Denne artikkelen er om politiske val. For den kognitive prosessen val; sjåher
Val er beslutningsprosessar der folk røystar for sine favorittar blant fleire alternativ, og fordelinga av røystene avgjer kva som vert utfallet av prosessen (kven som vinn). Val er den vanlege måten å utpeika kven som skal sitja i viktige politiske posisjonar i eitdemokrati (eller eitindirekte demokrati) på.
Ulike samfunn har ulikevalsystem, og ingen av dei vil kjennast heilt rettvist for alle. Difor er alle røystemetodane utsette for kritikk. Den vanlegaste måten å røysta på, er at kvarrøysteføre innbyggjar harei røyst, som ho gjev til den kandidaten ho vil skal vinna.