Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tretjakovgalleriet

Koordinatar:55°44′29″N37°37′13″E / 55.74139°N 37.62028°E /55.74139; 37.62028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tretjakovgalleriet

StadCentral Administrative Okrug,Yakimanka District,Moskva,Russland
Skipa1856
Kart
Tretjakovgalleriet
55°44′29″N37°37′15″E / 55.741389°N 37.620864°E /55.741389; 37.620864
Samtidskunst-galleriet på Krymskij Val

Det statlege Tretjakovgalleriet (russisk Государственная Третьяковская Галерея (ГТГ),Gosudarstvennaja Tretjakovskaja Galereja (GTG)) er eitkunstgalleri iMoskva iRussland. Med nærare 140 000 verk er det ved sidan avEremitasjen iSt. Petersburg verdas største samling avrussisk kunst.

Galleriet si historie tek til i 1856 då den moskovittiske handelsmannen og industrimagnatenPavel Tretjakov byrja å kjøpe verk av samtidas russiske kunstnarar, med formål å opprette ei samling som seinare kunne vekse til eitmuseum for nasjonal kunst. I 1892 skjenka Tretjakov si allereie då berømte samling til den russiske nasjonen.

Fasaden på galleribygninga vart teikna av målarenViktor Vasnjetsov i ein særeigen russiskeventyrstil. Galleriet vart bygt i 1902-04 sør forKreml. I løpet av 1900-talet ekspanderte galleriet til fleire nærliggjande bygningar, mellom anna til Nikolaikyrkja i Tolmatsji frå 1600-talet.

Samlingane omfattar over 130 000 gjenstandar, alt fråTheotokos av Vladimir ogAndrej RubljovsDen heilage treeininga til den monumentaleKomposisjon VII avVasilij Kandinskij ogSvart firkant avKasimir Malevitsj.

I 1985 vart Tretjakovgalleriet slått saman med eit galleri for samtidskunst, som heldt til i ein stor, moderne bygning like sør forKrimbrua. Denne greina av museet inneheld ei samling skulpturar innansosialistisk realisme, til dømes høgdepunkt somJevgenij Vutsjetitsj sin ikoniske statue av «Jarn-Feliks» (som vart flytta fråLubjankaplassen i 1991), skulpturen «Smi!» som framstiller ein naken arbeidar som smir eit sverd, og «Unge Russland»-monumentet. Like ved står ogsåZurab Tsereteli sin 86 meter høge statue avPeter den store, ein av verdas høgaste statuar.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

55°44′29″N37°37′13″E / 55.74139°N 37.62028°E /55.74139; 37.62028

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tretjakovgalleriet&oldid=3493420»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp