URLen blei skapt i 1994 avTim Berners-Lee,Marc Andreessen, Mark P. McCahill, Alan Emtage, Peter J. Deutsch ogJon Postel som del av den nyeverdsveven. Utforminga baserte seg påunixadresser, som brukte skråstrekar til å skilja mellom ulike nivå i adressa. Tim Berners-Lee har seinare uttalt at han angra på bruk av punktum i servaraddessa, og på dei to skråstrekane først i adressa.[1][2][3]
Den første delen av ein URL seier som regel kvainternettprotokoll som skal brukast. Opphavleg kommuniserte brukarprogram på ulike datamaskinar via eigne propritære protokollar, men etter kvart vart det utvikla eit standardisert protokollhierarki med fleire lag. På toppen av dette hierarkiet finn ein applikasjonsprotokollar, som til dømesftp,http,smtp, osb.
| Protokoll | Føremål | Tyding | Program | Standardport |
|---|
| http | Nettsider på verdsveven | Hyper Text Transfer Protocol (www) | Nettlesar (browser, vevlesar) | 80 |
| https | Sikker transport av data på verdsveven | Hyper Text Transfer Protocol Secure (www) | Nettlesar | 443 |
| ftp | Filoverføring | File Transfer Protocol | FTP-program eller nettlesar | 21 |
| irc | Chat | Internet Relay Channel | IRC-program | Dynamisk |
| news | Nyhende/diskusjonsgrupper | - | Nyhendegruppelesar | 119 |
| telnet | Tekstbasert tilgang til nettverksutstyr | - | Telnet-program | 23 |