Geithams og andre stikkveps har fargar som signaliserer at dei bør få vera i fred.
Varselfargar er sterke, iaugefallande fargar som signaliserer at eit dyr er giftig, farleg eller uetande. Dei er særleg vanlege hjåinsekt, ei gruppe som jo er svært artsrik – men finst òg hos m.a.slangar,frosk,[1]padder ogpattedyr. Det finst flest dyr med varselfargar itropane, men ein finn òg mange på høgare breiddegradar. Mest kjent i Noreg er nok dei svarte og gule stikkvepsane. Ogsåmarihøner – som skil ut ei gul væske somfuglar set lite pris på – har varselfargar. Varselfargar fungerer i høve til predatorar som jagar eller orienterer seg ved hjelp av synet, t.d. fuglar, og dei finst vesentleg hos dagaktive dyr. I høve til dyr sommaur ogflaggermus har dei liten eller ingen verknad.
Dei sterke fargane til denne frosken signaliserer at han er giftig.Honninggrevlingen sine «omvende fargar» (lys rygg, mørk buk) varslar om eit hissig dyr med skarpe tenner og klør.
Det finst fleire typar sterke fargar som ikkje er varselfargar:
Mange fuglar i tropiske regnskogar har sterke fargar, ofte vakkert metalliske, men desse gjer dei ofte godtkamuflerte i dei naturlege miljøa deira. Det same gjeld nokre tempererte dyr, somgrøn lauvgrashoppe.
Ein del hanndyr har sterke fargar, særleg i paringstida, for å lokka til seg hoer.
Mange dyr med sterke fargar etterliknar giftige, uetande eller farlege dyr med varselfargar (batesiskmimikry). Stikkvepsane blir etterlikna av blomsterfluger, glasvenger, ein del graveveps (t.d. biulven) m.fl.