Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Trelleborg

Koordinatar:55°22′00″N13°10′00″E / 55.36667°N 13.16667°E /55.36667; 13.16667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°22′00″N13°10′00″E / 55.36667°N 13.16667°E /55.36667; 13.16667

Trelleborg
by
Land Sverige
Areal1 695 km²
Folketal 31 366(31. desember 2023)
Kart
Trelleborg
55°22′20″N13°10′52″E / 55.372346268872°N 13.181197587195°E /55.372346268872; 13.181197587195
Wikimedia Commons: Trelleborg

Trelleborg er einsvenskby ogcentralort iTrelleborgs kommun iSkåne län i landskapetSkåne. I 2005 hadde byen 25 643 innbyggjarar.

Trelleborg er den sørlegaste byen i Sverige. Han fekk kjøpstadsrettar i 1257, men Trelleborg var busett alt på 700-talet. I dag er Trelleborg ein vakker industriby ved sjøen. Den viktigaste industrien er gummi (Trelleborg AB), men Trelleborg blir sett på kartet på grunn av den store hamna i byen (Trelleborg Hamn AB). Her går det båtsamband med Scandlines, TT-Line og Unity Line tilSassnitz,Rostock,Travemünde ogSwinoujscie. Andre store føretak i Trelleborg er Dux og Akzo Nobel Inks (FlintGroup).

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Trelleborga i Trelleborg

Trelleborg er nemnd for første gong i 1257, men var busett alt på 700-talet. Namnet Trelleborg kjem frå eitrelleborg som er frå vikingtida. Borga blei oppdaga på 1980-talet, og blei restaurert på 1990-talet. Området er vidare bygd ut med eitamfiteater i 2005.[1]

Den første kyrkja i Trelleborg,St Nicolai kyrka, blei påbyrja på 1200-talet og er teikna av arkitektenHelgo Zettervall. Det blei òg bygd eit stortfransiskanarkloster i 1247 eller 1267, men det er berre små delar av grunnmuren som framleis står påGamla torg.

Trelleborg blei med på flyttelasset då den danske prinsessa Sophia gifta seg med den svenske kongenValdemar Birgersson. Trelleborgarane byrja då å betale skatt til Sophia og Valdemar.

Galleri

[endre |endre wikiteksten]
  • Klosterruinens park
    Klosterruinens park
  • Trelleborgs jernbanestasjon
    Trelleborgs jernbanestasjon

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Näslund, Lena; Näslund, Bo:Trelleborg 750 år - Del 2, Trelleborgs kommun, 2007, s. 86-87.ISBN 91-974257-4-5. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Trelleborg&oldid=3567807»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp