Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Venskapsby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen kan ha godt av einspråkvask. Sjekk at språket følgjer gjeldande nynorsk rettskriving og grammatikk og har ein konsekvent språkstil. Når dette er gjort, kan du fjerna merket.
Skilt som syner retningane tilOskarshamn sine venskapsbyar. Byane på skilta er som fylgjer: Middelfart, Danmark;Mandal, Noreg;Pärnu, Estonia;Korsholm, Finland; og Hibiscus Coast, Sør Afrika.

Venskapsby er eit omgrep som vert brukt for å skildre samarbeidsavtalar mellombyar på ulike stader for å promotere kulturelle og/eller handelsband. Denne typen avtale finst også mellom ulike administrative einingar som fylke, regionar, distrikt osv.[1]

Det moderne konseptet for venskapsby vart utvikla etterAndre verdskrigen i 1947, og hadde som formål å byggje og oppmuntre venskap og forståing mellom ulike land og mellom tidlegare fiendar som innsats for fred og forsoning,[2][3] og oppfordre handel og turisme. Rundt 2000-talet vart denne typen avtale ofte brukt for å opprette strategiske internasjonale handelsband mellom byar.[4]

Terminologi

[endre |endre wikiteksten]
Eksempel på venskapsavtale mellom Castellabate, Italia ('gemellaggio') og Blieskastel, Tyskland ('Partnerschaft').

I fastlands-Europa er omgrepa «tvillingby», «partnarby» eller «venskapsby» ofte brukte. I Storbritannia er «tvillingby» mest brukt, medan «systerby» hovudsakleg er brukt i Nord-Amerika.

Europakommisjonen brukar omgrepet «twinned towns» og refererer til denne typen prosess som «town twinning»"[5] Ein «douzelage» vert ogso brukt for avtalar som gjeld ein by i kvart medlemsland.[1][6]

I Spania brukar ein omgrepetciudades hermanadas, som tyder 'systerbyar'. I Tyskland, Polen, og Tsjekkia vert det bruktPartnerstadt (de)/miasto partnerskie (pl)/partnerské město (cz), som kan omsetjast til 'partnarby'. I Frankrike bruker ein omgrepetville jumelée (jumelage), og i Italiagemellaggio (twinning) ogcomune gemellato (twinned municipality).[7] I Nederland brukar ein antenpartnerstad ellerstedenband ("byband," når det gjeld fellesstønad). I Hellas brukar ein ordet αδελφοποίηση (adelfopiisi – "brorskap"). På Island brukar ein bådevinabæir ogvinaborgir ("venby"). I den tidlegareAustblokka brukar ein "tvillingsby"[8] ogгорода-побратимы (ru) ("brorby").[9]

I Amerika, Sør-Asia og Australasia brukar ein "systerby" og "tvillingby" side om side. I Kina heiter det 友好城市 (yǒuhǎo chéngshì – "venskapsby").[10]

Jamvel om omgrepa vert brukte for å referere til same konsept kan variantane tyde på ulike typar avtalar, som mellom ordførarar for eksempel.[11]

Bydiplomati

[endre |endre wikiteksten]

Bydiplomati er ein slags paradiplomati som inneber samtalar mellom tilsette og innbyggjarane til byar som ofte ligg i ulike land. Bydiplomati refererer til ein type internasjonale relasjonar som fungerer parallelt med konvensjonelle diplomatimekanismar, som mellom ambassadar og avtalar forhandla pånasjonalstatsnivå. I fylgje Rodrigo Tavares, var dei fyrste forsøk på å opprette bydiplomati lanserte på1800-talet. Denne gongen var det framleis få byar som vart involverte i slike avtalar, og det var ikkje før 1900 at liknande partnarskapar vart meir vanlege.

Hovudprioriteten til dei som arbeider med bydiplomati heng ofte saman med kommunane sine ansvarsområde, som til dømes, å betre innbyggjarane sine livsvilkår. Samstundes arbeider partnarskommunar ofte saman på saker av ein annan skala, som for eksempelklimaendringane.

Omgrepet bydiplomati ("city diplomacy") vert i brukt i ulike internasjonale samarbeidsarenaar, som United Cities and Local Governments og C40 Cities Climate Leadership Group. Konseptet er samstundes anerkjent av USC Center on Public Diplomacy. I mars 2014 anerkjendeDet britiske overhuset at venskapsbyavtalar skulle utviklast til å verte til bydiplomati, spesielt innom handels- og turismespørsmål, men også for kulturelle og etterkonfliktsforsoningar.[12]

Verdas økonomisk forum har også meddelt at det var viktig for byane å utvikle "sine eigne utanlandske økonomiske program om handel, utanlandske investeringar, turisme og for å trekkje til seg utanlandske kompetansar".[13]

I tillegg til C40 arbeider andre organisasjonar for å lettgjere bydiplomati, som for eksempel World Cities Summit,Smart City Expo World Congress,[14]Strong City Network[15] og100 Resilient Cities.[16]

I 2016 var det estimert at det fanst opp til 125 multilaterale nettverk og forum av denne typen i verda.

Europa

[endre |endre wikiteksten]
Kolonne dedisert til Paris i Rome

Den tidlegaste kjende bypartnarskapen Europa angjekkPaderborn i Tyskland ogLe Mans i Frankrike, i 836.[2][17]

I 1905 opprettaKeighley iVestyorkshire, England ein avtale med byaneSuresnes og Puteaux i Frankrike.[18][19]

Den fyrste bypartnarskapen som likna på dei moderne parnarskapsavtalane vart inngått mellom Keighley og Poix-du-Nord i Nordfrankrike, i 1920 etterDen fyrste verdskrigen.[4][20][21] Den gongen var partnarskapen sett som ein slags "adoptering" av den franske byen; den formelle partnarskapsavtalen vart ikkje innførd før 1986.[22]

Byvenskapspraksisen heldt fram etter Andre verdskrigen. Denne gongen var den sett som ein måte å promotere felles forståing og nytte på tvers av landegrenser.[1][2][23][24][25] For eksempel, byaneCoventry,Stalingrad og seinareDresden som vart bombarderte under krigen inngjekk ein venskapsavtale saman

[21][26][27][28]. I mars 1945 opprettaBath i England ein "Alkmaar Adoption Committee" medan den nederlandske byen framleis var okkupert av den tyske arméen. So tidleg som i 1946 deltok born frå begge byar på utvekslingar.[29] På like line, i 1947 vart fem borgarar frå Bristol sende på vegne avBristol Corporation (seinare Bristol City Council) tilHanover.[4] Same år opprettaReading samband medDüsseldorf. Partnarskapen finst framleis i dag[30]. I 1956 vart Paris og Roma venskapsbyar undermottoet "Seule Paris est digne de Rome, seule Rome est digne de Paris -Solo Parigi è degna di Roma, solo Roma è degna di Parigi" ("Berre Paris er verd Roma, berre Roma er verd Paris").[31][32]

Sidan 1989 får byvenskapsavtalar i Europa stønad fråDen europeiske unionen.[1][2][4] I 2003 vart eit budsjett på €12 million brukt for å støtte omtrent 1 300 prosjekt av denne typen.Rådet for kommunar og regionar i Europa samarbeider også tett med Europakommisjonen for å fremje moderne og høgkvalitets partnarskapsinitiativ og utvekslingar på alle nivå. Rådet har også oppretta ei nettside med dette føremålet.[33]

I 1995 rekna Den europeiske unionen fleire enn 7 000 bilaterale avtalar som gjeldte omtrent 10 000 europeiske kommunar, hovudsakleg franske (2837) og tyske (2485).[25]

Offentleg kunst er ofte brukt for å feire byvenskap.



Forsking har synt at geografisk avstand hadde lite å gjere med kva som vart valde for å inngå partnarskap. Kommunane er ofte valde på grunn av trekka dei har tilfelles. Det er for eksempel 15 landsbygder iWales som har inngått partnarskap med bygder iBretagne, ogOxford er venbyar tilBonn,Leiden,Grenoble og andre universitetsbyar.[1] På same måte inngjekk mange tidlegarevest-tyske ogaust-tyske byar partnarskap førJarnteppet fall, somHannover ogLeipzig, eller mellomHamburg ogDresden.

Den fyrste partnarskapen mellom ein tysk og ein amerikansk by var inngått i 1947 mellom Worthington i Minnesota og Crailsheim.

St Petersburg er byen i verda som har flest partnarskapsavtalar med andre kommunar. I 2012 vart den skotske landsbygda Dull og den amerikanske bygda Boring i Oregon partnarbyar for å fremje turisme i begge kommunane ved å spele på namna sine.[34][35]

I nyare tider har somme kommunar oppretta partnarskapar mellom reelle og fiksjonelle stadar.Wincanton i England er til dømes partnarby med Ankh-Morpork fråTerry Pratchett si Discworldserie.[36]

Venskapsbyavtalar har i aukande grad vorte brukt som ein del av internasjonal handelsstrategiar. Det var for eksempel høvet då kommunestyringa i Nottingham bad partnarbyenKarlsruhe om råd i førearbeidet for å byggjesporvognnettverk. Med hjelp av ingeniørar frå Karlsruhe fekk Nottingham byggje opp si andre sporvognslinje i 2013.

I 2014 delte bådeBristol ogNew Orleans at dei skulle inngå partnarskap basert på byane sine respektive musikk- og kulturarvar. I fleire år harAnnecy i Frankrike og Nerima i Japan, vore partnarbyar i forhold til byane sine tradisjonar innomanimasjon.[37][38]

Språkgrunnar

[endre |endre wikiteksten]

Forholda mellom byar kan ogso kome når dei heiter det same. Dei kan vere oppkalla etter ei folkegruppe (som iCórdoba), dei kan ha same namn (som medSantiago de Compostela), eller namna kan ha sameetymologi.

Vegskilt i Artieda de Aragón og Emiliano Zapata, ein sjølvstendig Zapatistakommune.

Likskapane kan ha som opphav eit felles språk eller fordi byane har tidlegare vore del av same stat.

Politisk tyding

[endre |endre wikiteksten]

By- eller kommunevenskap kan ha politiske mål. I 2013 inngjekk for eksempel.Gyöngyös iUngarn ein partnarskapsavtale med Shusha iAserbaijan i samanheng med Ungarn si anerkjenning av byen som ein del av Aserbaijan (sjølv om byen er styrd av Armenia sidanNagorno-Karabakh-krigen, men erde jure ein del av Azerbaijan).[39] På same vis i 2003 prøvde kommunestyret iPreston i England å inngå partnarskap medNablus iPalestina som teikn på solidaritet.

Avslutting på partnarskapsforhold som resultat av omstridt

[endre |endre wikiteksten]
  • I 2012 suspenderteNanjing i Kina forholdet sitt medNagoya i Japan etter at ordføraren i Nagoya Takashi Kawamura avkrefta Nanking Massakren[40]
  • I 2013 suspenderteMilano,Venezia ogTorino sitt partnarskap medSankt Petersburg etter at lover mot samkjønnsforhold vart innførte iRussland. Same år oppfordra ulike aktivistar iCalifornia å gjere det same.
  • I 2014 avsluttaPraha sitt forhold med Sankt Petersburg ogMoskva på grunn av at Russland intervenerte iUkraina. Moskva hadde vore venskapsby med Praha sidan 1995.[41]
  • I 2017 avsluttaOsaka partnarskapen byen hadde hatt medSan Francisco i seksti år på grunn av at eit minne vart oppreist i San Francisco for dei såkalla "komfortkvinnene" (tvangsprostituerte). Det same skjedde mellom Glendale i California og Higashiōsaka i 2014.[42]

Bilete

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,21,31,4Clarke, N.«Town Twinning in Britain since 1945: A Summary of findings»(PDF). Arkivert fråoriginalen(PDF) 29. juli 2013. Henta 29. juli 2013. 
  2. 2,02,12,22,3«The Origins of Town Twinning»(PDF). The City of Inverness Town Twinning Committee. Arkivert fråoriginalen(PDF) 31. desember 2010. Henta 30. oktober 2009. 
  3. «What is town twinning?». Arkivert fråoriginalen 5. september 2013. Henta 5. september 2013. 
  4. 4,04,14,24,3Handley, Susan. Barton, Judith, red.Take your partners – The local authority handbook on international partnerships.2006 (10 utg.) (Local Government International Bureau). Arkivert fråoriginalen 17. juli 2011. Henta 13. august 2013. 
  5. «Action 1 – Measure 1: Town Twinning». Arkivert fråoriginalen 19. oktober 2013. Henta 26. august 2013. 
  6. «Douzelage.org: Home». www.douzelage.org. Arkivert fråoriginalen 17. februar 2010. Henta 21. oktober 2009. 
  7. «termine». Henta 10. oktober 2019. 
  8. «Mogilev: Twin Towns – Twin Cities». Arkivert fråoriginalen 19. oktober 2013. Henta 19. oktober 2013. 
  9. Self-Pierson, Rob.«Is there a point to twin towns?». Henta 14. juli 2013. 
  10. «Sister City»(PDF). Arkivert fråoriginalen(PDF) 16. mai 2017. Henta 15. mai 2017. 
  11. «What is the difference between a Sister City and a Friendship City? | AustinTexas.gov - The Official Website of the City of Austin». Henta 18. januar 2018. 
  12. «Lords Hansard text for 26 Mar 2014 (pt 0001)». Henta 26. april 2016. 
  13. «Five key lessons for city competitiveness». Arkivert fråoriginalen 19. oktober 2014. Henta 26. april 2016. 
  14. «Smart City Expo World Congress». Henta 17. desember 2019. 
  15. «Home». Henta 17. desember 2019. 
  16. «Home Page». Arkivert fråoriginalen 14. desember 2019. Henta 17. desember 2019. 
  17. Maurice Balavoine (1944).Le Mans-Paderborn, 836-1994. 
  18. Crane, Frank (2008).War and World Government. BiblioBazaar, LLC. s. 200.ISBN 978-0-559-44381-7. Henta 20. september 2009. 
  19. «France Magazine – Twin Towns». www.francemag.com. Arkivert fråoriginalen 25. juli 2020. Henta 6. november 2009. 
  20. Handley, Susan (2006).Take your partners: The local authority handbook on international partnerships. London: Local Government International Bureau. s. 4. Arkivert fråoriginalen 17. juli 2011. Henta 20. september 2009. 
  21. 21,021,1«Town twinning in the UK and Germany». Henta 29. juli 2013. 
  22. «Keighley celebrates twin town jubilee». Newsquest Media Group. Arkivert fråoriginalen 11. juli 2020. Henta 5. januar 2009. 
  23. «Ghajnsielem.com – Twinning». www.ghajnsielem.com. Arkivert fråoriginalen 24. januar 2013. Henta 10. oktober 2009. 
  24. «Twin Towns». www.amazingdusseldorf.com. Henta 29. oktober 2009. 
  25. 25,025,1Furmankiewicz, Marek.«Town-twinning as a factor generating international flows of goods and people.»(PDF). Institute of Geography and Regional Development, University of Wrocław, Poland. Arkivert fråoriginalen(PDF) 29. juli 2013. Henta 29. juli 2013. 
  26. Griffin, Mary.«Coventry's twin towns». Arkivert fråoriginalen 6. august 2013. Henta 6. august 2013. 
  27. «Coventry—Twin towns and cities». Arkivert fråoriginalen 14. april 2013. Henta 6. august 2013. 
  28. «Disney seeks UK twin». www.ukprwire.com. Henta 30. oktober 2009. 
  29. «Bath Alkmaar Twinning Association | ORIGINS». Arkivert fråoriginalen 26. oktober 2017. Henta 23. juni 2017. 
  30. «Reading-Düsseldorf Association – Devoted to promoting & developing friendship between Reading and Düsseldorf». Henta 10. oktober 2019. 
  31. «Twinning with Rome». Arkivert fråoriginalen 5. september 2012. Henta 27. mai 2010. 
  32. «Les pactes d'amitié et de coopération». Arkivert fråoriginalen 11. oktober 2007. Henta 14. oktober 2007. 
  33. «Twinnings». Twinning.org. Henta 16. juni 2009. 
  34. LeVeille, David.«A Tale of Dull and Boring Sister Cities». The World.org. Henta 15. juli 2013. 
  35. Gambino, Lauren.«Dull and Boring? Sounds exciting». KVAL. Arkivert fråoriginalen 22. oktober 2013. Henta 22. februar 2013. 
  36. unknown.«Pratchett city twins with real town». British Broadcasting Corporation. Henta 5. september 2013. 
  37. «'Stimulation Project for the Coexistent Animation Industry Cluster in Nerima', Nerima City,. januar 2009»(PDF). Arkivert fråoriginalen(PDF) 1. mars 2020. Henta 10. oktober 2019. 
  38. «'Using pop culture to assert distinctiveness of place', Japan Local Government Centre, London,. mars 2011»(PDF). Henta 10. oktober 2019. 
  39. «APA – Gyöngyös city of Hungary fraternize with Azerbaijan's occupied town of Shusha – PHOTOSESSION». Arkivert fråoriginalen 5. august 2013. Henta 26. april 2016. 
  40. Wang, Chuhan.«Nanjing suspends official contact with Nagoya». CNTV. Arkivert fråoriginalen 5. mars 2016. Henta 10. juli 2020. 
  41. «Prague suspends partnership with Russian cities».Prague Post. 2. september 2014. Arkivert fråoriginalen 12. september 2014. Henta 12. september 2014. 
  42. «Japan city mayor lodges protest over "comfort women" memorial cost». Arkivert fråoriginalen 4. mars 2016. Henta 26. april 2016. 
  43. «Sister Cities International (SCI)». Sister-cities.org. Arkivert fråoriginalen 13. juni 2015. Henta 21. april 2013. 
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Venskapsby&oldid=3517009»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp