Vegsalt er eitsaltprodukt som ein bruker til å strø påvegar. Det kan brukast til å smeltais på vegen eller til å reduserastøving.Tradisjonelt har ein brukt vegsalt for å reduserastøving frågrusvegar. Medasfalterte vegar er det vanlegast å bruka vegsalt til å smelta snø og is slik at det blir lettare og tryggar å ferdast på dei.
Det vanlegaste vegsaltet ernatriumklorid, eller vanleg koksalt.Kalsiumklorid ogmagnesiumklorid (MgCl2) kan også brukast, anten i særleg kaldt vêr eller når hovudføremålet er å dempa støving. Natriumklorid verker berre ned til rundt temperaturar rundt -7 °C, medan magnesiumklorid er verknadsfullt ned til -15 °C.[1] Magnesiumklorid kan brukast til salting av grusvegar om sommaren eller når det oppstår mykje svevestøv vinterstid.[1]
Ein kan også bruka andre stoff i vegsaltet, som sukkerhaldig saft, som kan forseinka frysinga av nedbør på vegar.[2] og betra verknaden av saltet ved svært låge temperaturar. Forsøk i Canada har til dømes vist at bruk av sukker kan senka frysepunktet heilt ned til -25 °C.[3]
Vegsalting er omdiskutert, ettersom salt kan ha ein negativ effekt på miljøet[4][5] og kan føra tilkorrosjon (rust) på køyretøy. Dei ulike saltprodukta har ulike verknadar, der magnesiumklorid fører til meir korrosjon enn natriumklorid.[1]Ulike vegvesen somStatens vegvesen har derfor arbeidd for å redusera bruken av vegsalt.[4]