Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Totalssystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på korleis lågenaturlege tal
vert skrivne somdesimaltal og binærtal
Desimal-
tal
Sum av 2-potensarBinær-
tal
23{\displaystyle 2^{3}}22{\displaystyle 2^{2}}21{\displaystyle 2^{1}}20{\displaystyle 2^{0}}
100011
2001010
3001111
40100100
50101101
60110110
70111111
810001000
910011001
1010101010

Totalssystemet, også kalladet binære talsystemet (binær avlatinbinarius: dobbel, todelt) ellerdet dyadiske talsystemet, er eittalsystem som hartalet 2 somgrunntal, og berre dei tosifra0 og1 blir brukte. Dette talsystemet fungerer i prinsippet på same vis som eitdesimalt talsystem (titalsystemet) ved at det same sifferet har ulik verdi alt etter plasseringa av sifferet i eittal.

I hovudsak nyttar ein totalssystem i samband medelektronisk prosessjobbing idatamaskinar, og forenkla kan ein seie at sifferet 0 står forav og 1 står for når det gjeldelektronisk puls.

Sommåleeining på datamengde har ein innan datateknologien nytta detengelske omgrepetbit, som er ei samantrekking forbinary digit, altså binært siffer. Bits blir ofte grupperte ibyte som er lik 8 bits. Ein bit kan innehaldaéi einaste opplysning (0 eller 1); ein byte kan innehalda28=256{\displaystyle 2^{8}=256} ulike opplysningar. For å kunne ha til dømes 65 000fargar på ein dataskjerm, må fargeinformasjonen ha minstlog2(65000)=16{\displaystyle \log _{2}(65000)=16} bits. Datamengde i kabeloverføring eller radiooverføring reknast ofte i bits (evt.kbit,Mbit osb), medan datamengde på lagringsmedium (til dømesdiskett,CD,harddisk) ofte blir rekna i bytes (evt.MB,GB osb).

Koding

[endre |endre wikiteksten]

Positive binærtal

[endre |endre wikiteksten]

I desimaltalsystemet er sifferet lengst til høgre 1-plassen (100{\displaystyle 10^{0}}), det til venstre er 10-plassen (101{\displaystyle 10^{1}}), det neste til venstre er 100-plassen (102{\displaystyle 10^{2}}) osb. For binærtala er sifferet lengst til høgre 1-plassen (20{\displaystyle 2^{0}}), det til venstre er 2-plassen (21{\displaystyle 2^{1}}) og det neste til venstre er 4-plassen (22{\displaystyle 2^{2}}) osb.

Negative binærtal

[endre |endre wikiteksten]

Forteikn og talverdi

[endre |endre wikiteksten]

Toerkomplement

[endre |endre wikiteksten]

Ein vits

[endre |endre wikiteksten]

Det finst berre 10 typar menneske: Dei som forstår det binære talsystemet, og dei som ikkje gjer det.

Sjå også

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Totalssystemet&oldid=3060156»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp