Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Typografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lause einskildbokstavar som vart sett saman til boksider, varGutenbergs oppfinning. Her ligg det lause bokstavar støypte ibly i settekassa, som har særskilde rom for kvar si bokstav, som er støypte i fleire eksemplar. Oppå kassa er synt korleis dei er sett saman til ord og setningar i liner for å kunne trykkjast.

Typografi er eit omgrep forutforminga avskrift,bokstavar og andre grafiske element i trykte skrift som til dømesbøker ogaviser, eller når dei på anna måte inngår i ein tekst som synast fram. Omgrepet femner om utforminga av skrifttypar og storleiken på dei i teksten, lenga av kvar av linene i teksten og storleiken på avstanden mellom dei, formatet på tekstsida, kvaliteten på papiret, bruken av fargar og dessutan sjølve trykkjeteknikken. I det store og heile dreier det seg om korleis dei trykte sidene skal utformast, mellom anna for å verte lette å lese eller for å gje det inntrykket ein er ute etter å formidle. Personar som har opplæring og kunnskap om dette i fagleg samanheng, vert kalla typografar.

Faget typografi oppstod som eithandverk då ein på 1400 - 1500-talet fann fram til kunsten å trykkje bøker, fyrst med treplater der bokstavane var utskorne i heile sider som vart sverta inn og prenta, seinare ved at kvar av sidene vart sett saman av bokstavar utskorne på kvar si lause blokk, slikJohann Gutenberg kom fram til. I vår tid har digitale hjelpemiddel teke over, og typografane sit no framføre datamaskinar.

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Typografi&oldid=3058368»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp