Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Valldalsvatnet

Koordinatar:59°55′02″N06°55′54″E / 59.91722°N 6.93167°E /59.91722; 6.93167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valldalsvatnet
innsjø
Valldalsvatnet sett frå nord.
Land Noreg
FylkeVestland
KommuneUllensvang
Høgd over havet745moh.
Areal6,78 km²
Kystlengd124,32 km
Koordinatar59°55′02″N06°55′54″E / 59.91722°N 6.93167°E /59.91722; 6.93167
Kart
Valldalsvatnet
59°55′02″N6°55′54″E / 59.917222222222°N 6.9316666666667°E /59.917222222222; 6.9316666666667
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Valldalsvatnet ved demninga

Valldalsvatnet er ein regulertinnsjø som ligg iValldalen på den sørvestlege luten avHardangervidda, og høyrer tilUllensvang kommune iVestland. Ei meir enn 90 meter høgdemning som vart bygd tvers over Hyttejuvet lengst sør i Valldalen på 1960-talet for å gjere Valldalen til eit magasin for vasskraftverka iRøldal-Suldal-utbygginga, sette så å seie heile den opphavlegestølsdalen Valldalen under vatn. Med dette vart det skapt ein ny ti kilometer lang innsjø, med det opphavlege om lag to kilometer lange Valldalsvatnet liggjande heilt nord i dette magasinet.

Kulturminne som vart lagt under vatn

[endre |endre wikiteksten]

Før igangsetjinga av utbyggingsarbeidet, vart det i 1962-1964 gjortarkeologiske registreringar og utgravingar i Valldalen, og det vart då funne ein buplass fråsteinalderen, to hustufter og ein verkstadsplass fråvikingtida ogmellomalderen, og mange hustufter frå nyare tid i denne dalen på om lag sju hundremeter over havet, der det før neddemminga hadde vore seterdrift. Verkstadplassen var eit sjeldsynt funn ved å syne seg å ha vore ein produksjonsstad forperler avbergkrystall, for ein slik verkstadplass var ikkje funne iNoreg tidlegare. Etter alt å døme, har plassen vore nytta ivikingtida.

Den største av hustuftene vart greve ut, og er truleg leivningar etter hus som var nytta av fastbuande mot slutten av vikingtida, eller på 1100-talet. Huset hadde vore tjue meter langt og fire meter breitt, og inndelt i fire rom, der det to av romma truleg har vore bustad, det tredje forrådsrom og det fjerde og største vore uthus. Folket har truleg halde husdyr. Eitljåblad eller ein sigd vart funne i hustufta, og to pilspissar tyder på at det har vore drive jakt.

Einheller,Ullshelleren, som vart utgrave under leiing avarkeologenKnut Odner, synte seg å ha vore nytta som bustad for menneske i lang tid, er òg sett under vatn. Her vart det mellom anna funnehelleristingar avbronsealdertype. Motiva var skip, hestar og fotsolar, som er dei same som er å sjå på dei såkalla «jordbruksristingane» på svaberg i gamalt jordbruksland i låglandet.

Av det som vart registrert, og av det som vart grave ut, går det fram at fleire interessante kulturminne frå gamal tid kunne ha vore å finne i det terrenget som no ligg i djupet av Valldalsvatnet.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • Svein Indrelid. 2014.Oppdagelser på Hardangervidda, side 140-145. Kvinnherad: Forlaget Nord 4.ISBN 978-82-7326-108-3
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Valldalsvatnet&oldid=3302341»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp