Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tycho Brahe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tycho Brahe

FøddTyge Ottesen Brahe
14. desember1546
Knudstrup
Død24. oktober1601
Praha,Praha
NasjonalitetKongeriket Danmark
Områdeastronomi
Yrkeastronom,sjølvbiograf,lyrikar,astrolog,alkymist,skribent
InstitusjonarUranienborg observatorium
Alma materKøbenhavns Universitet
Universitetet i Leipzig
Universität Rostock
DoktorgradsrettleiarValentin Thau
Caspar Peucer
EktefelleKirsten Barbara Jørgensdatter
BarnSidsel Brahe

Tycho Brahe (14. desember154624. oktober1601), døyptTyge Ottesen Brahe, var eindanskadelsmann og eit av dei store namna i dansk vitskapshistorie. Han grunnla den moderne observerandeastronomien.

Mauerquadrant (Tycho Brahe 1598)

Brahe er mest kjend for sine nøyaktige og omfattandeastronomisk og planetære observasjonar. Han vart fødd på Knudstrup (Knutstorp) slott utanforLandskrona i det danskeSkåne. Brahe var ein kjend astronom ogalkymist og har i nyare tid blitt skildra som «den første kompetente sjela i moderne astronomi med stor lidenskap for nøyaktige empiriske fakta».[1]

I hansDe nova stella i 1573 motsa han denaristoteleske trua om ein uforanderleg himmel. Dei nøyaktige målingane hans indikerte at «nye stjerner» (stellanova, no kjend somsupernova), særlegden frå 1572, manglaparallaksen som var venta for eit fenomen som ikkje er ei stjerne, og var derfor ikkje «atmosfæriske», halelausekometar, slik ein tidlegare trudde, men måtte vere over atmosfæren og månen. Ved hjelp av ulike målingar synte han at kometar heller ikkje var eit atmosfærisk fenomen, slik ein tidlegare trudde, og måtte passere gjennom tilsynelatande «uforanderlege»astrosfærer.[2]

Som astronom arbeidde Brahe med å kombinere det han såg somgeometriske fordelar avdet kopernikanske systemet med dei filosofiske fordelane tildet ptolemaiske systemet i sin eigen modell av universet,det tychonske systemet. I tillegg var han den siste store astronmen som arbeidde utanteleskop for observasjonane sine.

Tycho Brahe fekk ein eigedom på øyaHven og betalte for bygginga avUraniborg, eit tidlegforskingsinstitutt, der han bygde store astronomiske instrument og tok mange nøyaktige målingar, og seinareStjerneborg, undergrunnen, då han oppdaga at instrumenta hans i det første observatoriet ikkje var stødig nok. På øya, der han oppførte seg autokratisk, grunnla han fabrikkar sompapirfabrikasjon for å sørgje for at han hadde materiale til å trykkje resultata sine på.

Etter ei usemje med den nye dansk-norske kongenKristian IV av Danmark-Noreg i 1597, vart han invitert til denbøhmiske kongen ogtysk-romerske keisarenRudolf II tilPraha, der han vart den offisielle keisarastronomen. Han bygde det nye observatoriet iBenátky nad Jizerou. Her hadde han frå 1600 til han døydde i 1601Johannes Kepler som assistent. Kepler nytta sidan observasjonane til Brahe til å utvikleKepler-lovene for planetrørsle.

Leivningane hans har blitt grave opp to gonger, i 1901 og i 2010, for å undersøke omstenda rundt dødsfallet hans og for å stadfeste kva materiale den kunstige nasa hans var laga av. Konklusjonen var at han truleg døydde av sprengd blære slik det først vart føreslått og at den kunstige nasa truleg var laga av messing og ikkje sølv eller gull slik ein trudde på hans tid.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Edwin Arthur Burtt,The Metaphysical Foundations of Modern Physical Science; a Historical and Critical Essay (1925)
  2. Rocky Colb (1996). Blind Watchers of the Sky, s. 19-42.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Tycho Brahe
Wikisource har original tekst som gjeldTycho Brahe
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tycho_Brahe&oldid=3590134»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp