Tsjernivtsi (ukrainsk skrift Чернівці́,rumenskCernăuți) er ein by sørvest iUkraina, ved den øvre leia til elvaPrut. Tsjernivtsi er det administrative senteret iTsjernivtsi oblast (provins) - den nordlege, ukrainske delen av den historiske regionenBukovina. Byen har kring 240 000 innbyggjarar (2001).[3]
I lag med byenLviv vert Tsjernivtsi rekna som eit kulturelt senter i det vestlege Ukraina. Historisk sett var Tsjernivtsi derfor kalla «VesleWien».[1][2] Byen er òg eit stort trafikknutepunkt for veg og jernbane og husar eiinternasjonal lufthamn.
I tillegg til det ukarainske namnet Tsjernivtsi har byen ulike namn på andre språk som har blitt brukt av desse språkgruppene gjennom tidene: RumenskCernăuți, tysk og jiddischCzernowitz, polskCzerniowce, ungarskCsernovic, russiskЧерновцы́, Tsjernovtsy (til 1944 Чернови́цы, Tsjernovitsy).[4]
Tsjernivtsi ligg i den historiske regionen Bukovina, som òg strekkjer seg inn i Romania i sør. Byen ligg 248 meter over havet og er omgjeve av skogar og sletter. ElvaPrut renn gjennom byen.
Ifølgje den offisielle ukrainske folketeljinga frå 2001 var folketalet på det tidspunktet ca. 240 600 og talet på nasjonalitetar 65. Av desse var 189 000 (79,8 %)ukrainarar, 26 700 (11,3 %)russarar, 14 400 (6,1 %)rumenarar, 1 400 (0,6 %)polakkar, 1 300 (0,6 %)jødar og 2 900 (1,2 %) høyrde til andre folkegrupper.
I 1930 var befolkninga ifølgje ei rumensk folketeljing 26,8 % jødisk, 23,2 % rumensk, 20,8 % tysk, 18,6 % ukrainsk og 1,5 % russisk. Det jødiske samfunnet i byen talde om lag 50 000 menneske, og ca. helvta av dei overlevde krigen takk vere intervensjon frå ein rumensk advokat og reserveoffiser som heitte Theodor Criveanu.
IRomania blir byen Cernăuţi rekna å ha ei rik historie som eitt av dei viktigaste rumenske kultur- og utdanningssentera.