Torshov | |||
stad | |||
Luftfoto av Torshov, Sandaker og Grefsen i 2018. | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Torshov 59°56′01″N10°45′51″E / 59.933730555556°N 10.764219444444°E /59.933730555556; 10.764219444444 | |||
Wikimedia Commons: Torshov |
Torshov er eit sokn og strøk nord forGrünerløkka med namn etterTorshov gard.[1][2]
Namnet «Torshov» er sett saman av det norrøne gudenamnetÞórr (Tor) og hov («heidensk gudshus» eller «høgd»). Det er dokumentert som i-stadi 1370 («i þossofuue»), men er i dag på-stad. Uhistoriske skrivemåtar somThorshoug og Torshaug kjem av at etterfestet-hov i uttala har falle saman med haug.[1][2]
Torshov har industriområde langsAkerselva og høyrer saman med industriutbygginga avSagene. Lengjer aust fanst tidlegare løkker og småhus, ein forstadsbusetnad innlemma i byen1878. Kommunen kjøpte 270daa (270 000m²) i 1916, og det blei oppført bustadskompleks i tida 1917–1925. Det ligg ein leigegardsbusetnad frå slutten av 1800-talet i vest. I sør og aust ligg bustadsblokker og høghus oppførte i seinare år på tomtene etter småhusbusetnaden frå 1800-talet.
Vogts gate fungerer som hovudgata til strøket. Gata er trafikkert avtrikkar mellom sentrum ogKjelsås. Langs Vogts gate ligg fleire kaffibarar, restaurantar og kafear.
Parkar i strøket erTorshovparken,Torshovdalen,Torshov kirkepark ogHaarklous plass.
Torshov offentlege skule blei oppført i 1878. Torshov blei skilt ut frå Sagene som eiga forsamling i 1930.Torshov kyrkje blei innvigd i 1958. Torshovstrøket er skildra iOskar Braaten sine forteljingar og skodespel.