Tubas | |||
طوباس,טובאס, Toubas, Tubass | |||
kommune | |||
Tubas skyline | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tubas guvernement | ||
Koordinatar | 32°19′20″N35°22′07″E / 32.32222°N 35.36861°E /32.32222; 35.36861 | ||
Areal | 295,1 km² | ||
Folketal | 16 154 (2007) | ||
Folketettleik | 55 / km² | ||
Grunnlagd | Seint på 1800-talet | ||
Borgarmeister | Jamal Abu Mohsin | ||
![]() Tubas 32°19′20″N35°22′07″E / 32.322222222222°N 35.368611111111°E /32.322222222222; 35.368611111111 | |||
Wikimedia Commons: Tubas (city) | |||
Nettstad: www.tubas.ps |
Tubas (arabisk طوباس,Tûbâs;hebraisk skrift טובאס) er ein litenpalestinsk by nordaust påVestbreidda, 21 km nordaust forNablus, nokre få kilometer vest forJordanelva. Byen har over 16 000 innbyggjarar og er eit økonomisk og administrativt senter forTubas guvernement. Byområdet dekkjer 2 271mål. Han vert styrt av eit kommunestyre på 15 medlemmar og dei fleste innbyggjarane driv medjordbruk eller offentlege tenester.
Tubas har blitt identifisert som oldtidsbyen Thebez, einkanaanittisk by som var kjend for å gjere opprør motkong Abimelek. Den moderne byen vart grunnlagd seint på 1800-talet under detosmanske styret avPalestina, avarabiske klanar som budde iJordandalen. Han vart ein stor by iNablus sanjak, særleg kjend for tømmeret og osten sin. Han vart ein del avPalestinamandatet i 1917, annektert avJordan etter dei erobra byen iden arabisk-israelske krigen i 1948, og så okkupert avIsrael iseksdagarskrigen i 1967.Den palestinske sjølvstyresmakta har hatt full kontroll over Tubas sidan han vart overført til dei i 1995.
NamnetTubas kjem frå detkanaanittiske ordetTuba Syoys eller «lysande stjerne».[1][2] Tubas vart identifisert avEdward Robinson som denkanaanittiske byen «Tebes» som er nemnt iBibelen.[3][4] Tebes vart styrt av denisraelittiskekong Abimelek fråSikem. Då folket frå Sikem (på den tida ein kanaanittisk by) gjorde opprør mot han, vart Tebes med i opprøret. Ei bibelsoge fortel at Abimelek prøvde å øydeleggje Thebez fordi dei hadde delteke i opprøret, og då han og armeen hans gjekk til åtak på eit tårn i byen, kasta ei kvinne ein møllestein på Abimelekt og drap han.[5][6][7]
Arkeologiske funn som gravplassar ogolivenpresser indikerer at Tubas var busett i romartida iPalestina.[1]Hieronymus nemner Tebes som ein stad 13romerske mil aust for Neapolis (Nablus). Utanom bibelsoga veit ein ikkje noko om Tebes før eller etter opprøret.[8]
I 1596 er byen oppført iosmanske skattelister som «Tubas», i Jabal Saminahiya i Nablusliwa. Han hadde eit folketal på 41 hushaldningar og 16 ungkarar, allemuslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter, bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[9]
Dagens Tubas vart grunnlagd seint på 1800-talet, då grupper avarabarar frå Daraghmeh-klanen, hovudsakleg gjetarar og bønder som budde iJordandalen, flytta nordover til staden på grunn av den frodige jorda, og fleire kjelder i området. Området låg òg høgare enn Jordandalen og her lågWadi al-Far'a-sletta.[1]Gerisim var synleg frå området.[10] Daraghmeh-klanen hadde budd i Jordandalen sidan 1400-talet og i tillegg til Tubas, grunnla dei eller busette dei nærliggande grendeneKardala, al-Farisiya,Khirbet al-Malih, Kishda, Yarza ogRas al-Far'a. Kort tid etter Tubas var grunnlagd, kom arabarar fråNajd,Syria,Transjordan,Hebron ogNablus og busette seg i området.[1] I denne tida vart Tubas åstad for kampar mellom klanane 'Abd al-Hadi ogTouqan i Nablus og vart angripen avbeduinar frå områda aust for byen.[10] Jarrar-klanen budde ikkje her, men styrte Tubas, sidan han låg i Mashariq al-Jarrarnahiya.[11]
Tubas var ein av dei største landsbyane iNablus sanjak. Dei fleste innbyggjarane bygde i leirsteinshus eller telt for å arbeide på markene deira i Jordandalen og gjete sauer og geiter.[11] I følgje den reisande Herbert Rix, var Tubas like stor somSamaria, og hadde store mengdertømmer, som vart hausta for brensel.[5] I motsetnad til mange landsbyar i området, livnærte Tuba seg av dyrehald, og ikkjeoliven. Frå dyra fekk ein ost, klara smør, ullteppe, telt, tau og tøyposar.[11]I 1882 vart det grunnlagd ein guteskule i byen.
Palestine Exploration Fund skreiv at samaritanarane trudde at grava tilAsjer, lokalt kalla Nabi Tota («den gode profeten»), låg i Tubas. Grava var ein heilagdom i lokal muslimsk tradisjon.[12]
I 1917 erobrabritane Palestina frå osmanarane, og i 1922–23 vart Tubas ein del avPalestinamandatet. I 1947 teiknaDei sameinte nasjonane opp eindelingsplan for å dele Palestina inn i ein jødisk og ein arabisk stat. Tubas og dei kringliggande landsbyane og grendene var med i arabarstaten. Underden arabisk-israelske krigen i 1948, leiaFawzi al-Qawuqji 750 soldatar fråDen arabiske frigjeringshæren (ALA) til Tubas fråJordan og sette opp ein base der. Tubas var hovudkvarter for ALA i det sentrale Palestina gjennom heile krigen.[13] Jordan annekterte byen i lag med heile Vestbreidda, etter dei fekk kontroll over området under krigen. I 1955 vart den første skulen for jenter opna. Tubas var under jordansk kontroll til 1967, dåIsrael okkuperteVestbreidda underseksdagarskrigen.
Tubas vart overført tilDen palestinske sjølvstyresmakta (PNA) i 1995. Under Jordan og Israel vart byen styrt underNablus guvernement, men i 1996, vart Tubas og området rundt eit eige valdistrikt, og seinare eit sjølvstendig, administrativt område kallaTubas guvernement.[14]
Tubas har ikkje hatt like mange valdsepisodar underIsrael-Palestina-konflikten som Nablus ogJenin har, men fleire hendingar skjedde underden andre Intifada, som byrja i 2000. I april 2002 tokDet israelske forsvaret (IDF) livet av seks aktiveHamas-medlemmar i byen, inkludert Ashraf Tamza Daraghmeh—øvste leiar for Hamas i Tubas og området rundt.[15][16] Den 31. august 2002 avfyrte eit israelsk Apache-helikopter fireHellfire-missil mot ein sivil bil, som dei mistenkte førte den lokale kommandanten foral-Aqsa-martyrbrigaden, og eit hus i nærleiken. I staden førte åtaket til at fem sivile mista livet, inkludert to barn, to tenåringar og ein 29-år gammalFatah-aktivist, som vart skulda for å vere medlem av al-Aqsa-brigaden. Den israelske forsvarsministerenBinyamin Ben-Eliezer kom med ei orsaking over å ha råka sivile i Tubas. Ben-Eliezer skildra raidet i Tubas som ein «feil», og love at hæren skulle etterforske hendinga.[17] Den 21. august 2009 førte ein samanstøyt mellom Sawafta-klanen og ein annan klan i byen til at eit medlem av førstnemnde døydde, medan 38 andre vart skadde. Fem hus vart sett i brann ogpalestinske tryggingsstyrkar arresterte fem personar i samband med dødsfallet.[18]
Tubas ligg nord på Vestbreidda i ei høgd på 362 meter over havet, medan det meste av Tubas guvernement ligg iJordandalen i sør.[1]
Tubas ligg 21 km nordaust forNablus, 3,7 km vest forJordanelva og 63 km aust forMiddelhavet. I nærleiken ligg byenAqqaba i nord, landsbyaneTayasir ogAkabah i nordaust,Ras al-Far'a i sørvest, denpalestinske flyktningleirenFar'a i sør og landsbygruppaal-Bikai'a i søraust.[1]
Han har eit moderat klima, med steikande og tørre somrar, og kjølige og våte vintrar. Årsmiddeltemperaturen er 21 °C, og årsmiddelfukta er 56 %.[1]