Einskog er ei større gruppe tre innanfor same geografiske omgråde
Tre er høgreiste plantar med hardstamme medgreinar. Veden består av langstrekte celler bygd opp avcellulose som er kitta saman medlignin. Hjå mange tre inneheldt veden òg kvae for å beskytta motsopp oginsektangrep. Tre kan brukast som tilhaldsstad for ei rekkje dyr. Felte tre eller tredelar kan òg brukast somtrevirke.
Snitt gjennom ei trestamme.
Tre er større ennbuskar, men det er ikkje definert nokon klar grense mellom desse. Somme treslag finst i begge vekstformer, avhengig av tilhøva. Etter det svenske leksikonetNationalencyklopedin skal eit tre kunne nå ei minimumshøgd på fem meter.
Somme tre kan bli over 100 meter høge og stundom over 3-4000 år gamle. I Noreg ligg rekordane hjågran, som kan bli 50 m, ogeik, som kan bli 1000 år gamal. Vanlegvis døyr trea lenge før dei når slik høgd og alder, vanlegvis av soppangrep, insektangrep ellerstormfelling.