Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Vespasian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vespasian

ImperatorCaesarAugustus
Fullt namnTitus Flavius Vespasianus
Fødd17. november9 iSabine
FødestadFalacrine
Død23. juni79 iRoma
DødsstadAquae Cutiliae
MorVespasia Polla
FarTitus Flavius Sabinus
EktefelleFlavia Domitilla
SambuarCaenis
Barn 
  1. Titus Flavius Vespasianus (f. 39)
  2. Titus Flavius Domitianus (f. 51)
  3. Domitilla, døydde som lita
DynastiDet flaviske dynastiet
FøregangarVitellius av Romarriket
EtterfølgjarTitus av Romarriket

Titus Flavius Vespasianus ellerVespasian (17. november 923. juni 79) varromersk keisar frå firekeisaråret69 til79.

Vespasian vart fødd iFalacrina i år9 som son avFlavius Sabinus ogVespasia Polla. Faren var ein vellukka skatteinnkrevjar og bankier. Sjølv blei Vespasian ein vellukka romersk offiser som tok del i felttoget iBritannia i 47, som førte til den endelige erobringa av området. Han bleiromersk konsul i 51, varstatthaldar iprovinsen Afrika i 63, og nedkjempa jødane sin oppstand iJerusalem i 67–69.

Vespasian kom til makta etter etter ein kort og kaotiskborgarkrig. Borgarkrigen braut ut etter at keisarNero av Romarriket tok livet av seg i juni68. Dei andre deltakarane i borgarkrigen varSulpicius Galba (68-69),Marcus Salvius Otho (69) ogAulus Vitellius (69). Alle desse utropte seg i tur og orden til keisar. I motsetnad til Vespasian mangla dei militær stønad og politisk velvilje idet romerske senatet.

Under borgarkrigen var general Vespasian iMidtausten. Dei romerske styrkane der utropa han til keisar i juli 69.Legionærane hadde stor lit til Vespasian og oppfatta rivalen Aulus Vitellius somdekadent,umoralsk og militært verdlaus. Vitellius var kjend som ein nær ven av keisar Nero. Vespasian heldt seg iJudea medan løytnantAntonius Primus invaderte Italia og erobraRoma med hjelp av styrkar fraPannonia ogBalkan.

Vespasian skal ha vore ein enkel og arbeidssam mann. Som keisar fekk han orden på økonomien gjennom god forvalting og innføring av fleire former forskattlegging. Ei av desse var ein «urinskatt», ein skatt på sal av urin fråCloaca Maxima. Då sonen Titus klaga på dette skal han ha sagt at «pengar luktar ikkje».

Etter borgarkrigen var det på tide å byggja opp att Roma. Vespasian lagde eitforum som seinare blei kjend som fredstempelet,Templum Pacis. I 79 fullførte han ein kjempestatue avApollon som var påbyrja under Nero. Han dedikerte ein scene vedMarcellusteateret og byrja bygginga avColosseum med midlar han hadde teke fråTempelet i Jerusalem.[1]

I følgjeSuetonius skal Vespasian ha hatt «stadige konspirasjonar» mot seg.[2] Han overlevde desse og døydde av sjukdom.Dio Cassius fortel at han insisterte på å styra som normalt sjølv om han var sjuk fordi «ein keisar lyt døy ståande.» Dei siste orda hans skal ha vore «eg er visst i ferd med å bli ein gud.»[3]

Vespasian blei etterfølgd av søneneTitus ogDomitian. Saman danna deidet flaviske dynastiet.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. ALFÖLDY, GÉZA (1995). «Eine Bauinschrift Aus Dem Colosseum.».Zeitschrift für Papyrologie und Epigraphik109: 195–226. 
  2. Suetonius,Vesp. 25
  3. Cassius Dio - Roman History

«Vespasian» iStore norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Vespasian
WikifrasarWikifrasar har ei sitatsamling som gjeld:Vespasian


Spire
Dennehistorieartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Vespasian&oldid=3586542»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp