Tromme er eitperkusjonsinstrument som vanlegvis er bygd av eit sylindrisk røyr med ein membran trekt over ein eller begge endar. Ein kan få lyd ved å få membranen, eller trommeskinnet, til å vibrera. Trommr er eit av dei eldste og mest utbreiddemusikkinstrumenta, og fint i ei rekkje variantar innanfor ulike kulturar og musikktradisjonar.
Trommer vert laga i ei rekkje ulike storleikar og fasongar og frå fleire ulike materiale. Trommekroppen eller korpus er gjerne laga av tre, metall, keramikk, glasfiber eller plast. Skinnet kan vera av anten dyrehud eller syntetiske materiale. Dei fleste trommer har to membranar, der ein kan slå an begge eller berre den eine medan den andre verker som resonansmembran. Trommer der ein slår an begge skinna blir kallatofellstrommer. Dei fleste trommer kanstemmast, anten ved hjelp av mekaniske innretningar for å strame membranen (stemmeskruer, tauverk) eller ved hjelp av til dømes varme. Ein del tofellstrommer kan ha ulikt stemte trommeskinn.