Val Müstair | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | ![]() | ||
Kanton | Graubünden | ||
Distrikt | Inn | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune | 198,65 km² | ||
Innbyggjarar - kommune(desember 2010) - folketettleik | 1 592 8 /km² | ||
Koordinatar | 46°36′0″N10°25′0″E / 46.60000°N 10.41667°E /46.60000; 10.41667 | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 7537 | ||
Nettstad:www.muenstertal.ch |
Val Müstair (tyskMünstertal,italienskVal Monastero) er einkommune og ein dal i distriktetInn i densveitsiskekantonenGraubünden. Kommunen har 1 592 innbyggjarar (2010) og eit areal på 200 km².
Dalen strekkjer seg inn iItalia og grensar tilFuornpasset, (2 149 moh) medSør-Tyrol på andre sida ogVinschgau-Val Venosta (914 moh).
Kommunen vart skapt 1. januar 2009 då Tschierv, Fuldera, Lü, Valchava, Santa Maria Val Müstair og Müstair vart slått saman.
Benediktinarklosteret St. Johannes ved Müstair er einverdsarvstad som truleg vart grunnlagd avKarl den store.
Dei viktigaste landsbyane i Val Müstair er Tschierv (1660 meter), Valchava (1412 meter), Santa Maria (1375 meter), Müstair (1247 meter) (i Sveits) ogTaufers im Münstertal i Sør-Tyrol. Ingen av sidedalane er busette, men vegen overUmbrailpasset (ogStelviopasset) går via Santa Maria.
Største delen av dalen ligg i kantonenGraubünden i Sveits. Ein liten del ligg i regionenTrentino-Alto Adige (Sør-Tyrol) i Italia. Grensa går i om lag 1 245 meter høgd mellom Müstair ogTaufers-Tubre på 1240 meter.
Elva som renn gjennom dalen erRam (Il Rom ellerRombach).