Tyr er ein gammalfønikisk by og den legendariske fødestaden tilEuropa ogElissa (Dido). I dag er han den fjerde største byen i Libanon[3] og husar ein av dei største hamnene i landet. Turisme er ein stor industri. Byen har mange stader frå antikken, som den romerskeHippodromen, som vart lagt tilverdsarvlista i 1979.
Triumfbogen (rekonstruert).Ruinar av antikke søyler iAl Mina.Rektangulært teater vedAl Mina.Den moderne sørlege delen av Tyr
Tyr bestod opphavleg av to bysentrer, sjølve Tyr, som låg på ei øy like utafor kysten, og den tilknytte busetnadenUshu på fastlandet.Aleksander den store knytte øya til fastlandet då han bygde ei vegfylling underomleiringa av byen,[4] og øydela den gamle byen.[5]
Den originale byen på øya hadde to hamner, ei på sørsida og ei på nordsida av øya. Det var desse to hamnene som gjorde at Tyr dominerte handelen slik han gjorde. Hamna på nordsida av øya var ei av dei beste hamnene aust i Middelhavet. Hamna i sør mudra til, men hamna på nordsida er framleis i bruk i dag.[6]
I antikken var byen på øya kraftig forsvart med festningsmurar. Murane var 50 meter høge.[7] Busetnaden på fastlandet, opphavleg kallaUshu (seinare kalla Palaetyrus, som tyder «Gamle Tyr» av grekarane) var truleg meir ein forstad enn ein by, og vart hovudsakleg nytta som ei kjelde til vatn og tømmer for hovudbyen på øya.[8]Josefus skriv at dei to kjempa mot kvarandre ved eitt høve,[9] men det meste av tida støtta dei kvarandre, fordi dei begge var avhengig av handel med kvarandre.
Tyr vart grunnlagd kring 2750 fvt. i følgjeHerodotus og vart bygd som ein innmurt by på fastlandet.[10] Namnet finst på monument så tidleg som 1300 fvt.Filo av Byblos (iEusebius) sitererSanchuniathon som skreiv at han vart først okkupert av Hypsuranius. Verket til Sanchuniathon skal ha vore dedisert til «Abibalus konge av Berytus»—kanskje den Abibaal som var konge i Tyr.[11]
Handelen i den antikke verda var samla i varehusa i Tyr. «Tyriske handelsmenn var dei første som navigerte Middelhavet, og dei grunnla koloniane sine på kysten og naboøyane iEgearhavet, i Hellas, pånordkysten av Afrika, vedKartago og andre stader, påSicilia ogKorsika, i Spania vedTartessus, og sjølv forbiHerkulessøylene ved Gadeira (Cádiz)».[12]
Byen Tyr var særleg kjend for produksjonen av eit sjeldan og særleg dyrtlilla fargestoff, skapt frå eit skaldyr. Fargen vart kallatyrisk purpur. Fargen var i mange kulturar i antikken berre nytta av kongelege, eller i det minste adelege.[13]
Tyr vart ofte angripen av Egypt, kringsett avShalmaneser V, som assisterte fønikarane på fastlandet, i fem år. Frå 586 til 573 fvt. var byen kringsett avNebukadnesar II[14] fram til Tyr gjekk med på å betale skatt.[15]
I 538 fvt. erobraakamenidane byen,[treng kjelde] og dei styrte byen fram til 332 fvt., då Aleksander den storekringsette byen, erobra han og jamna han med jorda.
I 315 fvt. kringsette den tidlegare generalen til Aleksander,Antigonus òg Tyr,[15] og tok byen eit år seinare..[16]
I 126 fvt. fekk tyr sjølvstende (fråselevkidane)[17] og heldt dette, som ein «civitas foederata»,[18] då området vart ein romersk provins i 64 fvt.[19] Tyr heldt fram å vere ein viktig handelsby gjennom den kristne perioden.
Det er nemnt i Bibelen atJesus vitja regionen kring Tyr ogSidon og lækja einheidning (Matteus 15:21; Markus 7:24) og frå denne regionen kom mange for å høyre han preike (Markus 3:8;Lukasevangeliet 6:17, Matteus 11:21–23). Det vart raskt oppretta ein kyrkjelyd her etter atSt. Stefan døydde, ogPaulus, på veg attende frå den tredje misjonsferda si, var ei veke i Tyr, der han konverserte med disiplane. I følgjeIrenaeus av Lyon iAdversus Haereses, kom det kvinnelege følgje tilSimon Magus frå her.
Etter å ha først falle i 1111, vart han erobra avkrossfararane i 1124, og vart ein av dei viktigaste byane iKongedømet Jerusalem. Han var ein del av kongedømet, men hadde samstundes noko sjølvstende som handelskoloni der for italienske handelsbyar. Byen var setet forerkebiskopen av Tyr, ein suffragan iDet latinske patriarkatet Jerusalem. Erkebiskopane her vart ofte patriarkar. Den mest kjende av dei latinske erkebiskopane var historikarenVilhelm av Tyr.
Etterkong Richard erobraAkko på ny den 12. juli 1191, vart setet i kongedømet flytta der, men kroningane fann stad i Tyr. På 1200-talet var Tyr skild frå kongedøme som eit eigeherredøme. I 1291 vart han erobra avmamelukkane som så vart følgd avosmansk styre før den moderne staten Libanon vart erklært i 1920.
Eit stort skild som markerer gamlebyen i Tyr som verna område.
Dagens Tyr dekkjer ein stor del av den originale øya og har utvida til å dekkje det meste av fyllinga, der ein har fylt att mykje på kvar side. Delen av den originale øya som ikkje er dekt av den moderne byen Tyr er hovudsakleg ein arkeologisk stad som syner korleis byen såg ut i antikken.
Tyr vart hard råka i 1970-åra underoperasjon Litani og tidleg i 1980-åra (Libanonkrigen i 1982) under krigen mellomIsrael ogDen palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO). Byen vart nytta som base av PLO og vart nesten øydelagd av israelsk artilleri.[20] Etter Israel i 1982 invaderte Sør-Libanon, vart byen ein israelsk militærpost. Seint i 1982, og igjen i november 1983, vart bygningane som husa det israelske hovudkvarteret øydelagd av bomber, og førte til mange dødsfall. Eksplosjonen i 1983, ved hjelp av eibilbombe, skjedde berre ti dagar etter ei liknande bilbombe gjekk av utafor forlegninga til amerikanske og franske soldatar iBeirut. Israel og amerikanarane gavIran ogHizbollah skulda for bombene, men dei nekta for all involvering.
UnderLibanonkrigen i 2006, vart fleire rakettutskytingsstader nytta avHizbollah til å angripe Israel funnen i forstadane kring byen.[21] Minst ein landsby nær byen vart bomba av Israel, og det same vart fleire stader inne i byen, noko som førte til tap av sivile liv og matmangel i Tyr.[22]Israelske kommandosoldatar gjekk òg til åtak på Hizbollah-mål inne i byen.[23]
Tyr er i dag ein hovudsaklegsjiamuslimsk bye, med eit lite kristent samfunn. Byen er òg heimstad til over 60000 palestinske flyktningar som hovudsakleg er sunnimuslimar.Amalrørsla ogHizbollah er dei mest populære partia.
↑Bement, R B.Tyre; the history of Phoenicia, Palestine and Syria, and the final captivity of Israel and Judah by the Assyrians. Ulan Press. s.47.ASINB009WP2MR8.
↑Vance, Donald R. (March 1994) "Literary Sources for the History of Palestine and Syria: The Phœnician Inscriptions"The Biblical Archaeologist 57(1), pp. 2–19
↑Bariaa Mourad."Du Patrimoine à la Muséologie: Conception d'un musée sur le site archéologique de Tyr",(Thèse); Museum National d'Histoire Naturelle (MNHN), Study realised in cooperation with the Unesco, Secteur de la Culture, Division du Patrimoine Culturel, Paris, 1998
↑Bement, R B.Tyre; the history of Phoenicia, Palestine and Syria, and the final captivity of Israel and Judah by the Assyrians. Ulan Press. s.48.ASINB009WP2MR8.