Store delar av Ungarn har slettelandskap og dei viktigaste av desse erDen vesle ungarske sletta i nordvest ogDen store ungarske sletta i aust. I førhistorisk tid låg det ungarske slettelandskapet under vatn. Då vatnet trekte seg attende var det etterlate store avleiringar. Saman med lausjord som seinare har blåse til, utgjer dette jordsmonet eit svært fruktbart område forjordbruksproduksjon.
To tredelar av Ungarn er oppdyrka mark. Fyrst og fremst vertkveite ogmais dyrka, men landet har òg stor produksjon avfrukt,sukkerroar,grønsaker oghamp. Ungarn har òg ein omfattandevinproduksjon, mellom anna i dei ungarske vinområdaTokaj ogEger.
Ungarn er delt i to av to store elvar,Donau (Duna på ungarsk) ogTisza, som renn i aust.Drava er ei anna stor elv i sør, som dannar grensa motKroatia.Balatonsjøen er den største innsjøen i landet og i Sentral-Europa.
Budapest er den største byen i landet, med over to millionar innbyggjarar. Den gamle bydelenBuda ligg på den vestre breidda avDonau, og den meir moderne bydelenPest på den austre breidda. Byen vart teken av osmanane i tida frå 1541 til 1686. Han vart påført store skadar underandre verdskrigen og ved opprøret i 1956.Debrecen er den neststørste byen i Ungarn med sine tohundretusen innbyggjarar.
Dei store slettene i Ungarn utgjer store delar avklimaet i Ungarn, som ikkje er ulikt det ein kan finne på prærien iUSA.Alpane i vest hindrar fuktig luft fråAtlanterhavet å strøyma inn over Ungarn. Dimed har Ungarn større temperaturskilnader mellom sumar og vinter enn ein har lenger vest i Europa.
Sumaren har ofte mykje sol medettermiddagsskurer og av og tiltorevêr. Tidleg på sumaren har ein torevêr ein av tre dagar.Donaudalen er ofte litt fuktigare, men ikkje meir enn at det ikkje vert uhugleg. Somme dagar kan det verta svært varmt, særleg i sør og i aust. Slettene turkar fort opp tidleg på hausten, før ein igjen får ein våtare periode og kjøligare vêr frå oktober til desember. Ein kan få lettsnø innimellom om vintrane, men snødekket ligg sjeldan særleg lenge, og eit snøfall smeltar jamnast før det neste kjem. I snitt ligg snøen på bakken 30-40 dagar på eit år, men i år med kaldare vintrar kan talet på snødagar aukast, særleg når den kalde austanvinden fråUkraina slår til.Bakonyområdet og andre høgare punkt har derimot lågaretemperaturar og større mengder snø når fuktig luft strøymer nordover fråAdriahavet. Frå april av byrjar dei lågareliggjande områda å varmast opp igjen.Budapest har ein årleg nedbørsnormal på 614mm.
Området som no heiter Ungarn vart i romartida kallaPannonia. Etter atRomarriket fall vart Pannonia, lik mange andre romerske provinsar, overfløymd av andre folkegrupper. Dei fyrste av desse varhunarane, som ved hjelp avAttila skapte det mektige hunarske imperiet. Namnet «Ungarn» er påverka av namnet til det hunske folket, men kjem truleg frå namnet på den tyrkiske Onogur-stamma. Etter at hunarimperiet gjekk i oppløysing råddetyske stammer over ulike delar av Ungarn i eit hundreår, før dei vart avløyste avavarane. Under avarane si tohundre år lange hersketid byrja innstrøyminga avslaviske stammer til Ungarn.Moraviarar,bulgarar,kroatarar,serbarar ogpolakkar prøvde alle å styrta avararane, men dei heldt makta heilt tilKarl den store dukka opp. Etter Karl den store sin død byrja ei slavisk maktoppbygging i området, ogSwatopluk, herskaren avStor-Mähren gjorde ein freistnad på å gjera området til ein varig del av det mähriske kongedømet, men då magyarane kom enda desse planane.
Under leiing av Árpád-dynastiet vart Ungarn litt etter litt omgjort til eit stort, sjølvstendig kongedøme som skapte ein spesiell sentraleuropeisk kultur med band til dei største vesteuropeiske sivilisasjonane.Mátyás Corvinus herska over Ungarn frå1458 til1490. Ungarn vart under renessansen og Corvinus sitt styre til det kunstnariske og kulturelle senteret i Europa. Den ungarske kulturen påverka andre kulturar, til dømes det polsk-litauiske samarbeidet. Saman med Polen og tsjekkiske landområde forma Ungarn «Visegrád-alliansen». I dag finst framleis ein allianse ved det same namnet, med medlemslandaTsjekkia,Slovakia og Polen.
Ungarsk sjølvstende enda medosmanane sitt inntog på byrjinga av 1500-talet. Dei delane av Ungarn som ikkje vart tekne av osmanarane, vart annekterte av Austerrike (som hadde ungarske kongar på den tida) i vest, og vart sjølvstendige delar av Dettransylvanske samveldet i aust. På slutten av 1600-talet, etter 150 år, tok Austerrike og landet sinekristne allierte attende det ungarske området frå osmanane.
Etter det sistetyrkiske nederlaget byrja kampen mellom Ungarn og kongane avHabsburg, om landet skulle vera ein sjølvstendig nasjon eller ein del av Habsburgsamveldet. Kampen mot den austerrikske totalismen enda i ein fridomskrig mellom 1704 og 1711 leia av den transylvanskeFerenc II Rákóczi. Rákóczi innsåg at nederlaget nærma seg, så han flydde til Polen, og arbeidde seinare ved detfranske hoffet, før han til sist reiste til Det osmanske riket der han døydde ein naturleg død.
Revolusjonen og krigen frå 1848 til 1849 førte til at slaveriet vart bannlyst, og ungararane fekk borgarrettar. Krigen såg lenge ut til å gå i Ungarn sin favør, men då dei ungarske arméane nærma segWien, gjekkRussland, som var ein alliert av Austerrike, inn i austlege delar av landet, og ungararane tapte. Austerrikarane feira denne sigeren ved å skåla i store mengderøl, og på grunn av dette var det i 150 år, frå 1849 til 1999 «forbode» for ungararar å skåle med øl. Trass i at det sjølvpålagde forbodet enda i 1999 vert det framleis sett på som dårleg folkeskikk å skåle med øl i Ungarn.
Takk vere at den fransk-allierte koalisjonen sigra over Austerrike vedSolferino i1859 og seinare overPreussen i 1866, vart Ungarn i 1867 ein sjølvstendig del av Austerrike-Ungarn fram til imperiet kollapsa etterden fyrste verdskrigen. Ungarn skilde seg frå Austerrike den 31. oktober1918.
Kommunistane tok over makta i landet i mars1919, og allereie i april kynteBéla Kun at Ungarn no var den ungarske sovjetrepublikken. Denne regjeringa varte ikkje lenge, ettersom denrumenske hæren invaderte landet, og den 6. august 1919 sette ein stoppar for sovjetrepublikken Ungarn. Høgreorienterte militærstyrkar, leia av den tidlegare austerriksk-ungarske admiralenMiklós Horthy gjekk inn i Budapest like etter at dei rumenske styrkane drog bort frå byen, og tok då over makta. I 1920 vart admiral Horthy vald til regent, og på dette viset var Ungarn framleis eit kongedøme, trass i det faktum at det ikkje fanst fleire ungarske kongar. I juni vartTrianon-traktaten underskriven, og dei ungarske grensene vart fastsette. Det ungarske området var no berre ein tredel av det det hadde vore under Stor-Ungarn (Nagy Magyarország) berre nokre år tidlegare.Miklós Horthy leia landetautokratisk imellomkrigstida. Den ungarske politikken og kulturen i den perioden var sterkt prega av at både folket og regjeringa ville gjenopprette Stor-Ungarn si ære og landområde, same kva det måtte kosta.
Horthy allierte seg medNazi-Tyskland på 1930-talet, i von om å kunna få attende dei territoria Ungarn hadde tapt i denfyrste verdskrigen. Tyskland gav difor Ungarn område som tidlegare hadde vore ungarske, delar avTsjekkoslovakia,Jugoslavia og Romania, og som takk for dette tok Ungarn aktivt del i den andre verdskrigen på tysk side. Meir enn 400000 ungarskejødar og titusenar avsigøynarar miste livet, men Horthy greidde stogga planane om å deportera alle jødane i Budapest (om lag 200000 personar) lenge nok til at dei fleste vart redda. Dette var ein av grunnane til atHitler såg på Horthy som ein forrædar som berre fylgde nazistane for sitt eige land si vinning, og ikkje på ideologisk grunnlag. Etter at dei allierte invaderteItalia var det mange diskusjonar om ikkje Ungarn skulle skifte side, så i oktober 1944 bytte Hitler Horthy ut med den ungarske nazikollaboratørenFerenc Szálasi ogPilkrosspartiet hans for å sikra framleis ungarsk stønad i krigen, og «nazismen sine fiendar» i Ungarn fekk hard medfart.
Etter Nazi-Tyskland sitt fall, vart Ungarn einsovjetisk lydstat og vart omgjort til ein kommuniststat etter ein kortare demokratisk periode i 1946-1947. Etter 1948 innførte kommunistleiarenMátyás Rákosi eistalinistisk leiing, og det no krigsherja Ungarn var nær total kollaps. Dette førte til1956-opprøret, som kynte atWarszawa-traktaten var oppløyst frå ungarsk side. Revolusjonen enda med militær intervensjon frå russisk side, men berre etter ei avtale med USA om «nøytralitet» mot at amerikanarane fekk høve til å gjera det same underSuez-krisa. Denne avtala fekk austeuropearar til å tvila på Truman-doktrinen som hadde lova å stogga all spreiing av kommunisme i verda. På dette viset stogga Sovjet den ungarske revolusjonen med militære midlar, og tusenar vart deporterte. I tillegg vart den reformvenlege kommunistiske statsministerenImre Nagy avretta. Fråsekstitalet til seint på åttitalet gjekk Ungarn under namnet «den gladaste kommunistblokka», under leiing av den kontroversielle kommunistleiarenJános Kádár, som innførte eit autokratisk styresett. Seint på åttitalet leia Ungarn arbeidet med å få oppløyst Warszawa-traktaten, og gjekk mot å verta eit fleirpartisk demokrati med ein marknadsorientert økonomi. Etter at Sovjetunionen fall i 1991 fekk Ungarn betre band til Vest-Europa, vart medlem av NATO i 1999 og ein del av Den europeiske unionen den fyrste mai 2004.
Ungarn har sidan tidleg imellomalderen vorte kalla den vestlege sivilisasjonen sin austlege utpost iEuropa. I samband med aukande autonomi innan det austerrikske keisardømet blømde ein moderne høgkultur opp, og i dag står kaféar iBudapest og kulturinstitusjonar ikkje til atters for det ein kan finne iWien.
Mellom elvaneDonau ogTisza er det ein stor rikdom ifolkedrakter, folkesongar og folkedansar. Spora avbalkanisme kan ein sjå i blandinga av serbisk, svabisk, slovakisk, rumensk og romsk folkekultur i møte med den ungarske kulturen.
Den ungarske kulturpåverknaden er òg merkbart tilstades i granneprovinsane i grannelanda, somVojvodina,Transsylvania, sørlege delar avSlovakia ogAusterrike, der ein på mange stader òg finn store ungarske minoritetsgrupper.
Ungarn dyrkar mykjepaprika, som vert spegla i matvegen med retter som til dømesgulasj.