Trier[a] er ein by iTyskland idelstatenRheinland-Pfalz med om lag 110 000 innbyggjarar. Byen ligg ved breidda av elvaMosel og er den eldste i Tyskland, grunnlagd i eller før 16 fvt.[1] Trier er ikkje den einaste byen som hevdar å vere den eldste i Tyskland, men Trier er den av desse som har lengst historie somby, og ikkje berre som busetnad eller militærleir.
Dei nærmaste storbyane i Tyskland erSaarbrücken, om lag 80 km mot søraust, ogKoblenz, om lag 100 km nordaust. Endå nærare ligg hovudstaden iLuxembourg, 50 km sørvest.
I Trier liggUniversität Trier frå mellomalderen, regionalforvaltinga, og eit katolsk bispedøme.
Trier ligg iMoseldalen, der størstedelen av byen ligg på høgresida av elva. Bakkar kledde med skog og vinranker strekkjer seg opp tilHunsrückplatået i sør og tilEifel i nord. Grensa tilLuxembourg ligg berre 15 km borte.
Romarriket erobra stammaTreveri i det1. hundreåret fvt. og opprettaAugusta Treverorum («ByenAugustus i landet til Treveri») i år 30 fvt. Byen vart seinare hovudstad i den romerske provinsenGallia Belgica, i tillegg til i det romerske prefekturet Gallia.Porta Nigra vart bygd av romarane i byen. Trier var residens for denvestromerske keisaren og fødestad for St.Ambrose.
Frankarane okkuperte Trier i år 459. I 870 vart han ein del avAustfrankarriket, som utvikla seg tilDet tysk-romerske riket. Levningar avSt. Mattias vart visstnok ført til byen, noko som førte til at mange pilegrimar kom til byen. Biskopane i byen vart etter kvart svært mektige, ogerkebiskopdømet Trier vart eit av kurfyrstedøma i riket, og ein av dei mektigaste statane i Tyskland.Universität Trier vart grunnlagd i 1473.
På 1600-talet flytta erkebiskopen og kurfyrsten av Trier tilPhilippsburg Slott iEhrenbreitstein nærKoblenz. Ein sesjon avReichstag vart halde i Trier i 1512, der demarkasjonslinja tilReichkreis endeleg vart fastsett.
Som ein del av den prøyssiske provinsenRheinprovinz utvikla Trier seg økonomisk på 1800-talet. Byen var opphav tilMarsrevolusjonen i 1848, men opprørarane vart raskt slått ned. Han vart ein del avDet tyske keisarriket i 1871.
Dei allierte gjekk kraftig til åtak på Trier i 1944 underden andre verdskrigen og han vart kraftig bombardert. Byen vart ein del av den nye delstatenRheinland-Pfalz etter krigen. Universitetet, som vart lagd ned i 1797, vart opna igjen i 1970-åra, medandomkyrkja i Trier opna på ny i 1974. Trier feira offisielt sitt 2000-årsjubileum i 1984.