Utskjering er ein teknikk der ein bruker ulikereiskapar til å lagamønster,bilde,skriftteikn ogsymbol i eit materiale ved å skjera eller rissa bort noko av det. Ein kan skjera ut alle materiale som er solide nok til å halda på forma si når ein fjernar bitar frå det, samstundes som dei er mjuke nok til at ein klarer skjera bort bitar med dei verktøya ein måtte ha tilgjengelege. Vanlege utskjeringsmateriale er tre, stein og metall. Ein kan også skjera ut is og snø, bein og elfenbein, matvarer og ulike plantemateriale.
Utskjering skil seg frå skulpturmaking med mjuke materiale somleire eller smeltaglas, som ein kan forma medan dei er mjuke og som sidan hardnar. Utskjering krev ofte meir arbeid enn arbeid med mjuke, formbare materiale.[1]
Treskjering er ei utskjeringsform som er utbreidd over heile verda. Ein kan bruka trevirke frå ulike treslag til å skjera ut nytte- og pyntegjenstandar, fargreier og bygningsdelar.
Ein kan skjera ut ei rekkje organiske materiale. Bein, horn og elfenbein er særleg vanlege. Ein kan også skjera ut mønster i lêr, eller symbol eller bokstavar i borken til levande tre.
Ein kan skjera ut skalet tilegg eller frukter somgraskar ogkalebassar, til dømes til lykter (jack-o'-lantern) eller drikkekar (t.d. tilmaté).
I Sør-Asia og Søraust-Asia, særleg i Thailand, skjer ein ut bananstenglar til særskilde høve. I Thailand blir dei gjerne brukt til dekorasjonar ved gravferder, ordinasjonar og andre religiøse seremoniar.[2]I India kan dei brukast til midlertidige gudebilde.[3]
I Kina finst det tradisjon for å skjera ut miniatyrarbeid av fruktsteinar kjend somhediao.[4]Ein kan bruka steinar frå fersken, aprikos, oliven elleryangmei (Myrica rubra). Dei kan formast som små smykke eller amulettar som førestiller Buddha, naturen eller kinesiske årsdyr.[5][6]
Hogging eller utskjering av stein går langt tilbake i tid. Utskjering av berg tilhelleristingar og utforming av reiskapar av til dømesflint har føregått sidansteinalderen. Ein kan skjera ut både mjuke mineral, somtuff,kalk- ogsandstein, og harde mineral sommarmor,basalt oggranitt. Før ein oppdaga stål måtte hard stein skjerast ut ved hjelp av filing, ettersom ingen metall ein kjende til var harde nok til å hogga i steinen.
Is, snø og sand kan skjerast ut til skulpturar som berre varer ei kort tid. Desse blir ofte laga i samband med festivalar, som Harbin internasjonale is- og snøfestival eller Weston-super-Mare Sand Sculpture Festival.
Ein kan skjera ut matvarer for å laga til ein fin matpresentasjon, for å vekka merksemd eller som eit kortvarig kunstprosjekt.
Frukt og grønsaker er vanlege materiale for utskjeringar. Harde grønsaker held forma godt, og kan til dømes skjerast ut til blad og blomar. Ulike fargar på skal og kjøt kan nyttast til å få fram mønster, til dømes frå vassmelon.
Mjukare matvarer somtofu,[7]ost[8] ogsmør[9] kan også skjerast ut. Smørskulpturar treng som regel nedkjøling for ikkje å smelta. Smør kan også smeltast og utformast ved hjelp av former, og det same gjeld sjokolade, men ein kan også skjera ut sjokoladen.[10]