Trong fremre runda vokal er einvokal som blir brukt i nokretalespråk. Symbolet som blir brukt idet internasjonale fonetiske alfabetet er «y», og det som blir brukt i X-SAMPA er y. I ulike språk kan lyden skrivast som <ü>, <uu>, <u>, <ű>, <y>, <уь> eller <위>. Inorsk bruker ein <y>.
I dei fleste språk uttalar ein denne runda vokalen med ikkje-framskotne lepper (eksolabial), men i nokre språk (mellom deisvensk ognorsk) uttalar ein han med framskotne lepper (endolabial).
- Vokalen er trong, noko som tyder attunga er så nærganen som mogleg utan at ho skapar hindringar som ville gjort lyden til einkonsonant.
- Han er ein fremre vokal, noko som tyder at tunga er så langt framme i munnen som mogleg utan å skapa hindringar som ville gjort han til ein konsonant.
- Leppestillinga er runda, med ikkje-framskotne lepper, altså nærmar munnvikene seg kvarandre utan at innsida av leppene er synleg.
Dei fleste språk med runda bakre og fremre vokalar brukar to typar labialisering, der bakre vokalar har framskotne lepper og fremre vokalar har ikkje-framskotne lepper. Nokre språk, som nordiske ellernordgermanske språk, har likevel fremre vokalar med framskotne lepper.Svensk skil til og med mellom to typar runding hos fremre vokalar.
Sidan det ikkje finst teikn i IPA for å skilja mellom framskotne og ikkje-framskotne vokalar blir det gamle teiknet forlabialisering (([ ̫])) her brukt som eit ad hoc-symbol for framskotne vokalar. (Ein annan mogleg transkripsjon er [yʷ] eller (ein trong fremre vokal modifisert av endolabialisering), men dette vil kunna feiltolkast som eindiftong.)
- Vokalen er trong.
- Han er ein fremre vokal
- Leppestillinga er runda, med framskotne lepper, altså nærmar munnvikene kvarandre på ein slik måte at innsida av leppene er synleg.