Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Unix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unix


Utviklar(ar)Bell Labs, Ken Thompson, Dennis Ritchie, Brian Kernighan
Utgjeve1969
Skrive iC,assembler
Avleidde systemBSD,Linux
Nettstadhttps://www.opengroup.org/unix-systems
UNIX-familien

UNIX® (kjend somUnix) er eitoperativsystem som køyrer på mange ulike maskinarkitekturar. UNIX var ei videreføring av prosjektetMultics. Arbeidet med Multics feila, men vart teke over av tilsette vedAT&TsBell Labs, der det vart til UNIX. Dei mest kjende personane bak UNIX frå denne tida erKen Thompson,Dennis Ritchie ogDouglas McIlroy.

Før UNIX var operativsystema tunge og uoversiktlege sidan program ofte varprogrammerte til å utføre fleirfaldige oppgåver samstundes. Då strukturen i UNIX-systemet vart utforma baserte ein seg heller på småprogram som berre utførte ei oppgåve om gongen. I tilfelle då maskina skulle utføre store, tunge oppgåver, køyrde ein informasjonen frå program til program gjennom «logiske røyr» (eng.pipes). Den fyrste versjone var ferdig rundt 1969-1970[1].

Under arbeidet med UNIX fekk ein òg bruk for eit lett, enkelt og maskinnøytralt, men kraftigprogrammeringspråk for å kunne flytte program frå maskin til maskin. På den tida måtte eit program skrivast på nytt for kvar nye type maskin, noko som var særs upraktisk. Det var byrjinga påprogrammeringsspråket C[2].

Ein viktig del av UNIX er òg det såkallaskalet, som er eit program som tolkar kommandoar brukaren skriv inn i eit tekstvindauga på skjermen. Skalet har vore og er framleis det viktigaste grensesnittet mellom brukar og operativsystem. Gjennom skalet kan brukaren administrere filer, få oversikt over systemressursar, starte opp andre program osv. I staden for å skrive kommandoane interaktivt i tekstvindauga, kan brukaren òg lage ei tekstfil med dei same kommandoane. Tekstfila kan deretter køyrast som eit vanleg program, og me kallar slike tekstfilerskalskript (eng.shell script). Dette gjer bruken av eit UNIX-system vesentleg enklare. Regelbundne oppgåver som skal utførast til dømes kvar dag klokka fire, kan programmerast og bli tekne vare på i eit slikt skript.

Fleire operativsystem har basert seg på eller henta inspirasjon frå UNIX, blant andreGNU/Linux,Minix,BSD (FreeBSD,NetBSD,OpenBSD,Mac OS X),Solaris ogplan9.

I dag er restane av det som ein gong var det offisielle UNIX spreidd rundt omkring, noko som har ført til fleire kontroversar. AT&T selde UNIX tilNovell i1993, som seinare bestemte seg for berre å behalde kjeldekoden og å selje varemerket UNIX ogSingle Unix Specification tilThe Open Group. «Single Unix Specification», som i dag er i si tredje utgåve (Unix 03), er ein spesifikasjon som seier kva krav som stillest til eit operativsystem for at det skal kunne kallast UNIX. Ingen av dei to mest brukte UNIX-liknande operativsystema i dag, Linux og *BSD, er sertifiserte under denne standarden, sjølv om det ikkje skal mykje ressursar til for å få dette til.

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. D.M. Ritchie, K. Thompson,The UNIX Time-Sharing System. Bell System Tech. Jou. Vol. 57, No. 6.1978, ss. 1905–1929.
  2. B.W. Kernigham og D.M. Ritchie,The C programming language, Prentice-Hall, 1978.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Unix&oldid=3601390»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp