Vaniljeslekta omfattar rundt 50artar. Tre av dei som stammar fråMeso-Amerika kan brukast til å produsera vanilje. Den vanlegaste erVanilla planifolia, men ogsåVanilla pompona ogVanilla tahitiensis kan brukast. Fruktene er lange, smale kapslar kjende som vaniljestenger. Desse blir tørka og preparert på ulike måtar.[2] Sjølv omMexico er opphavslandet for vaniljeplantane, er det i dagMadagaskar som er den største vaniljeprodusenten i verda.
Vanilje er det nest dyraste krydderet i verda, ettersafran.[3][4] Dette kjem av at vaniljedyrking er svært arbeidskrevjande.[4] Trass i kostnaden er vanilje etterspurd for smaken si skuld.[5] Ofte bruker ein syntetisk framstiltvanillin som ei erstatning for dei mange stoffa som kjem frå ekte vanilje.[2]