Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tvorchi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tvorchi

Aktiv2018–
Sjangerdisco,indiepop,elektronisk musikk
PrisarYUNA

Tvorchi er einukrainskelektronika-duo fråTernopil. Bandet blei danna i2018 avmusikkprodusenten Andrij Hutsuljak og vokalisten Jimoh Augustus Kehinde, kjend som Jeffery Kenny. Duoen har gjeve ut fire studioalbum:The Parts (2018),Disco Lights (2019),13 Waves (2020) ogRoad (2020). I desember vann Tvorchi den ukrainske musikktevlingaVidbir ogrepresenterte Ukraina iEurovision Song Contest 2023 med songen «Heart of Steel».

Tvorchi Ukrsongroject 2022 iGdańsk iPolen.

Bakgrunn

[endre |endre wikiteksten]
Tvorchi i 2019.

Tvorchi består av Andrij Viktorovytsj Hutsuljak (ukrainskАндрій Вікторович Гуцуляк; fødd 21. februar 1996 i Vilkhovets iTsjortkivrajon) og Jimoh Augustus Kehinde (kallenamnJeffery Kenny; fødd 30. september 1997 iNigeria). Dei to møtte kvarandre i 2017, da Hutsuljak tilfeldigvis vende seg til Kenny på gata. Dette var ein del av eit videoprosjekt for sosiale medium, der Hutsuljak skulle testeengelskkunnskapane til folk.[1] Møtet utvikla seg til eit venskap og musikalsk samarbeid, der ukrainske Hutsuljak blei musikkprodusent og nigerianske Kenny blei låtskrivar og vokalist. Begge studerte ved detfarmasøytiske fakultet ved Ternopil nasjonale medisinske universitet.[2][3][4]

Musikalsk samarbeid

[endre |endre wikiteksten]

Duoen slapp sin fyrste singel, «Slow», 30. mai 2017, og i september kom oppfølgjarsingelen «You». Tidleg i 2018 danna dei bandet Tvorchi og gav ut debutalbumetThe Parts 2. februar 2018. I september same år slapp duoen musikkvideoen for låten «Molodist» (ungdom).[5]

OppfølgjaralbumetDisco Lights kom 14. februar 2019, og ei veke seinare slapp gruppa ein musikkvideo av hovudsingelen på albumet, «Believe».[6][7][8] Songen fekk i løpet av eit par dagar over 400 000 syningar påYouTube, og songen nådde ein niandeplass påGoogle Play-lista i Ukraina.

Same sommar opptredde duoen på fleire musikkfestivalar: Faine Misto (Ternopil), Atlas Weekend (Kyiv) og Ukrainian Song Project (Lviv).[9][10] I september slapp han singelen «#не танцюю».

Vidbir og Eurovision Song Contest

[endre |endre wikiteksten]
Tvorchi på scena underEurovision Song Contest 2023 iLiverpool.

I februar 2020 deltok Tvorchi musikktevlingaVidbir med songen «Bonfire», der han enda på fjerdeplass i finalen.[11][12] Seinare same år slapp duoen albuma13 Wawes ogRoads – inkludert flere medfølgjande singlar. Duoen blei nominert i fleire kategoriar til ulike ukrainske musikkutmerkingar i 2020 og 2021: Culture Ukraine og YUNA 2021.

I desember 2022 deltok Tvorchi på ny i den ukrainske musikktevlingaVidbir, denne gongen med låten «Heart of Steel».[13] Vinnaren fekk representere Ukraina iEurovision Song Contest 2023. Den ukrainske finalen fann stad i ein underjordisk t-banestasjon som følgje avden pågåande krigen mot Russland.[14]

Duoen vannVidbir med nest flest røyster frå fagjuryen og flest røyster frå sjåarane. Gjennom sigeren fekk duoenrepresentere Ukraina i finalen av Eurovision Song Contest iLiverpool laurdag 13. mai 2023.[15] Der enda han på sjetteplass.[16]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Кліптернопільського гурту TVORCHI зібрав понад півмільйона переглядів на YouTube - 20 хвилин».te.20minut.ua (på ukrainsk). Henta 18. desember 2022. 
  2. «УТДМУ відбувся день фармацевтичного факультету».ТЕРНОПІЛЬСЬКИЙ НАЦІОНАЛЬНИЙ МЕДИЧНИЙ УНІВЕРСИТЕТ. Henta 18. desember 2022. 
  3. «Творчіталанти ТДМУ здобули нові перемоги».ТЕРНОПІЛЬСЬКИЙ НАЦІОНАЛЬНИЙ МЕДИЧНИЙ УНІВЕРСИТЕТ. Henta 18. desember 2022. 
  4. «ТНЕУ | Інтерв'ю із гуртом "TVORCHI"».YouTube (på norsk bokmål). Henta 18. desember 2022. 
  5. «TVORCHI - Молодість (Official Video)» (på norsk bokmål). Henta 18. desember 2022. 
  6. «TVORCHIподарували тернополянам новий альбом».Терен (på ukrainsk). Henta 18. desember 2022. 
  7. «TVORCHI - Believe (Official Video)».YouTube (på norsk bokmål). Henta 18. desember 2022. 
  8. «UkraineNews».UkraineNews (på russisk). Henta 18. desember 2022. 
  9. «TheHardkiss та Kadebostany. Хто виступатиме на фестивалі "Файне місто Тернопіль"».Шпальта (på ukrainsk). 15. juli 2019. Henta 11. september 2019. 
  10. «Фестиваль"Файне місто-2018" оголосив повний лайн-ап».ТСН.ua (på ukrainsk). 20. juni 2018. Henta 11. september 2019. 
  11. «ДуетTVORCHI: що відомо про тріумфатора другого півфіналу Нацвідбору».РБК-Україна (på ukrainsk). Henta 17. februar 2020. 
  12. Istomina, Toma (13. februar 2020).«Tvorchiduo breaks new musical ground - Feb. 13, 2020».Kyiv Post. Henta 18. desember 2022. 
  13. «Ukraine: TVORCHI wins Vidbir with 'Heart Of Steel'».eurovision.tv (på engelsk). 17. desember 2022. Henta 18. desember 2022. 
  14. Ritzau/NTB (17. desember 2022).«Tvorchivant Ukrainas Melodi Grand Prix».www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 18. desember 2022. 
  15. «Eurovision 2023: Ukraine chooses Tvorchi from bomb shelter».BBCNews (på engelsk). 17. desember 2022. Henta 18. desember 2022. 
  16. «TVORCHI».eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tvorchi&oldid=3519299»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp