Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Trondheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trondheim
Tråante
by
Flagg
byvåpen
Land Noreg
FylkeTrøndelag
KommuneTrondheim
Areal59,29 km²
Folketal214 565 (2024)
Folketettleik3 353 / km²
OrdførarKent Ranum (H)
  VaraordførarErling Moe (V)
Innbyggjarnamntrondheimar, trondhjemmar
Preposisjoni Trondheim
Kart
Trondheim
63°26′N10°24′E /63.44°N 10.4°E /63.44; 10.4
Wikimedia Commons:Trondheim
Nettstad:www.trondheim.kommune.no

Trondheim (sørsamisk Tråante[1]), historisk kjend somNidaros, er ein by og administrasjonssenteret iTrondheim kommune iTrøndelag fylke. Byen ligg kring munningen avNidelva og er den tredje største byen iNoreg med 214 565 inbyggjarar (per 1. januar 2024).[2]

Byen vart ifølgje sagaforteljingar grunnlagd avOlav Tryggvason i år 997, og var hovudstad i Noreg mellom 997 og 1217. I 1997 feira byen tusenårsjubileum.

Trondheim er sete for fylkesordføraren i Trøndelag fylke og er eit etablert regionsenter forTrøndelag. På Tyholt ligg distriktskontora tilNRK. Byen har det nest største universitetet i Noreg;Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og fleire vidaregåande skular. I Trondheim liggNidarosdomen,Kristiansten festning,St. Olavs hospital ogRockheim.Gråkallbanen i byen er den einaste noverande trikkelina i Noreg utanforOslo ogBergen.

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Kaupang er eit gamalt namn på byen, menNidaros er nok betre kjent. Nidaros viser til at byen låg ved oset eller utløpet til Nidelva. I mellomalderen nytta ein både Nidaros og Trondheimen om staden. Under det danske styret vart ei fordanska kortform av namnet, Trondhjem, teken i bruk. Det norrøne namnet Nidaros vart gjeve tilbake til byen 1. januar 1930, då han skifte namn frå Trondhjem. Etter ein bitter namnestrid vart han døypt om tilTrondheim året etter. Mange innbyggjarar kallar han likevel framleis Trondhjem eller Trånnhjæm med lokal uttale.[3]

Byen har namn på fleire anerkjende minoritetsspråk i Noreg. På det lokalesamiske språketsørsamisk blir byen kallaTråante, pånordsamiskTroandin,[4] og påkvenskTronjami.[5]

Byen har òg ein særleg, men utdatert, skrivemåte påtysk:Drontheim.[3]

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Trondheim
Nidarosdomen
Kaptein Bloms kart over Trondhjem (1830)

Tradisjonen seier atOlav Tryggvason grunnla byen i 997, men det er mykje som tyder på at det då allereie var ein tettstad på staden. Bygginga avNidarosdomen tok til i 1070, over grava tilHeilag-Olav, og kyrkja stod ferdig om lag 1320. Byen var hovudstad i Noreg mellom 1030 og 1217.

Trondheim har hatt fleire storebybrannar, den mest kjende erHornemansbrannen den 19. april 1681. Etter denne brannen komJohan Caspar von Cicignon fråLuxembourg for å laga ein ny plan for byen. Han braut heilt med den gamle bystrukturen frå mellomalderen og dreiv igjennom vide, rette gater for å hindra fleire slike storbrannar. Denne planen pregar framleis bybiletet. Diverre var ikkje dette nok, husa var framleis av tre og tok like lett fyr. Ein ny brann i 1708 øydela heile sentrum i byen. Etter to storbrannar i 1841 og 1842 innførte bystyret murtvang, det vil seie at bygningane vart bygde i mur heller enn tre, og det vart slutt på store bybrannar.

Opphavleg var Trondheim by området på byhalvøya, medan områda rundt høyrde tilStrindaherad. Han vart utvida fleire gonger og fekk grensa han no har i 1964, då kommunaneStrinda,Byneset,Leinstrand ogTiller blei slegne saman til den nye kommunen Trondheim.

Offentlege institusjonar

[endre |endre wikiteksten]

Trondheim er sete for biskopen i Nidaros og sidan 2011 òg for primas forDen norske Kyrkja. Viktige statlege institusjonar i Trondheim erDirektoratet for arbeidstilsynet,Miljødirektoratet ogDomstoladministrasjonen.

Trondheim er eit viktig skule- og utdanningssentrum. Byen har fleire vidaregåande skular med mange studieretningar. UnderNoregs teknisk- naturvitskapelege universitet (NTNU), som vart oppretta ved ei omorganisering avUniversitetet i Trondheim i 1996, høyrer dei tidlegare institusjonane: Den allmennvitenskapelige høgskolen,Norges tekniske høgskole,Det medisinske fakultet,Vitenskapsmuseet,Kunstakademiet i Trondheim ogTrøndelag musikkonservatorium. I Trondheim ligg ògNorges geologiske undersøkelse,Det kongelige norske videskabers selskab ogStatsarkivet i Trondheim, som utanom Trøndelag òg dekkjer Møre og Romsdal og Nordland. I Trondheim ligg universitetssjukehusetSt. Olavs Hospital, under det divisjon Psykisk helsevern med avdelingane Østmarka, Haukåsen og Brøset.[6]

Kultur

[endre |endre wikiteksten]

Adresseavisen, lokalt kallaAdressa, er den eldste dagsavisa i Noreg og kjem ut i Trondheim. På Tyholt held distriktskontoret for NRK Trøndelag til, og her er òg administrasjonen for rikskanalane P1 og P3 lokalisert. Kulturtilboda elles omfattar mellom anna Trondheim Symfoniorkester, Trondheimsolistene, Trøndelag Teater, Trondhjems kunstforening ogTrondheim kunstmuseum,Nordenfjeldske kunstindustrimuseum og Olavshallen (konserthus). Trondheim kino vart oppretta i 1918 og har to kinosenter; Nova med 11 salar og Prinsen med 8 salar. På Brattøra ligg Norges nasjonale opplevingssenter for pop og rock, Rockheim. Underolsok blir dei årlegeOlavsfestdagene arrangert.

Trondheim har omkring 25 museum, samlingar eller bygningar av museal karakter.[6]

Samferdsle

[endre |endre wikiteksten]

Trondheim er eit kommunikasjonsknutepunkt med gode samband til distrikta omkring og andre delar av landet.E 6 går i retning sør overDovre ogGudbrandsdalen, og gjev samband heilt tilOslo. E 6 fører nordover til Nord-Trøndelag og vidare til Nord-Noreg. I byen er det eit omfattande nett med bussruter. Den interne bussdrifta er driven av busselkapet AtB.

Jarnbana kom til Trondheim i 1864 da Størenbana vart opna. I dag førerRørosbana ogDovrebana sørover til Austlandet, ogNordlandsbana fører nordover tilBodø. Frå Nordlandsbana tekMeråkerbana av ved Hell i Stjørdal og går vidare til Sverige.

Trondheim hamn er ei viktig import- og eksporthamn, ogHurtigruta kjem innom både på nord- og sørgåande ferd.

Trondheim lufthamn, Værnes ligg 37 kilometer aust for bysenteret, iStjørdal kommune, og har tidgjengde avgangar til inn- og utland.

Verd å vitja

[endre |endre wikiteksten]

Kjende personar frå Trondheim

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Samisk namn på Røros og Trondheim»,Regjeringa.no (Kommunal- og distriktsdepartementet), 9. september 2022, henta 9. september 2022 
  2. SSB kommunefakta for Trondheim
  3. 12«Fakta om Trondheim». bysiden.no. Henta 17. juni 2013. 
  4. «Troandin».Wikipedia, friddja diehtosátnegirji (på nordsamisk). 3. oktober 2019. 
  5. «Kvenske stedsnavn»,www.kvenskestedsnavn.no, henta 25. august 2020 
  6. 12«Trondheim».Store norske leksikon. 2. august 2016. Henta 11. september 2016. 
  7. Hilmar Fredriksen.Store norske leksikon. Vitja 14. juli 2020

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Trondheim&oldid=3614465»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp