Stjernebiletet Triangelet slik det er for det nakne auga.
Dei kvite stjerneneBeta ogGamma Trianguli medtilsynelatande storleik på høvesvis 3,00 og 4,00, dannar grunnlinja i trekanten og den gulkviteAlfa Trianguli, med storleiksklasse 3,41, ligg i toppen.Iota Trianguli er ei kjend dobbeltstjerne, og ein kjenner til tre stjernesystem medplanetar. Stjernebiletet har fleire galaksar, og den mest lyssterke og nærmaste av desse erTriangelgalaksen eller Messier 33 — eit medlem avDen lokale gruppa. Den førstekvasaren som vart observart,3C 48, ligg òg i Triangelet.