Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Vest-Pommern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vest-Pommern
voivodskap
Flagg
Symbol
Land Polen
Hovudstad Szczecin
Areal22 896,0 km²
Folketal1 622 760(31. desember 2024)[1]
Kart
Vestpommerske voivodskap
53°36′00″N15°32′00″E /53.6°N 15.533333333333°E /53.6; 15.533333333333
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Wikimedia Commons:West Pomeranian Voivodeship

Vest-Pommern (polskWojewództwo zachodniopomorskie eller berreZachodniopomorskie) er ein av 16voivodskap iPolen. Det ligg nordvest i Polen og grensar tilPommerske voivodskap i aust,Storpolske voivodskap i søraust,Lubusz-voivodskapet i sør,Tyskland (Mecklenburg-Vorpommern) i vest ogAustersjøen i nord.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Szczecin og Koszalin, samt delar av tilstøytande voivodskap. Det er kalla opp etter den historiske regionenPommern (polskPomorze). Trass i namnet inneheld ikkje Vest-Pommern dei vestlegaste områda av den historiske regionen, som ligg i Tyskland (sjåVorpommern).

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Stettiner Haff: Strand iTrzebież nærPolice i Polen.

Vest-Pommern er det femte største voivodskapet i Polen ut frå flatevidd. Av dei største byane i regionen er hovudstadenSzczecin ogKoszalin,Stargard Szczeciński ogŚwinoujście.

Kysten langs Austersjøen er eit populært turistområde med mange strender, innsjøar og skogområde. Szczecin ogŚwinoujście er viktige hamnebyar. Andre store byar ved sjøen erMiędzyzdroje,Dziwnów,Kołobrzeg ogMielno.

Byar og landsbyar

[endre |endre wikiteksten]

Voivodskapet har 62 byar og landsbyar. Folketala i lista under er offisielle tal frå 2006:[daud lenkje]

1.Szczecin (410 809)
2.Koszalin (107 783)
3.Stargard Szczeciński (70 534)
4.Kołobrzeg (44 794)
5.Świnoujście (40 899)
6.Szczecinek (38 756)
7.Police (34 284)
8.Wałcz (26 140)
9.Białogard (24 339)
10.Goleniów (22 448)
11.Gryfino (21 478)
12.Nowogard (16 745)
13.Gryfice (16 702)
14.Choszczno (15 753)
15.Świdwin (15 637)
16.Darłowo (14 380)
17.Barlinek (14 156)
18.Dębno (13 903)
19.Złocieniec (13 377)
20.Sławno (13 314)
21.Pyrzyce (12 642)

22.Myślibórz (11 867)
23.Drawsko Pomorskie (11 465)
24.Łobez (10 617)
25.Trzebiatów (10 113)
26.Kamień Pomorski (9 134)
27.Połczyn-Zdrój (8 572)
28.Chojna (7 187)
29.Czaplinek (6 933)
30.Sianów (6 543)
31.Karlino (5 794)
32.Międzyzdroje (5 436)
33.Wolin (4 878)
34.Bobolice (4 446)
35.Resko (4 377)
36.Borne Sulinowo (4 224)
37.Płoty (4 142)
38.Lipiany (4 124)
39.Kalisz Pomorski (3 989)
40.Barwice (3 838)
41.Mieszkowice (3 553)
42.Chociwel (3 285)

43.Maszewo (3 073)
44.Węgorzyno (3 011)
45.Recz (2 995)
46.Polanów (2 967)
47.Dziwnów (2 949)
48.Golczewo (2 724)
49.Pełczyce (2 698)
50.Mirosławiec (2 633)
51.Trzcińsko-Zdrój (2 496)
52.Dobrzany (2 420)
53.Drawno (2 399)
54.Człopa (2 390)
55.Biały Bór (2 127)
56.Dobra (2 028)
57.Ińsko (2 001)
58.Tuczno (1 965)
59.Cedynia (1 653)
60.Moryń (1 570)
61.Suchań (1 446)
62.Nowe Warpno (1 170)

Administrativ inndeling

[endre |endre wikiteksten]

Vest-Pommern er delt inn i 21 fylke (powiat) der tre av desse er byfylke og 18 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 114 kommunar (gmina).

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Vest-Pommern
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Vest-Pommern&oldid=3547759»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp