Tver oblast[a] er ein provins iRussland og eit avføderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden erTver, arealet er 84 100 km² og innbyggjartalet er 1 245 619 (2021). Fram til 1990 heitte provinsenKalinin oblast.
Tver oblast består stort sett av flatt slettelandskap ved dei øvre delane av bassenget til elvaVolga, nordvest i Russland. I vest ligg det høgdedrag som når til om lag 340 meter over havet. Det er over 500 innsjøar i provinsen. Middeltemperaturen i januar er frå –9 til –17 grader celsius, i juli 17 til 18 grader celsius.
Folketalet var 1 353 000 i 2010. Dette er ein nedgang på 18,6 % frå 1 663 122 i 1989. 74,7 % av folket bur i byar. Den einaste store byen er Tver, med 403 600 ibuarar (2010). Ved folketeljinga i 2010 var 86,6 % etniskerussarar. Dei største minoritetsgruppene varukrainarar (1,2 %),armenarar (0,6 %) ogkarelarar (0,5 %).[1]
Området som i dag utgjer Tver oblast er ein del av det gamle russiske kjerneområdet. Det var del avKiev-riket (Rus) frå 800-talet av, og seinare underlagtNovgorod. Byen Tver skal ha blitt grunnlagt i 1135. Han er først nemnt i krøniker frå 1208. I 1247 vart byen senter for storfyrstedømet Tver. På 1300- og 1400-talet var dette fyrstedømet eit av dei mektigaste i Russland, og konkurrerte om makta i Russland medNovgorod ogMoskva. I 1485 vart byen og området underlagt Moskva. I 1775 vart byen hovudstad i sitt eige guvernørat. Underden russiske revolusjonen kom området raskt undersovjetisk kontroll, alt i oktober 1917. Byen Tver skifta namn tilKalinin i 1931, etterMikhail Kalinin, statsoverhovudet i Sovjetunionen frå 1919 til 1946, som var fødd i området. 29. januar 1935 vart Kalinin oblast, dagens Tver oblast, oppretta. Underden andre verdskrigen var byen okkupert avtyske styrkar frå oktober til desember 1941 og mykje øydelagd. Etter kommunismens fall fekk byen igjen namnet Tver i 1990, og provinsen skifta namn saman med byen, til Tver oblast.
1 Okkupert og annektert av Russland i 2014.Ukraina og dei fleste FN-statane anerkjenner ikkje annekteringa. 2 Okkupert og annektert av Russland i 2022. Anerkjent som russisk territorium av Russland,Syria ogNord-Korea. Ukraina og dei fleste FN-statane anerkjenner ikkje annekteringa.