Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Utdøydd språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eteokyprisk innskrift fråAmathousKypros datert til 500-300 f.Kr. No -vedAshmolean Museum.

Eitutdøydd språk er eitspråk som ikkje lenger har levandemorsmålstalarar. Prosessen der eit språk blir dødt blir kallaspråkdød. Nokre gonger skil ein mellom eit utdøydd og eitdødt språk, der sistnemnde framleis blir brukt i visse samanhengar, men ikkje i spontan daglegtale og dermed ikkje lenger går gjennom den naturlege språkutviklinga ein finn i levande språk.

Språk kan døy ut når språktalarane døyr eller går over til andre språk. Dette kan skje når språksamfunnet blir utsett for stor påverknad fra andre språksamfunn. Talarane kan då gå over til eit heilt anna språk, eller språket kan gå gjennom så store endringar at det blir tale om eit nytt språk. Eit døme på eit nyleg utdøydd språk erakkalasamisk, der den siste talaren døydde i 2003. Eit eldre døme ernorrønt, som er utdøydd fordi talarane har gått over til nyare språkformer.[1]

Stundom gjer ein forsøk på å vekka utdøydde språk til live igjen ved å innføra det som daglegspråk for nye talarar, noko ein til dømes har gjort medhebraisk i Israel ogkornisk i Cornwall.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Lars S. Vikør,«Frå norrønt til bokmål og nynorsk», sprakradet.no

Typar avspråk etter bruk
Utryddingstruga språk
Spire
Dennespråkartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Utdøydd_språk&oldid=3479732»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp