Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Varmblodig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ibiologien ervarmblodige ellerjamnvarme dyreartar dei artane som søkjer termiskhomeostase, det vil seie dei heldkroppstemperaturen jamn utan påverknad frå variasjon itemperaturen i omgjevnadene . Dette inneber midlar til å kjøle ned organismen eller produsere meir kroppsvarme. Varmblodige dyr utfører hovudsakleg kontrollen av kroppstemperaturen ved å regulerestoffskiftet, til dømes kan dei auke stoffskiftet om temperaturen i omgjevnaden tar til å gå ned.

Vitskapsfolk har slutta å nytte omgrepa «varmblodig» og «kaldblodig», fordi omgrepa er vage, og på grunn av ei auka innsikt innanfor dette feltet. Typar av kroppstemperaturregulering fell ikkje inn i inn enkle anten-eller kategoriar. Termane kan erstattast av ein eller fleire variantar av definisjonen som vist under. Reguleringar av kroppstemperaturen femnar om eit breitt spekter av ulike teknikkar som kan resultere i eit kontinuum, med dei tradisjonelle omgrepa «varmblodig» og «kaldblodig» på kvar si side av spekteret.

Definisjonar av varmblodig

[endre |endre wikiteksten]

Graden av «varmblodig» refererer generelt til tre fråskilte aspekt avtermoregulering.

  • Endoterm er evna somme dyr har til å kontrollere kroppstemperaturen gjennom interne verkemidlar som for eksempel muskelskjelving eller feittbrenning (gresk:endon = 'innanfor',thermē = 'varme'). Somme skribentar avgrensar tydinga avendoterm til mekanismar som hever stoffskiftet for å produsere varme. Det motsette av endoterm erektoterm.
  • Homeoterm termoregulering referer til mekanismar som held oppe ein stabil indre kroppstemperatur uavhengig av ekstern påverknad. Denne indre temperaturen er ofte, men ikkje stendig høgare enn i det næraste ytre miljø (gresk: homoios = 'liknande',thermē = 'varme'). Det motsette erpoikiloterm.
  • Takymetabolisme er termoregulering som nyttast av dyr som held høgt stoffskifte under kvile (gresk:tachys/tachus = 'rask, kjapp',metabolēn = 'kaste utover'). Takymetabolske dyr er essensielt, «på» heile tida. Sjølv om stoffskiftet under kvile er mange gonger lågare enn under aktivitet, er forskjellen ofte ikkje så stor som hos dyr med sokallabradymetabolisme. Dyr med takymetabolisme har problem med å handtere periodar med redusert tilgang på mat.

Mangepattedyr ogfuglar som vi tidlegare kalla varmblodige passer alle desse tre kategoriane. Men dei siste 30 åra har studiar innan termofysiologi hos dyr avdekt mange artar som høyrer til desse to gruppene som ikkje passer alle tre kriteria. Til dømes er mangeflaggermus og småfuglar poikilotermiske og bradymetabolske når dei søv.Heteroterm er omgrepet som kan nyttast for desse artane.

Vidare studiar på dyr som tradisjonelt var rekna som kaldblodige har vist at dei fleste artar kan innlemmast i ulike variantar av dei tre vilkåra definert over, og saman med dei som er ektoterme, poikiloterme og har bradymetabolisme, kan danne eit breitt spekter av typar mekanismar for å regulere kroppstemperatur. Til og med somme fiskeartar har funksjonar med aspekt av å vere varmblodige.Sverdfisk og nokrehaiar har sirkulasjonsmekanismar som held hovud og augo over temperaturen åt omgjevnaden, det medverkar til å auke evna til å oppdage og reagere på byttedyr.Tunfisk og somme haiar har liknande mekanismar i musklar, det utvidar evna til å halde ut symjing i høg fart.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Varmblodig&oldid=3129537»
Kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp