Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Veke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eiveke er ei samanhengande eining av fådagar som stadig gjentek seg. Dei fleste kalendrar som er i bruk i dag harsju dagar. I kalenderen vår er vekene uavhengige avmånadane, slik at vekedager fell på ulikedatoar.

Sjudagarsveka

[endre |endre wikiteksten]
Veka

Valet av veka med sju dagar er eldgammalt, har halde seg i tusenår og spreidd seg over heile verda. Ho blei brukt iBabylonia ogdet gamle Egypt, der ein såg samband mellom dagane og dei sju himmellekamane ein kunne sjå på himmelen. Ein meinte dei vargudar som herska over ulike dagar og tidspunkt. Denne læra har også gjeve namn til våre moderne dagar, ved atromarane assosierte sine gudar medplanetar og deretter med dei germanske gudane.

Jødane tok over sjudagarsveka frå babylonarane under sitt eksil i riket deira. Dei gav dagane nummer i staden for å kalla dei opp etter himmellekamar. Systemet spreidde seg òg austover, tilIndia og heilt tilJapan, der dagane hadde samband med dei same himmelkroppane som i Babylonia. Veka vart òg brukt iKina, men var ikkje så viktig der før i moderne tid.

Mellom anna i gamle kyrkjebøker, hender det at dei latinske namna på vekedagane er nytta: Sundag =Dominica, måndag =Feria secunda, tysdag =Feria tertia, onsdag =Feria quarta, torsdag =Feria quinta, fredag =Feria sexta, laurdag =Die sabbatum. Ofte er vekedagane markert med kvart sitt teikn eller symbol.

ISO 86011
Måndag
2
Tysdag
3
Onsdag
4
Torsdag
5
Fredag
6
Laurdag
7
Søndag
Vekedag

Himmel-
lekam
Moon crescent symbolMars symbolMercury symbolJupiter symbolVenus symbolSaturn symbolSun symbol
MånenMarsMerkurJupiterVenusSaturnSola

Veker med andre lengder

[endre |endre wikiteksten]

Ein har hatt korte veker, heilt ned til fire dagar i visseafrikanske kulturar, og opp til ti i oldtidasHellas ogEgypt.Romarriket hadde ei åttedagarsveke som ei stund eksisterte parallelt med sjudagarsveka.

I321 gav keisarKonstantin den store ut eit dekret som sa at veka skulle ha sju dagar, med namn etter dei sju himmelkroppane (og gudane)Sola,Månen,Mars,Merkur,Jupiter,Venus ogSaturnus, og at soldagen skulle vera den religiøse festdagen for alle trusretningane i riket.

Sjudagssystemet har sidan rulla og gått sin sigersgang over verda, og har vist seg svært motstandsdyktig mot endring. Då Europa gjekk over frå den julianske til den gregorianske kalenderen «mista» ein fleire dagar av ein månad, men vekene gjekk vidare som om ingen ting var hendt.

Underden franske revolusjonen prøvde ein å innføra ei veke på ti dagar, men denne forsvann saman med resten av den revolusjonære kalenderen. Også iSovjetunionen prøvde ein å innføra ulike veker - ei på fem dagar i1929, og ei på seks i1932 - men i1940 gjekk landet tilbake til dei sju dagane.

Det er òg blitt gjort forsøk på å synkronisera vekene med månadene og året, slik at datoane alltid fell på same vekedag, men ingen slike drastiske kalenderendringar har lukkast til no.

Kva tid byrjar ei veke?

[endre |endre wikiteksten]

I følgje denjødiske (og seinarekristne)skaparforteljinga, skapteGud verda i løpet av seks dagar, medan han kvilte på den sjuande. Denne sabbatsdagen markerte slutten på veka, medan dagen etter markerte byrjinga på ei ny. Jødane feirar sabbat på einlaurdag, og dermed byrja veka påsøndagen.

Ettersom dei kristne feira sabbaten sin på søndagen, såg mange det som meir logisk å la veka starta påmåndagen. Dette blei først ein internasjonal standard i1972 gjennomISO 8601, som òg fastsette korleis ein skulle nummerera vekene i året: Den veka i det nye året som inneheld minst fire dagar, det vil seie den første veka med ein torsdag, er veke 1. Med dette systemet opna ein for at året kunne ha 53 nummererte veker.

Ettersomislam sin høgtidsdag er påfredagen, byrjar deira veke på laurdagen.

Måleiningar fortid
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Veke&oldid=3472052»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp