Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tsjerkasy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjerkasy
ukrainsk Черкаси,russisk Черкасcы, Tsjerkassy
by
Flagg
våpen
Land Ukraina
OblastTsjerkasy oblast
RajonTsjerkasy rajon
Høgd110 moh.
Koordinatar49°26′40″N32°03′35″E / 49.44444°N 32.05972°E /49.44444; 32.05972
Areal69 km²
Folketal 286 037  (1. september 2011)
 •  storby286 771
Folketettleik4 145 / km²
Først nemnd1286
 •  Bystatus1795
BorgarmeisterSerhij Olehovytsj Odarytsj[1]
TidssoneEET (UTC+2)
 •  SommartidEEST (UTC+3)
Postnummer18000 — 18499
Retningsnummer+380 472
friАН
Kart
Tsjerkasy
49°26′40″N32°03′35″E / 49.444444444444°N 32.059722222222°E /49.444444444444; 32.059722222222
Kart som viser Tsjerkasy.
Kart som viser Tsjerkasy.
Kart som viser Tsjerkasy.
Wikimedia Commons: Cherkasy
Nettstad: www.rada.cherkassy.ua

Tsjerkasy (ukrainsk Черкаси), ellerTsjerkassy (russisk Черкасcы), er ein by sentralt iUkraina. Han er hovudstad iTsjerkasy oblast (provins), og det administrative senteret i den omliggandeTsjerkasky rajon (distrikt) i oblastet.

Byen er eit senter for kultur, utdanning og industri i oblastet og den sentrale økonomiske regionen i Ukraina. Tsjerkasy har vore kjend sidan 1200-talet og spelte ei viktig rolle i historia tilUkraina. Tsjerkasy var senteret forkosakkane, og innbyggjarane her tok del iKhmelnytsjtsjyna ogKolijivsjtsjyna (kosakk- og bondeopprør).

Byen ligg ved høgrebreidda avDnepr (vedKrementsjukreservoaret), kring 200 km sør for hovudstadenKiev. Byen er delt inn i to distrikt (rajon): Sosnivskij (med landsbyen Orsjanets) og Pridniprovskij. Byen har kring 290 000 innbyggjarar (2011). I juni 2011 feira byen 725-årsjubileumet sitt.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Byen Tsjerkasy vart grunnlagt underKievriket. Byen er nemnt første gongen i1286. Tsjerkasy er nemnt i gamle russiskeannalar og brev fråKrim-khanenMeñli I Giray. Frå 1300- til 1600-talet vart området fleire gonger utsett for fiendtlege åtak. Først fråDen gylne horden, deretter frå tyrkarane ogkrimtatarar. Som eit forsvar mot fiendar bygde ein ei treborg,Tsjerkasyborga, på staden der det i dag er eit stort monument over sigeren iandre verdskrigen. Byen fortsette å vekse rundt borga. Frå 1400-talet budde detkosakkar i Tsjerkasyområdet. Byen hamna på1300-talet iStorhertugdømet Litauen og der vart han verande fram til1569, då heile storhertugdømet kom underpolsk styre.

Under det polske styret vartZaporozje-kosakkane ein del av denkongelege kronarméen. Den førstehetmanen til kosakkane varOstafij Dasjkevytsj, som utførte store tenester for Polen. Den polske kongenSigismund I (den eldre) gav difor store område, inkludert Tsjerkasy, til kosakkane.Stefan Batory, som ynskte å verne dei sørlege delane av landet mot krimtatarene, gav zaporozje-kosakkane ein arméorganisasjon.

Bogdan Khmelnitskyj

Frå1589 byrja ein periode med konflikt mellom den polske sentralmakta og kosakkane. Polakkane byrja å trakassere kosakkane for åtaka deira på krimtatarar ogtyrkarane som på det tidspunktet hadde einfredsavtale med Polen og innførte ein kyrkjeleg union mellom deikatolske ogortodokse forsamlingane. Konsekvensen vart mangemilitære konfliktar mellom kosakkane og den polske hæren, som toppa seg i den såkallafridomskrigen (1648–1654). Under krigen spelte Tsjerkasy ei viktig rolle i forsvaret motpolske styrkar. Forsvaret leia av nasjonalheltenBogdan Khmelnitskyj. Han har no statue på Shevtsjenko-boulevarden i Tsjerkasy. Krigen medførte ein union mellomUkraina ogRussland og1793 vart byen ein del avDet russiske keisarriket og mottok byrettar i1795.

Den nordlege bydelen vart planlagt i 1826 av den skotske arkitektenWilliam Hastie (i Russland kalla Vasilij Ivanovitsj Geste,Василий Иванович Гесте).[2] Bydelen er utforma som eit rutemønster med breie rette gater og offentlege parkar. Byen Tsjerkasy voks, for ein stor del takka verejarnbanen som kom til byen 1912 og dampbåtar påDnepr. I byen vart blant anna den førstesukkerrafineriet i Ukraina bygd, i tillegg til tobakksfabrikk og mekanisk fabrikk. Tsjerkasy vart ein av dei viktigaste omlastningsplassene for trevirke som hadde vorte transportert iDnepr frå nordsida av elva. Tilgjenge til tre er grunnen til dei mange møbelfabrikkane til byen.

I perioden 1922–1991 var Tsjerkasy offisielt ein del avSovjetunionen, men han kom under sovjetisk kontroll alt 29. januar (16. januar etterjuliansk tidsrekning) 1918. Underborgarkrigen var byen ein kortare periode kontrollert avtyske troppar ogden kvite armeen.Den raude armeen tok seg inn i byen i desember 1919. Frå 1932 vart Tsjerkasy innlema iKiev oblast. Underandre verdskrigen, frå 22. august 1941 til 14. desember 1943 var byen okkupert avtyske troppar. 1943–1944 vart ei rekkje tyske divisjonar omringa og nesten utsletta av to sovjetiske frontar i byen (sjåKorsun-Tsjerkassy lomen). I 1954 vart Tsjerkasy hovudstad i det nyoppretteteTsjerkasy oblast, det yngste oblastet iUkraina), sidan det har folkesetnaden auka til det firedoble. Relativt sett auka levestandarden for innbyggjarane i løpet av 1950-, 1960- og 1970-åra. I løpet av denne perioden vart det bygd nye bustadområde og offentlege bygg. Samstundes vart mange kulturelle institusjonar etablert. Døme på offentlege bygningar er Sovjethuset (1959), Tsjerkasy stasjon (1965), Tsjerkasy sentralstadion (1957), Shevtsjenko musikk- og dramateater (1964) og innandørsmarknaden (1971). Nye føretak i kjemisk industri vart òg etablert.

1954 byrja ein å byggjeKrementjukdammen ogKrementjuks vasskraftverk iKrementjuk. Desse var fullført 1959.Dette tydde at dei delane av byen som låg lågast og i nærleiken av elva måtte fråflyttast for å gjere plass til den nye dammen. 9. november 1965 fekk byen sin førstetrolleybuss. I november 1986 vart Tsjerkasy tildeltArbeidets raude fanes orden etter ein resolusjon i presidiet idet øvste sovjetet.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. (ukrainsk)Сергій Одарич формуватиме більшість у міськраді Черкас, Tsjerkasy city council nettstad (November 8, 2010)
  2. http://www.jstor.org/pss/985700

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Administrativt senter:Tsjerkasy
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tsjerkasy&oldid=3492198»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp