Markering av verdas bokdag i Tunisia i 2012. Verdas bokdag ellerverdas bok- og opphavrettsdag er ei årleg markering forlitteratur ,forfattarar ,illustratørar ogopphavsrett halden avUNESCO . Dagen blir markert den23. april , som er den tradisjonelle fødselsdagen tilWilliam Shakespeare , og dødsdagen til både Shakespeare ogMiguel de Cervantes i 1616. Den internasjonale markeringa blei innstifta i1995 på UNESCO si generalforsamling i Paris.
Nokre land markerer dagen på andre datoar, som den første torsdagen i mars i Storbritannia og Irland, og på 13. april i Sverige i dei åra dagen har falle samtidig medpåske .
Noreg har delteke i feiringa av dagen sidan 1997.Bokhandlar , skular,bibliotek og samskipnader deltek i feiringa.
23. april erjørgensdagen , som er blitt feira medbokgåver i Catalonia sidan tidleg på 1900-talet. BådeShakespeare ,Cervantes ogInca Garcilaso de la Vega døydde rundt 23. april 1616 - Cervantes blei gravlagd denne dagen, medan Shakespeare døydde den 23. april etterden julianske kalenderen som blei brukt i England på den tida. 23. april er også døds- eller fødselsdag til forfattarar somMaurice Druon ,Halldor Laxness ,Vladimir Nabokov ,Josep Pla ogManuel Mejía Vallejo .