Vatikanstaten er den minstestaten i verda. Sjølv om staten er liten, er han kjend over heile verda, og han er eit viktigturistmål. Staten ligg midt iItalia sinhovudstadRoma. I likskap med statenSan Marino er Vatikanstatenheilt omslutta av Italia. Vatikanstaten vart oppretta den11. februar1929, og har kring 1.000 innbyggjarar. Han er den vesle resten etter den ein gong så mektigeKyrkjestaten.
Hæren i Vatikanstaten,Sveitsargarden, som er paven si personlege livvakt, oppstod på1500-talet, og er svært kjend. Hæren er sett saman av omtrent 100 sveitsargardistar.
I Vatikanstaten er det paven som styrer. Paven er den øvste leiaren forDen katolske kyrkja.Pavedømet er i høve tradisjonen innstifta avJesus Kristus sjølv. Kort tid etter at han døydde stod Peter fram som leiar (biskop) forden kristne kyrkjelyden i Roma. Biskopen av Roma var leiaren for heile den kristne kyrkja. Etter kvart vart biskopen i Roma kalla pave. Ordet pave tyderfar. Som leiar for den katolsk kyrkja må paven klargjera viktige trusspørsmål, og orda hans vert i denne samanhengen rekna som «ufeilbarlege». Kyrkja ved paveembetet vert av katolikkar sett på som ufeilbarleg når paven uttalar seg om viktige lærespørsmål.