Eiverksemd er einorganisasjon som produserer varer eller leverer tenester. Ein skil mellom privat verksemd og offentleg verksemd. Privat verksemd blir drive forretningsmessig ved at den sel varer eller tenester påmarknaden. Offentleg verksemd kan òg drivast forretningsmessig (statsbedrift eller annan offentleg eigd bedrift), men vil oftast vere ikkje-kommersiell og finansiert gjennom skatter eller avgifter.
Ei verksemd kan drivast i mange former, så somselskap ellerenkeltpersonføretak. Det økonomiske omfanget av ei verksemd kan vere frå det heilt minimale ned mot grensa forhobby og den kan vere eitmultinasjonalt føretak. Ei verksemd kan vere utan tilsette, bestå av berre ein person, eller ha mange tusen tilsette.