Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Trappistordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trappistordenen

Skipa1098
Nettstadhttp://www.ocso.org/
Trappistmunkar frå Sint-Sixtusabdij Westvleteren nærWestvleteren iBelgia.

Trappistordenen ellertrappistane (O.C.s.O.:Ordo Cisterciensis Strictioris Observantiae) er ein kontemplativkatolskreligiøs orden avmunkar ognonner som lever etterBenedikt-regelen.[1] Ordenen i den noverande forma si blei stifta avArmand Jean Le Bouthillier de Rancé i 1664,[2] og har namn etter hovudklosteretLa Trappe idepartementetOrne iNormandie.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Det tyske trappistklosteret Mariawald.

Cisterciensarklosteret La Trappe var frå1140 (eller1122) midtpunktet i abbedietNotre Dame de la Maison-Dieu. Munkane ved klosteret utmerkte seg fram til 1400-talet med ein fromheit og arbeidssamheit utanom det vanlege, men dei auka rikdommane skal ha ført til eit forfall som med tida var så stort at munkane blei kjende som «La Trappe-bandittane» på grunn av dei ville liva og valdshandlingane sine.

Slik var forholda, då «de Rancé» ca. 11 år gammal i 1637 blei utnemnd tilabbed for klosteret, av omsyn til inntektene. Etter enda novisiat i 1644 overtok han sjølv i året like etter abbediet, og gjennomførte ei gjennomgåande reform.

Ordensliv

[endre |endre wikiteksten]

Trappistane lever framleis etter dei klosterreglane, som Rancé utskreiv. Dette inneber at trappistmunkane forlèt denhalmfylte senga, og den vesle teppebiten dei dekkjer seg med, klokka 2 om morgonen. 11 timar i døgnet er avsette til religiøse betraktningar,bøn ogsong, og seks–sju til fysisk arbeid i klosteret, skogen eller på markene. Dei einaste avbrota er dei spartanske måltida som består av grovtbrød,grønsaker,frukt ogvatn. Klokka 19 omvinteren og klokka 20 omsommaren sluttar trappistmunkane dagen sin, der dei etter kveldsbøna arbeider nokre minutt med dei kommande graven sine i klostergarden. Trappistmunkane får ikkje snakka bortsett frå i samband med bøn og song, eller den vanlege helsinga i klosteret: «Memento mori» (‘hugs at du skal døy’). Ønske og behov må uttrykkjast ved ei form forteiknspråk. Vitskapleg og intellektuelt arbeid er forbode.

Ordensdrakta består av ei gråkvitullkappe med vide erme og ei breilêrreim om livet, der det heng einrosenkrans og einkniv somsymbol på bøn og arbeid. I tillegg kjem ei svart ullhette med to fotbreie svarte band, som på ryggen heng ned til knehøgd, ogtresko. Ut over dei eigentlege munkane, som er oppdelte i to klassar, husar trappistklostera også såkallafrères donnés, som berre oppheld seg der i ein avgrensa periode og då lever etter klosterreglane.

Varer til sals

[endre |endre wikiteksten]

Det 48 kapittelet i Benedikt-regelen seier «for då er dei i sanning munkar, om dei lever av handarbeidet sitt.»[3]

I samsvar med denne regelen produserer dei fleste trappist-kloster varer som igjen blir selde for å skaffa inntekter til klosteret. Varene kan variera frå ost, brød og andre matvarer til klede og kister. Sidan ordenen ikkje krev fråhald frå alkohol, produserer og sel nokre kloster alkoholhaldige drikker, som regeløl. Nokre kloster i Belgia og Nederland, som Orval og Westvleteren, bryggjer både øl til munkane og til sals for allmenta.Trappistøl er overgjæra og vil som regel bli betre etter lagring.[4] Dette ølslaget er blitt kjent, og blir rekna av mange ølentusiastar for å vera blant dei beste i verda.[4]

Trappistar i ulike land

[endre |endre wikiteksten]

Tautra Mariakloster er eit trappistisk nonnekloster påTautra i Trondheimsfjorden som blei skipa i 1999. Det driv med såpeproduksjon.[2]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Order of Cistercians of the Strict Observance: OCSO»,ocso.org, henta 9. juli 2024 
  2. 12«Trappistordenen» (19. mai 2023) iStore norske leksikon, snl.no.
  3. Rule of Benedict, Chapter 48Arkivert 3. januar 2007 påWayback Machine.. From the 1949 Edition. Translated by Rev. Boniface Verheyen, OSB of St. Benedict's Abbey, Atchison, Kansas.
  4. 12Michael Jackson's Beer Hunter - Chastity, poverty and a pint

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Trappistordenen
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Trappistordenen&oldid=3559103»
Kategori:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp