Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Turakoar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turakoar
Kvitøyreturako, Tauraco leucotis
Kvitøyreturako,Tauraco leucotis
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:FuglarAves
Underklasse:Neognathae
Overorden:Neoaves
Orden:Musophagiformes
Familie:TurakoarMusophagidae
Lesson,1828

Turakoar erfuglar iden biologiske familienMusophagidae, bananetarar, tidlegare òg kalla hjelmfuglar.[1] Leveområdet erAfrika sør forSahara. Dei 23 mellomstoreartane i denne familien har halvt zygodaktyle føter: dei to ytre tærne kan rettast framover eller bakover. Tå nummer to og tre, som alltid peikar framover, kan vere samanvaksne hos somme artar. Turakoar har ofte tydelege fjørkammar på hovudet og lange halar, og er kjent for særeigne og heilt unike pigment som gjev dei lyse grøne og raudefjør.

Tradisjonelt har denne gruppa vore plassert saman medgaukar iordenengaukefuglar, men iSibley-Ahlquist-taksonomi er gruppa løfta opp til ein orden Musophagiformes, denne nye inndelinga er nytta i lista tilInternational Ornithological Congress,IOC-lista.[2]

Skildring

[endre |endre wikiteksten]

Turakoar er mellomstore fuglar,endemiske for Afrika sør for Sahara, der dei lever ihabitat avskog ogsavannar. Dei har ei lengd på 35-75centimeter,kjempeturako,Corythaeola cristata, måler 70–75 cm og er største familiemedlemmen. Samanlikna med resten av kroppen er vengene små og mykje mindre enn halen. Turakoar har ti halefjør og eit kort, skarp nebb. Somme artar har nebb med sagforma kant. Kjønna er like hos dei fleste artar, unnataket erkvitbukturako,Corythaixoides leucogaster, der hannen har svart nebb og hoa har olivengrønt. Dei er svake flygarar, men spring fort på skogbotnen. Føda erfrukt og i mindre grad blad, knoppar ogblomar, nokre gonger småinsekt,sniglar, og motsetnad til kva namna peikar mot, et dei vanlegvisikkjebananar.

Dei er selskaplege fuglar som ikkje migrerer. Mange artar er støyande, artane i slektaCorythaixoides kalla 'gå-vekk-fuglar' påengelsk språk, er spesielt kjente for sine gjennomtrengande varselrop. Ropa varslar òg andre om rovdyr eller jegerar. Turakoar byggjer store pinnereir i trea, og legg to eller tre egg. Ungane har tjukk dunkleding og har opne eller nesten opne auge ved klekking.

Dei fem artane iCrinifer ogCorythaixoides er hovudsakleg gråe og kvite. Dei andre er derimot fargerike fuglar, som regel blåe, grøne eller lilla. Den grøne farga hos turakoar kjem avturacoverdin, det einaste verkelege grøne pigment ein veit om hos fuglar. Grønfarga hos andre fuglefamiliar kjem av eit gult pigment slik som til dømes karotenoid fargestoff, kombinert med fysisk struktur i fjøra som spreier lys.

Artslista

[endre |endre wikiteksten]
Angolaturako,Tauraco erythrolophus
Foto: Oren Rozen
Blåkroneturako,Tauraco hartlaubi
Foto: Doug Janson

Turakoar i rekkjefølgje etterClementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etterNorske navn på verdens fugler.[4]

SlektCorythaeola

  • Kjempeturako,Corythaeola cristata, Great Blue Turaco,LC, Vieillot, 1816

SlektTauraco

  • Fiolettvengturako,Tauraco persa, Guinea Turaco,LC, Linné, 1758
  • Grønturako,Tauraco livingstonii, Livingstone's Turaco,LC, Gray, 1864
  • Toppturako,Tauraco schalowi, Schalow's Turaco,LC, Reichenow, 1891
  • Natalturako,Tauraco corythaix, Knysna Turaco,LC, Wagler, 1827
  • Svartnebbturako,Tauraco schuettii, Black-billed Turaco,LC, Cabanis, 1879
  • Kvithovudturako,Tauraco leucolophus, White-crested Turaco,LC, Heuglin, 1855
  • Raudnakketurako,Tauraco fischeri, Fischer's Turaco,NT, Reichenow, 1878
  • Blåvengturako,Tauraco macrorhynchus, Yellow-billed Turaco,LC, Fraser, 1839
  • Kamerunturako,Tauraco bannermani, Bannerman's Turaco,EN, Bates, 1923
  • Angolaturako,Tauraco erythrolophus, Red-crested Turaco,LC, Vieillot, 1819
  • Blåkroneturako,Tauraco hartlaubi, Hartlaub's Turaco,LC, Fischer & Reichenow, 1884
  • Kvitøyreturako,Tauraco leucotis, White-cheeked Turaco,LC, Rüppell, 1835
  • Bleikkroneturako,Tauraco ruspolii, Prince Ruspoli's Turaco,VU, Salvadori, 1896
  • Purpurkroneturako,Tauraco porphyreolophus, Purple-crested Turaco,LC, Vigors, 1831

SlektRuwenzorornis

  • Regnbogeturako,Ruwenzorornis johnstoni, Ruwenzori Turaco,LC, Sharpe, 1901

SlektMusophaga

SlektCorythaixoides

  • Masketurako,Corythaixoides personatus, Bare-faced Go-away-bird,LC, Rüppell, 1842
  • Gråturako,Corythaixoides concolor, Gray Go-away-bird,LC, Smith, 1833
  • Kvitbukturako,Corythaixoides leucogaster, White-bellied Go-away-bird,LC, Rüppell, 1842

SlektCrinifer

  • Flekkturako,Crinifer piscator, Western Plantain-eater,LC, Boddaert, 1783
  • Sotturako,Crinifer zonurus, Eastern Plantain-eater,LC, Rüppell, 1835

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Referansar

  1. «turakoer» iStore norske leksikon, snl.no.
  2. Gill, F. & D. Donsker (Eds) 2010. IOC World Bird Names (version 2.4) 9. april 2010
  3. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013),The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008.Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008.Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Turakoar
Anatomi
Åtferd
Evolusjon
Taksonomi:            
Basale fuglar
«Avanserte»
fuglar
Fossile fuglar
Menneske og fuglar
Oversyn
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Turakoar&oldid=3486107»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp