| «Trenulețul» Song avZdob și Zdub ogFrații Advahov | ||
| Land | Moldova | |
| Språk | Rumensk ogengelsk | |
| Utgjeve | 10. desember2021 | |
| Sjanger | Folk[1] | |
| Lengd | 03:00 | |
| Selskap | MediaPro Music | |
| Låtskrivar(ar) | Zdob și Zdub,Frații Advahov | |
|---|---|---|
«Trenulețul» (rumensk uttale [trenuˈletsul], norsk omsetjing 'det litle toget') er ein song med det moldovske folk-punkbandetZdob și Zdub og folkemusikk-duoenFrații Advahov. Songen vardet moldovske bidraget tilEurovision Song Contest 2022, der han enda på ein sjuandeplass.
«Trenulețul» – det litle toget – handlar om ein energisk og glad togtur mellom hovudstadane iMoldova ogRomania:Chișinău ogBucurești. Ifølgje bandet kom musikkvideoen til songen ut same dag som attopninga av togruta mellom dei to byane.[2]
«Trenulețul» var det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2022, etter at den moldovske ålmennkringkastarenTeleradio-Moldova valde låten gjennom ei tv-sendt auditionrunde 29. januar 2022.[3][4] Uttakinga vart halden i TRM Studio 2 i Chișinău, og ein ekspertjury kåra «Trenulețul» til vinnar. Blant kriteria juryen dømte etter, var stemmekvalitet og styrken i musikkomposisjonen.[5] Juryen bestod avGeta Burlacu (songar,representerte Moldova i 2008), Vali Boghean (songar og låtskrivar),Cristina Scarlat (songar,representerte Moldova i 2014), Victoria Cușnir (journalist) ogAliona Moon (songar,representerte Moldova i 2013).[6]
Den66. utgåva avEurovision Song Contest vart arrangert iTorino IItalia, og bestod av to semifinalar 10. og 12. mai, i tillegg til finalen laurdag 14. mai 2022. Moldova var trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai.[7] Der kvalifiserte dei seg til finalen, der dei enda på ein sjuandeplass. Låten vart nummer to i telefonavrøystinga.[8]
| Liste (2022) | Høgaste plassering |
|---|---|
| 21 | |
| 14 | |
| 8 | |
| 9 | |
| 48 |