VM i fotball 2010 var den 19. verdsmeisterskapen ifotball. Han vart arrangert iSør-Afrika frå11. juni til11. juli2010. Det var første gongen fotball-VM vart arrangert på detafrikanske kontinentet.Spania vart verdsmeister for første gong, etter å ha slåttNederland 1-0 i finalen etter ekstraomgangar.Tyskland sloUruguay i bronsefinalen. Sør-Afrika vart det første vertslandet nokon gong som ikkje gjekk vidare frå gruppespelet. Toppskårarane i turneringa vartThomas Müller frå Tyskland,Wesley Sneijder frå Nederland,David Villa frå Spania ogDiego Forlán frå Uruguay, som skåra fem mål kvar, men Thomas Müller vann den offisielle toppskårartittelen fordi han hadde flest målgivande pasningar.FIFA kåra Diego Forlán til beste spelar i turneringa, ogIker Casillas frå Spania til beste målvakt.
FIFA bestemte at opningskampen og finalen skulle spelast påSoccer City iJohannesburg. Meisterskapen vart sparka i gang her 11. juni då Sør-Afrika møtteMexico i gruppe A.
Det var på førehand klart at det var Afrika som skulle arrangera VM i 2010. Dei fem landa som søkte om å få arrangera meisterskapen, var:
14. mai 2004 trekte Tunisia søknaden, då det vart klart at dei ikkje ville få løyve til å dela arrangementet med Libya.
15. mai 2004 avgjordeFIFA sin eksekutivkomité iZürich med 14 stemmer mot 10 at meisterskapen skulle arrangerast i Sør-Afrika framfor Marokko. Egypt fekk ingen stemmer. Libya vart utelate frå avgjerda etter at dei hadde forklart at dei ønskte å arrangera meisterskapen saman med andre, og ikkje på eiga hand.
Totalt var 32 land med, slik det hadde vore sidan VM i 1998. Sidan vertslandet er automatisk kvalifisert, fekk Afrika med eitt lag meir enn vanleg i denne turneringa.
- Afrika (CAF). 6 plassar
- Asia (AFC). 4,5 plassar
- Sør-Amerika (CONMEBOL). 4,5 plassar
- Oseania (OFC). 0,5 plassar
| - Europa (UEFA). 13 plassar
- Nord-Amerika, Sentral-Amerika & Karibia (CONCACAF). 3,5 plassar
- Playoff-spel
- Femte beste nasjon fråAFC (Bahrain) tapte mot den beste nasjonen fråOFC (New Zealand).
|
9 grupper med 6 eller 5 lag. Dei 9 gruppevinnarane og halvparten av de 8 beste gruppetoarane gjekk til VM.
12 grupper med 4 lag spelte først. Deretter vart dei beste laga igjen delt opp i grupper. Sør-Afrika var automatisk kvalifisert som arrangørland.
Cup-spel for å eliminera lag, deretter trekning i 5 grupper.
Det beste laget spelte play-off-kamp mot det 5. beste frå Asia.
Éi gruppe med alle lag. Dei 4 beste gjekk direkte vil VM, nummer 5 spelte play-off mot play-off-laget frå Nord-Amerika, Sentral-Amerika og Karibia.
Fleire grupper. Play-off-laget spelte mot det 5. beste laget frå Sør-Amerika.
Desse var dommarar under verdsmeisterskapen:
Seedinga for VM vart offentleggjort av FIFA 2. desember 2009. Ho var basert på FIFA-rankinga per oktober 2009. Dermed vart det òg avgjerande korleis laga hadde gjort det etterfotball-VM i 2006. Frankrike, som hadde to haltande kvalifiseringar og eit svakt EM sidan førre VM, vart derfor ikkje seeda, trass i sølvet i 2006.
Ingen av dei tre søramerikanske laga kunne koma i gruppe med Brasil og Argentina. Det vart løyst ved at dei to første afrikanske laga som vart trekte ut, vart plassert i gruppene der Brasil og Argentina på det tidspunktet allereie var plasserte. Sør-Afrika kunne på si side ikkje møta afrikanske lag.
Trekninga av gruppene i VM skjedde 4. desember 2009.