Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Fotball-VM 1982

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråVM i fotball 1982)
Kart over deltakarlanda i fotball-VM 1982
Italia sitt mannskap i VM-kampen mot Argentina i mellomrunda. Bak frå venstre; Zoff, Giancarlo Antognoni, Scirea, Graziani, Collovati og Gentile, framme frå venstre; Rossi, Conti, Cabrini, Oriali og Tardelli.

Verdsmeisterskapen i fotball 1982 vart avvikla iSpania i tida 13. juni til 11. juli 1982.Italia vann sin tredje VM-tittel etter finalesiger 3-1 overVest-Tyskland.

For fyrste gong deltok 24 land i verdsmeisterskapen, desse var inndelt i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe gjekk vidare til ei mellomrunde med fire grupper, kvar av dei med tre deltakarland. Vinnarane av dei fire gruppene i mellomspelet møttest så til to semifinalar.

I semifinalane vann Italia 2-0 overPolen, medan Vest-Tyskland slo utFrankrike i straffetevling. Den siste kampen vart høgdramatisk; den vesttyske målvaktaHarald Schumacher felte franskePatrick Battiston som var i ferd med å skåre eit «opplagt» mål på stillinga 1-1 i ordinær tid, og i ekstraomgangane tok Frankrike leiinga 3-1 før vesttyskarane reduserte og så utlikna til 3-3.

Bronsekampen iAlicante enda med polsk siger 3-2 over Frankrike.

Dei 52 kampane fann stad på 17 arenaer i 14 ulike byar. ItalienarenPaolo Rossi vart toppskårar i turneringa med seks mål.

Fyrste runde

[endre |endre wikiteksten]

Gruppe 1

[endre |endre wikiteksten]
#LagKSUTMål±P
1 Polen31205–144
2 Italia30302–203
3 Kamerun30301–103
4 Peru30212–6−42

Gruppe 2

[endre |endre wikiteksten]
#LagKSUTMål±P
1 Tyskland32016–334
2 Austerrike32013–124
3 Algerie32015–504
4 Chile30033–8−50

Gruppe 3

[endre |endre wikiteksten]
#LagKSUTMål±P
1 Belgia32103–125
2 Argentina32016–244
3 Ungarn311112–663
4 El Salvador30031–13−120

Gruppe 4

[endre |endre wikiteksten]
#LagKSUTMål±P
1 England33006–156
2 Frankrike31116–513
3 Tsjekkoslovakia30212–4−22
4 Kuwait30122–6−41

Gruppe 5

[endre |endre wikiteksten]
#LagKSUTMål±P
1 Nord-Irland31202–114
2 Spania31113–303
3 Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia31112–203
4 Honduras30212–3−12

Gruppe 6

[endre |endre wikiteksten]
#LagKSUTMål±P
1 Brasil330010–286
2 Sovjetunionen31116–423
3 Skottland31118–803
4 New Zealand30032–12−100

Andre runde

[endre |endre wikiteksten]

Gruppe A

[endre |endre wikiteksten]
#LagKSUTMål±P
1 Polen31103–033
2 Sovjetunionen31101–013
3 Belgia30020–4−40

Gruppe B

[endre |endre wikiteksten]
#LagKSUTMål±P
1 Tyskland31102–113
2 England30200–002
3 Spania30111–2−11

Gruppe C

[endre |endre wikiteksten]
#LagKSUTMål±P
1 Italia32005–324
2 Brasil31015–412
3 Argentina30022–5−30

Gruppe D

[endre |endre wikiteksten]
#LagKSUTMål±P
1 Frankrike32005–144
2 Austerrike30112–3−11
3 Nord-Irland30113–6−31

Finalen

[endre |endre wikiteksten]
Lagoppstillingane i finalen, Italia i blått

VM-finalen mellom Italia og Vest-Tyskland fann stad påSantiago Bernabéu iMadrid om kvelden 11. juli, med 90 000 tilskodarar til stades. Etter ein mållaus fyrste omgang skåra Italia i det 12., 24. og 36. minutt av andre omgangen ved Rossi, Tardelli og Altobelli. Straks etter Italia sitt tredje mål, redusertePaul Breitner for Vest-Tyskland.

Italia sitt meisterlag bestod av kapteinenDino Zoff i mål,Gaetano Scirea,Claudio Gentile,Fulvio Collovati,Giuseppe Bergomi,Antonio Cabrini,Gabriele Oriali,Marco Tardelli,Bruno Conti,Paolo Rossi,Francesco Graziani. Graziani vart skadd og gjekk ut allereie i det 7. minutt, inn komAlessandro Altobelli, som på side forlet bana i det 89. minutt til fordel forFranco Causio.

Mannskapet tilVest-Tyskland var:Harald Schumacher,Manfred Kaltz,Karlheinz Förster,Uli Stielike, Bernd Förster,Hans-Peter Briegel, Wolfgang Dremmler,Paul Breitner,Karl-Heinz Rummenigge, Klaus Fischer ogPierre Littbarski. Dremmler og ein småskadd Rummenigge forlet bana i det 62. og det 70. minutt, inn kom fyrstHorst Hrubesch og sist Hansi Müller.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata


Menn
Kvinner
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Fotball-VM_1982&oldid=3473028»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp