Medan verkelege ugler, frå no av berre kalla ugler, varierer sterkt i storleik, slik at dei største artane,hubro ognordfiskeugle, (60–71 cm; 3150–4600 gram) har omtrent 85 gonger meir masse enn den minste arten,alveugle, (12,5-14 cm; 35-55 gram). Ugler deler generelt ei svært lik kroppsbygning.[1] Typisk har dei stort hovud, korte halar, kamuflerandefjørdrakter og runde andlet med karakteristiske «tallerkenar» rundt auga. Familien er generelt knytt til tre, med nokre få unntak somgraveugle, og flyg mot føda eller byttet. Vengene er breie, avrunda og lange. Nett somrovfuglar, syner mange ugleartarkjønnsdimorfisme i storleik, der hofuglar er større enn hannfuglar.[2]
Hornugleunge
Foto: Tom Maack
Fjørene er mjuke og den indre delen av kvar fjør er dunete, slik at uglene rører seg med minimal lyd i flukta. Spesialiserte fjører og vengeform undertrykker vanleg støy frå flyging, både når dei tar av, klapper med vengene og glir i flukta.[3] Denne nær lydlause flukta lèt ugler jakte utan å bli høyrt av byttet. Ugler har tre fysiske eigenskapar ved vengene som blir rekna å bidra til den spesielle flygingsevna deira. På framkanten av vengen er det ein kam av stive fjører. Bakkanten av vengen har fleksible frynser.[4] Til slutt har oversida av vengen dunkleding som skaper ei ettergjevande grov overflate, liknande eit mjukt teppe. Alle desse faktorane resulterer i monalege aerodynamiske støyreduksjonar.[5]Tær ogtars er fjørdekte hos einskilde artar, og meir på artar som lever på høgare breiddegrader.[6]
Ugler er i stand til å rotere hovudet heile 270 grader i begge retningar utan å skade blodårene i nakken og hovudet, og utan å forstyrre blodstraumen til hjernen.Haukugle og fleire av artane i slektaGlaucidium har øyelappar på baksida av hovudet, tilsynelatande for å overtyde andre fuglar om at dei blir overvakt heile tida. Talrike nattlege artar har øyretoppar, fjører på sidene av hovudet som er trudd å ha ein kamuflasjefunksjon, ved å bryte opp omrisset av ein fugl som sit stille. Fjørene «andletstallerkenane» er ordna for å styrkje lydar mot øyra. Høyrsla til ugler er svært kjenslevar og øyrane hos mange artar har asymmetriske opningar slik at ugla betre lokaliserer lydkjeldene. I tilhøve til storleiken på kroppen har ugler store auge. I motsetnad til det mange trur, kan ikkje ugler sjå godt i ekstremt mørke, og har dessutan godt dagssyn.[1]
Nokre ugleartar har eit fluorescerande pigment kallaporfyrinar under vengene. Ei stor gruppe pigment definert av nitrogenhaldige pyrolringer, inkludertklorofyll ogheme i animalsk blod, utgjer porfyrinene. Andre fugleartar nyttar porfyriner til å pigmentere eggeskal i eggleiaren, men ugleartar bruker likevel porfyriner som pigment i fjørdrakta,[7] til dømesslipeugle,Aegolius acadicus. Porfyrinar er mest utbreidde i nye fjører og blir lett øydelagt av sollys. Dei blir synlege for menneske iultrafiolett lys er derfor ein markør for å fastsette alderen på fjørene og med det alderen på individet.[8]
Åtferd
Ugler er vanlegvis nattlege og/eller aktiv i tussmørker og kviler store delar av dagen. Dei blir ofte misforstått som tamme sidan dei lèt menneske nærme seg ganske tett innpå før dei flyg, men i røynda er stillesittinga ein strategi for å unngå å bli oppdaga. Den kamuflerande fjørdrakta og dei dulde kvileplassande dei sit på, er ein freistnad på å unngå predatorar og mobbing av småfuglar.[9]
Trekk
Berre få ugleartar gjer regelbundne trekk.Dverghornugle iEurasia er ein sterk langdistansetrekkfugl, langt dei fleste populasjonane trekker til Afrika for overvintring.Jordugla gjer òg lange trekk, men populasjonar i nokre område, som iSør-Amerika, erstandfuglar. Andre trekkande ugler i Noreg erhornugle ogsnøugle. IAmerika er graveugle, alveugle og slipeugle kjente trekkfuglar.
Slektene i rekkjefølgje etterIOC World Bird List V11.2, 2021,[10] med norske namn etterNorske navn på verdens fugler.[11] Det er 23 slekter i familien som samlar ca. 230 nolevande artar.
SlektUroglaux er ein art,papuaugle,Uroglaux dimorpha, Papuan Hawk-owl,(Salvadori, 1874), (LC)
Winkler, D. W., S. M. Billerman, and I.J. Lovette (2020).Owls (Strigidae), version 1.0. n Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.https://doi.org/10.2173/bow.strigi1.01
↑1,01,1Marks, J. S.; Cannings, R.J. and Mikkola, H. (1999). "Family Strigidae (Typical Owls)".In del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal, J. (eds.) (1999).Handbook of the Birds of the World. Volume 5: Barn-Owls to Hummingbirds. Lynx Edicions.ISBN84-87334-25-3
↑Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021.IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 26. september 2021
↑Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020.Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Foreninghttps://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/