegare israelsk-jordanskeingemannslandet, vart ikkje Vestbreidda annektert av Israel, men har vore underisraelske militær kontroll og vert omtalt somJudea- og Samaria-området av Israel. Sjølv om møtet tilDen arabiske ligaen i 1974 iRabat utpeiktePalestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) som «den einaste legitime representanten for palestinarane», gav ikkje Jordan offisielt opp kravet sitt på området før 1988,[16] då dei braut alle administrative og rettslege band til Vestbreidda og etter kvart tok bort det jordanske borgarskapet til palestinarane på Vestbreidda.[17]

Fram til 1974 kravde Jordan attende kontroll over Vestbreidda.[18] I 1988 annonserte kong Hussein i Jordan «full rettsleg og administrativ lausgjering frå Vestbreidda».[19] Den 28. juli 1988 annonserte kong Hussein at dei ville stoppa eit utviklingsprosjekt på 1,3 milliardar USD for Vestbreidda. Dei neste dagane oppløyste han formelt Parlamentet, og Vestbreidda var ikkje lenger representert i lovgjevinga.[20]

SidanOsloavtalen i 1993 harDen palestinske sjølvstyresmakta offisielt kontrollert eit geografisk usamanhengande område som utgjer kring 11 % av Vestbreidda (kalla Område A) som har vore utsett for israelske streiftog. Område B (kring 28%) er underlagt både israelsk militærkontroll og palestinsk sivil kontroll. Område C (kring 61 %) er under full israelsk kontroll. 164 nasjonar reknar Vestbreidda, inkludertAust-Jerusalem, som «okkupert palestinsk territorium»,[21][22] medan staten Israel insisterer at berre område som vart erobra i krig frå «ein etablert og anerkjend suverenitet» kan reknast som okkupert territorium.[23] Okkupasjonen til Israel av dette territoriet er ikkje anerkjend av noko land. Etterdelinga i 2007 mellomFatah ogHamas, har områda i Vestbreidda underpalestinsk kontroll vore styrt av berre dei palestinske sjølvstyresmaktene, medanGazastripa har vore styrt av Hamas.

Rettsleg status

[endre |endre wikiteksten]

Grenser definert i SN sin delingsplang for Palestina frå 1947:

  Område tildelt ein jødisk stat
    Område tildelt ein arabisk stat
    Planlagdcorpus separatum forJerusalem som ifølgje planen verken skulle vera jødisk eller arabisk

Våpenkviledelelinjene frå 1949 (den grøne linja):

      Israelsk-kontrollert territorium frå 1949
    Egyptisk- og jordansk-kontrollert territorium frå 1948 til 1967

Frå 1517 til 1917 var Vestbreidda ein del avDet osmanske riket. Tyrkia, som var att etter Det osmanske riket,sa frå seg territorialkravet på Vestbreidda i 1923 medLausannetraktaten og området som no vert kalla Vestbreidda vart ein del avPalestinamandatet. I mandatperioden hadde ikkje Storbritannia rett til suverenitet, som vart halde av folket under mandatet.[24] I 1947 tilrådde Generalrådet til SN at området som vart Vestbreidda burde vere ein del av ein framtidig arabisk stat, men dei arabiske statane var i mot dette forslaget på den tida. I 1949 okkuperte Jordan Vestbreidda og annekterte det i 1950, men kravet deira vart aldri godkjent av det internasjonale samfunnet. I 1967 erobra Israel Vestbreidda frå Jordan iseksdagarskrigen. Resolusjon 242 av Tryggingsrådet til SN som følgde etter krigen, bad om tilbaketrekking frå territoria som var okkupert under krigen. Sidan 1979 harTryggingsrådet til Dei sameinte nasjonane,[25]SNs generalforsamling,[21] USA,[26] EU,[27]Den internasjonale straffedomstolen,[28] ogDen internasjonale Raude kross-komiteen[22] refererer til Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som okkupert palestinsk territorium. Generalrådet sin resolusjon 58/292 (17. mai 2004) stadfesta at palestinarane har rett til suverenitet over området.[29]

BådeDen internasjonale straffedomstolen ogHøgsteretten i Israel har kome fram til at statusen til Vestbreidda er militær okkupasjon.[30] I 2004 konkluderte dei rådgjevande domspremissane til Den internasjonale straffedomstolen at:

«Territoria som ligg mellom den grøne linja og den tidlegare austgrensa til Palestina under mandatet, vart okkupert av Israel i 1967 under den væpna konflikten mellom Israel og Jordan. Etter vanleg folkerett, observerer retten at desse derfor var okkuperte territorium der Israel hadde status som okkuperande makt. Påfølgjande hendingar i desse territoria har ikkje gjort noko for å endre denne situasjonen. Retten konkluderer med at alle desse territoria (inkludert Aust-Jerusalem) framleis er okkuperte territorium og at Israel framleis har status som okkuperande makt.[30][31]»

Den utøvande greina av dei israelske styresmaktene, gjennom Utanriksdepartementet, har definert Vestbreidda som eit omstridt område, der statusen berre kan avgjerast gjennom forhandlingar. Departementet seier at okkuperte territorium er territorium erobra i krig frå ein etablert og anerkjendsuveren stat, og at sidan Vestbreidda ikkje var ein lovmessig og anerkjend suverenitet under ein annan stat førseksdagarskrigen, og kan derfor ikkje reknast som okkupert territorium.[23]

Kjennelsen tilDen internasjonale straffedomstolen den 9. juli 2004 avgjorde at Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, er territorium halde av Israel under militær okkupasjon, uavhengig av statusen området hadde før den israelske okkupasjonen og den fjerde Geneve-konvensjonen gjeldde jure.[32] Det internasjonale samfunnet reknar Vestbreidda (inkludert Aust-Jerusalem) som territorium okkupert av Israel.[33]

Folkeretten (Paragraf 49 iDen fjerde Geneve-konvensjonen) forbyr «overføring av folk frå ei okkuperande makt til okkuperte territorium», som gjer at den israelske regjeringa har eit ansvar om å ikkje busetje israelske borgarar på Vestbreidda.[34]

Den 27. september 2013 har 134 (69,4%) av 193 medlemsland iDei sameinte nasjonane anerkjentStaten Palestina[35] innaforDei palestinske territoria, som av Israel vert rekna som eit samanhengande territorium,[36][37] der Vestbreidda dannar kjernen i ein eventuell stat.[38]

Jeriko på Vestbreidda

Politisk status

[endre |endre wikiteksten]
Den amerikanske presidenten George Bush og Mahmoud Abbas i Ramallah i 2008.

Den framtidige statusen til Vestbreidda, i lag medGazastripa ved Middelhavet, har vore tema for forhandlingar mellom palestinarar og israelarar, sjølv om den noverandeVegkartet for fred, føreslått av «Kvartetten» som bestod av USA, Russland,Den europeiske unionen og Dei sameinte nasjonane, førestiller seg ein sjølvstendig palestinsk stat i desse territoria, side om side medIsrael. Men «Vegkartet» seier at i den første fasen må palestinarane stoppe alle åtak mot Israel, medan Israel må legge ned utpostane. Sidan ingen av desse vilkåra er møtt sidan Vegkartet vart «akseptert» av alle sider, har ikkje dei endelege forhandlingane byrja.

Den palestinske sjølvstyresmakta meiner at Vestbreidda bør vere ein del av den suverene staten deira, og at den israelske militærkontrollen er eit brot på retten deira til sjølvstyre. Dei sameinte nasjonane kallar Vestbreidda og Gazastripaisraelskokkuperte territorium. Mange israelarar og støttespelarane deira nyttar omgrepetomstridt territorium, fordi dei gjer krav på delar av territoriet, og påpeiker at landet ikkje på 2000 år har vore ein suveren stat.

Den palestinsk folkeopinionen er mot det israelske militære og dei israelske nybyggjarane på Vestbreidda som eit brot på retten deira til ein eigen stat og suverenitet.[39] Den israelske opinionen delt i fleire syn:

  • Fullstendig eller delvis tilbaketrekking frå Vestbreidda i håp om fredeleg sameksistens i separate statar (stundom kalla «land for fred»-standpunktet. I ei undersøking i 2003 støtta 76% av israelarar ein fredeleg avtale basert på dette prinsippet.[40]
  • Oppretthalde eit militært nærvære på Vestbreidda for å reduerepalestinsk terrorisme med avskrekking eller væpna intervensjon, og samstundes oppgje ein viss grad av politisk kontroll;
  • Anneksjon av Vestbreidda og samstundes gje den palestinske folkesetnaden med palestinsk borgarskap israelsk opphaldsløyve, i følgjeElon-fredsplanen;
  • Anneksjon av Vestbreidda og assimilering av den palestinske folkesetnaden som israelske borgarar;
  • Flytte den palestinske folkesetnaden i Aust-Jerusalem.[41]

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Jordanelva
Judeafjella fråRamallah.

Vestbreidda dekkjer eit areal på 5628 kvadratkilometer, som utgjer 21,2% av det tidlegare Palestinamandatet (utanom Jordan)[42] og har generelt eit kupert terreng. Den totale lengda på landegrensa i regionen er 404 km.[43] Terrengert består hovudsakleg av høgland med djupe innsnitt, noko vegetasjon i vest, men noko aude i aust. Høgda går frå -408 m ved breidda av Daudehavet til det høgaste punktet iNabi Yunis, på 1 030 meter over havet.[44] Vestbreidda har ikkje kystlinje.[43]

Det er få naturressursar i området, utanom særs dyrkbar mark, som utgjer 27 % av landarealet i regionen. Markene er stort sett nytta som permanente beitemarker (32 % av dyrkbar mark) og sesongbasert jordbruk (40 %).[43] Skogar utgjer berre 1 %, med ingen permanente avlingar.[43]

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Klimaet på Vestbreidda er hovusdaklegmiddelhavsklima, noko kjøligare i høgareliggande område samanlikna med kysten vest for området. I aust omfattar Vestbreidda Juedaørkenen og breidda av Daudehavet - med både tørt og varmt klima.

Politisk geografi

[endre |endre wikiteksten]

Palestinsk administrasjon

[endre |endre wikiteksten]
Kart over busetjingar på Vestbreidda i januar 2006: Gul = palestinske byar. Lyserosa = lukka militære område eller busetjingsområde, eller område isolerte avIsrael si sperring på Vestbreidda; mørkerosa = busetjingar, utpostar eller militære basar. Den svarte linja = sperringa til Israel

Osloavtalen frå 1993 fastsette at den endelege statusen til Vestbreidda var underlagt ei framtidig semje mellomIsrael og dei palestinske leiarane. Etter denne foreløpige avtalen trekte Israel militærstyret sitt frå delar av Vestbreidda, som vart delt inn i tre administrative område:

OmrådeTryggleikSivilt styre% av Vestbreidda
land
% av Vestbreidda
palestinsk
Apalestinskpalestinsk18%55%
Bisraelskpalestinsk21%41%
Cisraelskisraelsk61%4%[45]

Område A, 2,7%, er underlagt full sivil kontroll av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, og utgjer palestinske byar og somme landlege område utanom israelske busetjingar i nord (mellomJenin,Nablus,Tubas ogTulkarm), i sør (kringHebron), og eit sentralt sør forSalfit.[46] Område B, 25,2%, utgjer andre landlege område, mange nærare midten av Vestbreidda. Område C utgjer alleisraelske busetjingar, tilkomstvegar til busetjingane, buffersoner (nær busetjingar, vegar, strategiske område for Israel) og nesten heileJordandalen ogJudeaørkenen.

Område A og B er igjen delt inn i 227 fråskilde område (199 av dei er mindre enn to kvadratkilometer) som er skilde frå kvarandre av det israelskkontrollerte Område C.[47] Områda A, B og C kryssar 11guvernement nytta som administrativ inndeling av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, Israel og det israelske forsvaret, kalla opp etter store byar. Dei hovudsakleg opne områda i Område C, som består av alle dei grunnleggande dyrkbar marken og bygningsland, vasskjelder, steinbrot og stader av verdi for turisme, som ein treng for å utvikle ein levedyktig palestinsk stat,[48] og skulle over til palestinarane i 1999 etter Osloavtalen. Dette vart aldri gjort.[49]

Ei undersøking av SNSentrale humanitære samordningseining i 2007 fann at kring 40 % av Vestbreidda var oppteken av israelsk infrastruktur.[50]

Område annektert av Israel

[endre |endre wikiteksten]
Stor-Jerusalem, mai 2006.CIAFjernmålingskart som syner område rekna som busetjingar, flyktningleirar, gjerde, murar og liknande.

GjennomJerusalemlova har Israel utvida den administrative kontrollen sin overAust-Jerusalem. Dette har ofte blitt tolka som jamgodt med ei offisiell annektering, menIan Lustick, som gjekk gjennom rettsstillinga i dei israelske tiltaka og kom fram til at det ikkje hadde funne stad ei annektering. Dei palestinske innbyggjarane har rettsleg fast residens-status.[51][52] Tryggingsrådet til SN avviste Jerusalemlova som ugyldig. Sjølv om permanente innbyggjarar om dei vil kan få israelsk borgarskap om dei møter visse vilkår, søkte ikkje dei fleste palestinarane om israelsk borgarskap av politiske årsaker.[53] Det er forskjellige årsaker kvifor Vestbreidda ikkje er blitt annektert[54] av Israel ettererobringa i 1967. Den israelske regjeringa har ikkje formelt stadfesta ei offisiell årsak, men historikarar og analytikarar har kome med mange årsaker, dei fleste av dei demografiske.

Israelske busetjingar

[endre |endre wikiteksten]
Kart over israelske busetjingar på Vestbreidda, januar 2006.

I desember 2010 budde 327 750 israelarar i 121 busetjingar på Vestbreidda, offisielt anerkjende av dei israelske styresmaktene, og 192 000 israelarar bur i busetjingar i Aust-Jerusalem.[5] Det finst kring 100 busetjingar til som ikkje er offisielt anerkjende av dei israelske styresmaktene og som i følgje israelsk lov er ulovlege, men som har fått infrastruktur, vatn, kloakk og andre tenester av styresmaktene.[55][56]

Det internasjonale samfunnet (inkludert Dei sameinte nasjonane) meiner alle israelske busetjingar på Vestbreidda bortanfor den grøne linja er ulovlege etter folkeretten.[57][58][59][60] SærlegDen europeiske unionen[61] reknar busetjingane som ulovlege. Store delar av den israelske ålmenta er mot dei stadige utbygginga av jødiske busetjingar på Vestbreidda.[62] Dei fleste rettsforskarane reknar òg busetjingane som eit brot på folkeretten,[7] men somme forskarar, somJulius Stone,[63][64] ogEugene Rostow[65] hevdar dei er lovlege etter folkeretten av forskjellige årsaker.[66]

Vestbreidda-barrieren

[endre |endre wikiteksten]
Sperringa på Vestbreidda.

Israel si sperring på Vestbreidda er ei fysisk sperring som vart bygd etter vedtak av den israelske regjeringa, og utgjer eit nettverk av gjerde med ei 60 meter brei eksklusjonssone, og murar på opptil 8 meter.[67] Ho ligg hovudsakleg innanfor Vestbreidda, delvis langsvåpenkvilelinja frå 1949, eller «den grøne linja» mellom Vestbreidda og Israel. I april 2006 var lengda på sperringa som var godkjend av dei israelske styresmaktene 703 km lang. Området mellom sperringa og den grøne linja er eit lukka militærområde kallaSeparasjonssonen, som avskjer 8,5% av Vestbreidda og lukkar inne dusinvis av landsbyar og titusenvis av palestinarar.[68][69][70]

Sperringa går hovudsakleg langs den jordansk-israelske våpenkvilelinja, eller den grøne linja, frå 1949, men går fleire stader utanom denne linja for på den israelske sida gå kring særs folketette område med jødiske busetjingar på Vestbreidda, somAust-Jerusalem,Ariel,Gush Etzion,Immanuel,Karnei Shomron,Givat Ze'ev,Oranit ogMaale Adumim.

Dei som støttar sperringa hevdar ho er naudsynt for å verne israelske sivile frå palestinske åtak, som har auka under Al-Aqsa Intifada;[71][72] det har redusert terroriståtak med 90% frå 2002 til 2005, over ein 96% reduksjon frå 2002 til slutten av 2007.[73]

Motstandarar av sperringa hevdar det er eit ulovleg forsøk på å annektere palestinske land forkledd som tryggleik,[74] at det bryt folkeretten,[75] og at det er eit forsøk på å skaffe seg ein fordel i ei framtidig forhandling,[76] og kraftig avgrensar palestinsk livsopphald, særleg ved å avgrense høvet til å flytte seg fritt.[77]

Administrativ inndeling

[endre |endre wikiteksten]
Palestinske guvernement
[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåguvernement i Palestina.

Etter signeringa avOsloavtalen vart Vestbreidda delt inn i 11guvernement styrt avDei palestinske sjølvstyresmaktene. Sidan 2007 er det to guvernement som hevdar å vere lovmessig styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, eit på Vestbreidda og eit på Gazastripa.

Guvernement[78]Folketal[78]Areal (km²)[78]
Jenin guvernement556 212583
Tubas guvernement65 771372
Tulkarm guvernement175 213239
Nablus guvernement386 380592
Qalqilya guvernement120 753164
Salfit guvernement55 464191
Ramallah og Al-Bireh guvernement260 018844
Jeriko guvernement48 724608
Jerusalem guvernement
(inkludert det israelskannekterte Aust-Jerusalem)
462 521344
Betlehem guvernement257 515644
Hebron guvernement751 1291 060
Totalt3 609 7005 671
Israelske administrative distrikt
[endre |endre wikiteksten]
Sjå ògJudea- og Samaria-området

Vestbreidda er vidare delt inn i åtte administrative regionar: Menashe (Jenin-området), HaBik'a (Jordandalen),Shomron (Shechem-området, på arabisk kallaNablus), Efrayim (Tulkarm-området), Binyamin (Ramallah/al-Bireh-området), Maccabim (Maccabim-området),Etzion (Betlehem-området) ogYehuda (Hebron-området).

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]

Økonomien i Dei palestinske territoria er kronisk i depresjon, ogarbeidsløya er alltid over 20 % etter 2000 (19 % på Vestbreidda første havldel av 2013).[79]

Større byar

[endre |endre wikiteksten]
BusetjingaAriel
Bustadområde iRamallah
Større byar
ByFolketal
Al-Bireh38 202[80]
Beitar Illit37 600[81]
Ariel17 700[81]
Betlehem25 266[80]
Hebron (al-Khalil)163 146[80]
Jeriko18 346[80]
Jenin90 004[80]
Ma'ale Adummim33 259[81]
Modi'in Illit48 600[81]
Nablus136 132[80]
Qalqilyah41 739[80]
Ramallah27 460[80]
Tulkarm51 300[80]
Yatta48 672[80]


Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Det israelske forsvaret, Ordinance No. 187, «Ordinance about Interpretation», 17. desember 1967, Major General Uzi Narkis, Commander of Central Distict and IDF Forces i Region ofHaGada HaMa'aravit. Publisert på hebraiske og arabisk iCollection no. 9 of ordinances for the West BankArkivert 2016-03-04 vedWayback Machine., 22. januar 1968, s. 368
  2. Dishon (1973) Dishon Record 1968 Published by Shiloah Institute (seinare Moshe Dayan Center for Midle Eastern and African Studies) ogJohn Wiley and Sons,ISBN 0-470-21611-5 p 441
  3. 3,03,13,23,33,4«The World Factbook – Middleast: The West Bank». Central Intelligence Agency Sjå ògGeografi på Vestbreidda. Arkivert fråoriginalen 6. mai 2014. Henta 23. februar 2015. 
  4. Saree Makdisi,Palestine Inside Out: An Everyday Occupation,W. W. Norton & Company, 2010 s.20.
  5. 5,05,1«IDF: More than 300,000 settlers live in The West Bank».Haaretz. Israel. Henta 23. februar 2015. 
  6. Roberts, Adam. «Prolonged Military Occupation: The Israeli Occupied Territories Since 1967».The American Journal of International Law (American Society of International Law)84 (1): 85–86. 
  7. 7,07,1Pertile, Marco (2005). «'Legal Consequences of the Construction of a Wall i Occupied palestinsk Territory': A Missed Opportunity for International Humanitarian Law?». I Conforti, Benedetto; Bravo, Luigi.The Italian Yearbook of International Law14. Martinus Nijhoff Publishers. s. 141.ISBN 978-90-04-15027-0. 
  8. Barak-Erez, Daphne (2006). «Israel: The security barrier—between international law, constitutional law, and domestic judicial review».International Journal of Constitutional Law (Oxford University Press)4 (3): 548. 
  9. Drew, Catriona (1997). «Self-determination and population transfer». I Bowen, Stephen.Human rights, self-determination and political change in the occupied Palestine Territory. International studies in human rights52. Martinus Nijhoff Publishers. s. 151–152.ISBN 978-90-411-0502-8. 
  10. Josva 22:7:'Til den eine halvparten av stammen til Manasse hadde Moses gjeve land i Basan, og av Josva hadde den andre halvparten fått land påvestsida av Jordan, saman med brørne sine. .'(הירדן ימה :hay-yardên yāmmāh)
  11. Eyal Benvenisti,The International Law of Occupation, Oxford University Press 2012 s.204
  12. «A/RES/181(II) of 29. november 1947».domino.un.org. 1947. Henta 23. februar 2015. 
  13. Joseph Massad sa at medlemmar av Den arabiske ligaende facto anerkjende området og at USA formelt hadde anerkjent annekteringa, utanom for Jerusalem. Sjå Joseph A. Massad, Colonial Effects: The Making of National Identity in Jordan (New York: Columbia University Press, 2001),ISBN 0-231-12323-X, s. 229. Dokument syner at USA de facto aksepterte annekteringa utan å formelt anerkjenne det.USA Department of State / Foreign relations of the USA, 1950. The Near East, South Asia, and Africa s. 921
  14. Det er ofte sagt at Pakistan anerkjende annekteringa, men det verkar å vere feil; sjå S. R. Silverburg, Pakistan and the West Bank: A research note, Middle Eastern Studies, 19:2 (1983) 261–263.
  15. Armstrong, Karen.Jerusalem: One City, Three Faiths. New York: Ballantine Books, 1996. s. 387.
  16. Anis F. Kassim, red. (1988).The Palestine Yearbook of International Law 1987-1988. s. 247. 
  17. Efraim Karsh, P. R. Kumaraswamy, red. (2003).Israel, the Hashemites, and the Palestines: The fateful triangel. s. 196. 
  18. Religious human rights in global perspective: legal perspectives av J. D. Van der Vyver, John Witte. s. 388.
  19. «Address to the Nation». Kinghussein.gov.jo. Henta 23. februar 2015. 
  20. Disengagement from Vestbreidda
  21. 21,021,1«Applicability of the Geneva Convention relative to the Protection of Civilian Persons in Time of War, of 12. august 1949, to the Occupied palestinsk Territory, including Jerusalem, and the other occupied arabarar territories». Dei sameinte nasjonane. 17. desember 2003. Henta 23. februar 2015. 
  22. 22,022,1«Conference of High Contracting Parties to the Fourth Geneva Convention: Statement by the Den internasjonale Raude kross-komiteen».Den internasjonale Raude kross-komiteen. 5. desember 2001. Arkivert fråoriginalen 7. februar 2011. Henta 23. februar 2015. 
  23. 23,023,1«Disputed Territories: Forgotten Facts about Vestbreidda and Gazastripa». Israeli government's Ministry of Foreign Affairs. Henta 23. februar 2015. 
  24. Quigley, John (2005).The Case for Palestina An International Law Perspective. Duke University Press. s. 15. 
  25. Resolution 446,Resolution 465, Resolution 484, among others
  26. «Israel and the occupied territories». State.gov. 4. mars 2002. Henta 23. februar 2015. 
  27. Occupied Palestine Territory - EU
  28. «Legal Consequences of the Construction of a Wall in the Occupied Palestine Territory».Den internasjonale straffedomstolen. 6. oktober 2014. Henta 23. februar 2015. 
  29. «UN Resolution 58/292 (17. mai 2004)». Dei sameinte nasjonane. Henta 23. februar 2015. 
  30. 30,030,1Domb, Fania (2007).International Law and Armed Conflict: Exploring the Faultlines. Martinus Nijhoff Publishers. s. 511.ISBN 9004154280. 
  31. Legal Consequences cf the Construction of a Wu11 i Occupied palestinsk Territory, Advisory Opinion, I. C. J. Reports. Den internasjonale straffedomstolen. 2004. s. 136.ISBN 92-1-070993-4. 
  32. Legal Consequences of the Construction of a Wall in the Occupied Palestine TerritoryArkivert 2010-07-06 vedWayback Machine., see paragraphs 90-101 and s.5
  33. Israel/Occupied Palestine Territories: The conflict in Gaza: A briefing on applicable law, investigations and accountabilityArkivert 2009-06-10 vedWayback Machine. Amnesty International. 2009. Henta 23. februar 2015;Human Rights Council Special Session on the Occupied Palestine TerritoriesArkivert 2008-10-15 vedWayback Machine. Human Rights Watch, 6. juli 2006;Is Gaza 'occupied' territory? CNN, 6. januar 2009. Henta 23. februar 2015.
  34. Independent law report commissioned by the BBC Board of GovernorsArkivert 2011-05-04 vedWayback Machine., BBC Governors' Archive, februar 2006 (s. 48–50)
  35. Evan Centanni,Map: Palestina Recognized by Two More Countries (134/193) Political Geografi Now, 2. november, 2013
  36. 'The West Bank and the Gaza Strip as a Single Territorial Unit,'Arkivert 2014-09-24 vedWayback Machine. Reut Institute.
  37. 'Palestinian Territories,'Arkivert 2009-06-03 vedWayback Machine. European Forum for Democracy and Solidarity, 31. januar 2014
  38. 'An awkward new government,'The Economist 7. juni 2014.
  39. «Survey Research Unit». Pcpsr.org. 9. juli 2001. Arkivert fråoriginalen 10. mai 2011. Henta 23. februar 2015. 
  40. «Israeli public opinion regarding the conflict». The Center for Middle East Peace and Economics Cooperation. Arkivert fråoriginalen 7. oktober 2014. Henta 23. februar 2015. 
  41. Asher Arian (June 2002).«A Further Turn to the Right: Israeli Public Opinion on National Security – 2002».Strategic Assessment (Tel Aviv universitet: Jaffee Sentral for Strategic Studies)5 (1): 50–57. Arkivert fråoriginalen 3. januar 2006. Henta 23. februar 2015. 
  42. Arie Arnon,Israeli Policy towards the Occupied Palestinian Territories: The Economic Dimension, 1967-2007Arkivert 2013-06-30 vedWayback Machine.. MIDDLE EAST JOURNAL, Volume 61, No. 4, AUTUMN 2007 (s. 575)
  43. 43,043,143,243,3CIA Factbook: West Bank, arkivert fråoriginalen 6. mai 2014, henta 23. februar 2015 
  44. A house demolished, three others threatened in the town of Halhul - 24. mars 2007Arkivert 2007-05-27 vedWayback Machine., POICA. Henta 23. februar 2015.
  45. «JURIST – Den palestinske sjølvstyresmakta: palestinsk law, legal research, human rights». Jurist.law.pitt.edu. Henta 23. februar 2015. 
  46. Gvirtzman, Haim (8. februar 1998).«Maps of Israeli Interests in Judea and Samaria Determining the Extent of the Additional Withdrawals». Arkivert fråoriginalen 6. mai 2013. Henta 23. februar 2015. 
  47. «The West Bank and Gaza: A Population Profile – Population Reference Bureau». Prb.org. Arkivert fråoriginalen 25. oktober 2008. Henta 23. februar 2015. 
  48. Jonathan Cook,'World Bank report is a message against israelske occupation,' The National, 15. oktober 2013,
  49. Ron Pundak'Decoding Bibi's Vestbreidda agenda,' atHaaretz, 3. august 2012.
  50. {{cite web|url=http://www.ochaopt.org/documents/TheHumanitarianImpactOfisraelskeInfrastructureTheWestBank_full.pdf%7Cformat=PDF%7Ctitle=The Humanitarian Impact on Palestines of Israeli Settlements and Other Infrastructure in the West Bank|publisher=UN [[Office for the Coordination of Humanitarian Affairs – Occupied Palestinian Territory|accessdate=23. februar 2015}}[daud lenkje]
  51. Yael Stein (April 1997).«The Quiet Deportation: Revocation of Residency of East Jerusalem Palestinians». Joint report byHamoked ogB'Tselem. Henta 23. februar 2015. 
  52. Yael Stein (April 1997).«The Quiet Deportation: Revocation of Residency of Aust-Jerusalem Palestinians (Summary)». Joint report byHamoked andB'Tselem. Henta 23. februar 2015. 
  53. «Legal status of East Jerusalem and its residents».B'Tselem. Henta 23. februar 2015. 
  54. (Bard«Our Positions: Solving the Palestinian/Israeli Conflict».Free Muslim Coalition Against Terrorism. Henta 23. februar 2015. 
  55. Erlanger, Steve (9. mars 2005).«Israeli Report Condemns Support for Settlement Outposts».New York Times. 
  56. Brulliard, Karin (24. april 2012).«Israel legalizes three West Bank outposts».The Washington Post. Henta 23. februar 2015. 
  57. Emma Playfair (Ed.) (1992).International Law and the Administration of Occupied Territories. USA: Oxford University Press. s. 396.ISBN 0-19-825297-8. 
  58. Cecilia Albin (2001).Justice and Fairness in International Negotiation. Cambridge: Cambridge University Press. s. 150.ISBN 0-521-79725-X. 
  59. Mark Gibney; Stanlislaw Frankowski (1999).Judicial Protection of Human Rights: Myth or Reality?. Westport, Connecticut: Praeger/Greenwood. s. 72.ISBN 0-275-96011-0. 
  60. 'Plia Albeck, legal adviser to the israelske Government was born in 1937. She died on 27. september 2005, aged 68',The Times, 5. oktober 2005, s. 71.
  61. «EU Committee Report»(PDF). Arkivert fråoriginalen(PDF) 14. juni 2007. Henta 23. februar 2015. 
  62. Dromi, Shai M. (2014). «Uneasy Settlements: Reparation Politics and the Meanings of Money in Israeli Withdrawal from Gaza».Sociological Inquiry84 (1).doi:10.1111/soin.12028. 
  63. Julius Stone (13. oktober 2003). Ian Lacey, red.«International Law and arabarane Israel Conflict».Extracts fromIsrael and Palestine - Assault on the Law of Nations.AIJAC. Henta 23. februar 2015. 
  64. David M. Phillips.«The Illegal-Settlements Myth».Commentary (December 2009). Henta 23. februar 2015. 
  65. «Resolved: are the settlements legal? israelske Vestbreidda policies». Tzemachdovid.org. Arkivert fråoriginalen 15. september 2008. Henta 23. februar 2015. 
  66. «FAQ on israelske busetjingar».CBC News. 26. februar 2004. Henta 23. februar 2015. 
  67. «HCJ 7957/04 Mara’abe v. The statsminister i Israel»(PDF). Supreme Court of israelske (High Court of Justice). Henta 23. februar 2015. 
  68. «Separation Barrier: 9th July 2006: Two Years after the ICJ's Decision on the Separation Barrier».B'tselem. 9. juli 2006. Henta 23. februar 2015. 
  69. Margaret Evans (6. januar 2006).«Indepth Middle East:Israel's Barrier».CBC. Henta 23. februar 2015. 
  70. «Israel's Separation Barrier:Challenges to the Rule of Law and Human Rights: Executive Summary Part I and II».International Commission of Jurists. 6. juli 2004. Arkivert fråoriginalen 6. juli 2007. Henta 23. februar 2015. 
  71. «Israel Security Fence – Ministry of Defense». Securityfence.mod.gov.il. Arkivert fråoriginalen 3. oktober 2013. Henta 23. februar 2015. 
  72. «Map of Palestina – Land of Israel, 1845». sionisme-israel.com. Henta 23. februar 2015. 
  73. Wall Street Journal, «After Sharon», 6. januar 2006.
  74. «Under the Guise of Security». Btselem.org. Henta 23. februar 2015. 
  75. «U.N. court rules Vestbreidda barrier illegal». CNN. 6. oktober 2014. Henta 23. februar 2015. 
  76. Set in stone, The Guardian, 15. juni 2003
  77. «Settlements and separation i Vestbreidda: future implications for health. Patrick Bogue, Richard Sullivan, Anonymous and Guglielmo Chelazzi Grandinetti». Medicine, Conflict and Survival. 2014. February 2014. 
  78. 78,078,178,2«Occupied palestinsk Territory: Administrative units». GeoHive. Henta 24. oktober 2012. 
  79. World Bank (2013).«The West Bank and Gaza - Area C and the future of the Palestinian economy». World Bank, Washington DC. Henta 23. februar 2015. 
  80. 80,0080,0180,0280,0380,0480,0580,0680,0780,0880,092007 Locality Population Statistics.Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS).
  81. 81,081,181,281,32010 Locality Population Statistics.Israelsk statistisk sentralbyrå (PCBS).
  • Denne artikkelen bygger på «Vestbreidda» fråWikipedia på engelsk, den 23. februar 2015.
  • Albin, Cecilia (2001).Justice and Fairness in International Negotiation. Cambridge University Press.ISBN 0-521-79725-X
  • Bamberger, David (1985, 1994).A Young Person's History of Israel. Behrman House.ISBN 0-87441-393-1
  • Dowty, Alan (2001).The Jewish State: A Century Later. University of California Press.ISBN 0-520-22911-8
  • Eldar, Akiva and Zertal, Idith (2007).Lords of the land: the war over Israel's settlements in the occupied territories, 1967–2007, Nation Books.ISBN 978-1-56858-414-0
  • Gibney, Mark and Frankowski, Stanislaw (1999).Judicial Protection of Human Rights. Praeger/Greenwood.ISBN 0-275-96011-0
  • Gordon, Neve (2008).Israel's Occupation. University of California Press, Berkeley CA,ISBN 0-520-25531-3
  • Gorenberg, Gershom.The Accidental Empire. Times Books, Henry Holt and Company.ISBN 0-8050-8241-7. 2006.
  • Howell, Mark (2007).What Did We Do to Deserve This? Palestinian Life under Occupation in the West Bank, Garnet Publishing.ISBN 1-85964-195-4
  • Oren, Michael (2002).Six Days of War, Oxford University Press.ISBN 0-19-515174-7
  • Playfair, Emma (Ed.) (1992).International Law and the Administration of Occupied Territories. Oxford University Press.ISBN 0-19-825297-8
  • Shlaim, Avi (2000).The Iron Wall: Israel and the Arab World, W. W. Norton & Company.ISBN 0-393-04816-0

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Vestbreidda
Vestbreidda
*Gazastripa
*Frå juni 2007 til juni 2014 har Gazastripa i røynda vore styrt avHamas.
Byar
Map of Judea and Samaria Area
Regionale kommunar
Lokale kommunar
Regionale kommunar
Region
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Vestbreidda&oldid=3588881»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp