Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tyskland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre]
Bundesrepublik Deutschland

(norsk: Tyskland, tysk)

Det tyske flaggetDet tyske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Das Lied der Deutschen»
MottoEinigkeit und Recht und Freiheit
Geografisk plassering av Tyskland
Offisielle språkTysk
HovudstadBerlin
Styresett
Parlamentarisk republikk
Frank-Walter Steinmeier
Olaf Scholz
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
357 022 km² (62.)
2,9 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
80 594 017 (17.)
225,7 /km² (38.)
Sjølvstende
1871,1949,1990
Nasjonaldag3. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 842 000mill.USD (5.)
48 000USD (21.)
ValutaEuro
TidssoneUTC +1
Telefonkode+49
Toppnivådomene.de


Forbundsrepublikken Tyskland eller berreTyskland (tysk:Bundesrepublik Deutschland ellerDeutschland) er eit land i Sentral-Europa. Tyskland er eit stort industriland. Det har sams grense medDanmark,Polen,Tsjekkia,Austerrike,Sveits,Frankrike,Luxemburg,Belgia ogNederland. I nord utgjerNordsjøen ogAustersjøen dei naturlege landegrensene.

Alpane sør i Bayern.
Brandenburgerporten iBerlin

Hovudstad og administrasjonsstad erBerlin. Nokre regjeringskontor har sete iBonn. Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kallaBundesland, forbundsland (fleirtalBundesländer). Tyskland er medlem avDen europeiske unionen,NATO ogG8. Etter USA er Tyskland det nest mest populære migrasjonsmålet i verda.[1]

Historie

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåTysk historie.

Nasjonalstaten Tyskland oppstod først i1871, då denprøyssiske hæren hadde inntekeslottet i Versailles etter å ha sigra overFrankrike i den fransk-tyske krigen18701871. Omgrepet Tyskland har likevel vore brukt sidan tidlegmellomalder, til dømes omdet tysk-romerske riket som blei grunnlagd i år843. Men etter dette var landet delt opp i ei mengd små fyrstedøme.

Historia til det moderne Tyskland kan delast inn i desse periodane:Keisardømmet 1871–1918,Weimarrepublikken 1918–1933, Detnazistiske «Tredje Riket» 1933–1945 (som frå1938 til 1945 òg omfattaAusterrike), etterkrigstida og delinga 1945–1989 og detgjenforente Tyskland etter1990.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Topografisk kart
For meir om dette emnet, sjåTysk geografi.

Tyskland er den nest mest folkerike landet i Europa (etterRussland) og det sjuande største etter areal. Arealet dekkjer 357 021 km², der 349 223 km² er land og 7 709 km² er vatn. Landet strekkjer seg frå dei høgeAlpane i sør tilNordsjøen i nordvest ogAustersjøen i nordaust. Det høgaste punktet i landet erZugspitze på 2 962 meter over havet. I mellom ligg den lågtliggandeDen nordtyske sletta og det skogkledde og åslendte landskapet sentralt i Tyskland,Mittelgebirge. Det lågaste punktet i Tyskland erWilstermarsch, som er 3,54 metres under havnivå. Nokre av dei største elvane i Europa renn gjennom Tyskland, somRhinen,Donau ogElbe. Sidan Tyskland ligg sentralt til er det ingen europeiske land (bortsett frå Russland) som har fleire grenseland. Nabolanda erDanmark i nord,Polen ogTsjekkia i aust,Austerrike ogSveits i sør,Frankrike ogLuxembourg i sørvest ogBelgia ogNederland i nordvest.

Administrativ inndeling

[endre |endre wikiteksten]

Tyskland er delt inn i 16delstatar, som vert kallaBundesland, forbundsland (fleirtalBundesländer). Vidare er dei delt inn i 439landkreis og byar (kreisfrie byar)

Delstat (Land)HovudstadAreal (km²)Folketal(2)
1Baden-WürttembergStuttgart35 751,6510 717 000
2BayernMünchen70 549,1912 444 000
3Berlin(1)891,753 388 000
4BrandenburgPotsdam29.477,162 568 000
5BremenBremen(1)404,23663 000
6Hamburg(1)755,161 735 000
7HessenWiesbaden21.114,726 098 000
8Mecklenburg-VorpommernSchwerin23 174,171 720 000
9NiedersachsenHannover47 618,248 001 000
10Nordrhein-WestfalenDüsseldorf34 042,5218 075 000
11Rheinland-PfalzMainz19 847,394 061 000
12SaarlandSaarbrücken2 568,651 056 000
13SachsenDresden18 414,824 296 000
14Sachsen-AnhaltMagdeburg20 445,262 494 000
15Schleswig-HolsteinKiel15 763,182 829 000
16ThüringenErfurt16.172,142 355 000

(1) Bystatane Berlin og Hamburg består berre av byane med same namn; bystaten Bremen omfatter òg byenBremerhaven.
(2) pr. 31.12.2004

Klima

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåTysk geografi.

Det meste av Tyskland har eit kjølig ogtemperert klima der fuktigevindar frå vest dominerer. Klimaet vert styrt avNord-Atlanteren ogGolfstraumen. Dette varme vatnet påverkar områda som grensar til Nordsjøen, og derfor har dei nordlege og nordvestlege områda av landetmaritimt klima med nedbør året rundt og mest nedbør om sommaren. Vinteren er mild og sommaren som regel noko kjølig, sjølv om ein kan få temperaturar over 30 °C i lengre periodar. I aust er klimaet meir kontinentalt, og vintrane kan verte kalde og somrane svært varme. I tillegg har ein ofte lengre tørkeperiodar. Sentrale og sørlege delar av Tyskland ligg i ein overgangssone mellom dei to klimatypane.

Galleri

[endre |endre wikiteksten]
Eincollage av landskapsbilete frå Tyskland

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Germany Top Migration Land After U.S. in New OECD Ranking». Bloomberg. 20. mai 2014. Henta 29. august 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Tyskland
EU
EFTA


Spire
Dennegeografiartikkelen som har medTyskland å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tyskland&oldid=3591164»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp