Han er blitt kalla «Van the Man» og starta den profesjonelle karrieren sin som tenåring seint i 1950-åra. Han spelte fleire instrument som gitar, munnspel, klaverinstrument og saksofon for forskjellige irske showband, og spelte dei populære hittane på den tida. Han vart kjend i midten av 1960-åra som frontmann i det nordirske R&B-bandetThem, som han spelte inn den klassiskegarasjeband-songen «Gloria» med. Solokarrieren hans byrja med pophitten «Brown Eyed Girl» i 1967.Warner Bros. Records kjøpte han ut av kontrakten hans og gav han høve til å spele innAstral Weeks i 1968.[1] Sjølv om albumet sidan skulle bli hylla, fekk det i starten dårleg kritikk, medan det neste albumet,Moondance, etablerte Morrison som ein stor artist,[2] og gjennom 1970-åra bygde han vidare på ryktet sitt med ei rekkje kritikarroste album og konsertar. Han har òg stundom samarbeidd med andre artistar, somGeorgie Fame ogThe Chieftains.