Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Trampoline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruk av trampoline
Trampolinehopp påRiddu Riđđu 2006

Trampoline (fråitaliensktrampoli, 'styltrar'[1][2]) er eitturn- ogleikeapparat. Det er bygd opp av røyr av galvanisert stål som ramme, og med ein duk festa til ramma ved hjelp av fjører.[3][4] Ved å hoppa oppå dette apparatet kan ein spretta opp i lufta ved hjelp av fjøringa, som strekker seg i det ein landar og trekk seg raskt saman igjen.[5]

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Den moderne trampolinen blei oppfunnen av amerikanaren George Nissen i 1936. Underandre verdskrigen blei trampolinane hans brukte til trening av pilotar for å auka evna deira til å orientera seg i lufta. Trampolinen ein kjenner i dag finst mykje takka vera Nissen.

Frå 1. januar 1999 blei trampolinesport ein del avDei olympiske leikane i både manns- og kvinneklassen. Trampolinesporten er, utanom ein barneaktivitet, også ei idrettsgrein innanforturn som har ein særs høg kvalitet. Trampoline i OL har så langt funne stad i Sydney (2000) og Beijing (2008).[6]

Trening

[endre |endre wikiteksten]

Trampolinebruk gjev god trening for heile kroppen, og styrkar spesielt ryggen, magen og beina. I tillegg gjev det godbalanse ogkoordinasjon. Etterkvart som ein blir betre, kan ein prøve på moment, og romkoordinasjonen vil forbetra seg mykje.

Moment

[endre |endre wikiteksten]

Eit moment på trampoline strekk seg frå eit heilt vanleg strekkhopp til enkle saltoar, enkle vendingar og kompliserte doble/triple/firedoblasaltoar både med og utan skru.

Dei vanlegaste momenta ein utfører på ein trampoline er:

  • Stå til sitja og opp m/u skru; Landinga skjer med hovudtrykk på kroppsdel
  • Stå til mage og opp m/u skru; Landinga skjer med hovudtrykk på kroppsdel
  • Stå til rygg og opp m/u skru; Landinga skjer med hovudtrykk på kroppsdel
  • Skru; vendingar med eller mot klokka langs vertikalaksen (bein til hovud), tal rotasjonar blir rekna til grader
  • Framlengs/baklengs salto; 360° rotasjon anten framover eller bakover om tverraksen (hofteside til hofteside)
Jenter som hoppar i organisert trampolineidrett, synkront

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «trampoline, n.».Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement ellermedlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  2. «trampoline» iNynorskordboka.
  3. Standard Underholdningstrampoline - Fakta, arkivert fråoriginalen 1. august 2009, henta 20. desember 2022 
  4. Om Trampolinen, arkivert fråoriginalen 12. april 2010, henta 20. desember 2022 
  5. Trampoline - Om spretten, arkivert fråoriginalen 14. mai 2009, henta 20. desember 2022 
  6. Olympic.org

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Trampoline
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Trampoline&oldid=3595672»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp